Lokalhistorisk bok som er av allmenn interesse.
- Norsk tittel: Hemnesberget – En Norgeshistorie
- Forfatter: Svein Hammer
- Sjanger: Sakprosa, Historie
- Antall sider: 188
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Kolofon Forlag
Svein Hammer (Født 1967) er samfunnsforsker og forfattar. Han debuterte som forfatter i 2016 med boka «Fra evig vekst til grønn politikk». Sidan den gong har han utgitt fleire sakprosabøker, og i 2024 gav han ut «Hemnesberget – En Norgeshistorie».

Kirkested i 750 år. Brå folkevekst. Nordlands tredje største by. Tidlig del av det moderne Norge. Kvinner i politikken fra første mulighet. Et mylder av kafeer, forretninger og håndverkere. Mangfoldig, vital næringsklynge som utviklet seg til nasjonalt båtsentrum. En av Norgeshistoriens største branner. Krigsarena med gatekamper, bombing og ny katastrofebrann. Sterk dugnadskultur. Rike musikk- og festivaltradisjoner. Hemnesberget er i dag et lite tettsted, men landsbyens historie rommer mer enn nok særpreg til å fortjene en biografi. Boka vever lokale hendelser inn i den større Norgeshistorien, og gir dermed en alternativ fortelling om linjene som formet landet vårt.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Hemnesberget – En Norgeshistorie».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein historisk dokumentar om tettstaden Hemnesberget.
Me fylgjer utviklinga av staden frå rundt 1200-talet og fram til i dag. Hovedvekta er riktignok lagt på 1800 og 1900-talet, men ein får uansett eit innblikk i ein mulig opprinnelse av staden.
For mange, meg sjølv inkludert, så ser ikkje eg på Hemnesberget som verdens navle. Personleg har eg nesten kun høyrt om plassen gjennom NRK-serien «Du skal høre mye», der historieforteller Petter Rønning kom med den eine historia etter den andre, og gjerne frå Hemnesberget. Det var dermed med ein viss skepsis eg starta på denne boka, men eg skjønte raskt at dette var langt meir enn berre ein oppramsing av fakta.
Dette er ikkje eit oppslagsverk der alt er med. Forfatter har klokelig valgt å ta med det som han meiner er av allmen interesse, og la det bli med det. Dette fører til at ein får ei bok som er lesbar og interessant, og som samtidig favner om mykje.
Hammer skriv om det som skjer på Hemnesberget, men som også gjenspeiler det som skjer ellers i landet i gitte tidsepoker. På denne måten er det eit stykke Noregshistorie me får servert.
Den lokale historien kan ikke forstås fullt ut uten at vi løfter blikket og ser mot samfunnsutviklingen i Norge, ja, i hele den vestlige verden. La oss derfor ta oss tid til å betrakte det som skjer fra varierte kanter, slik at vi kan skape en helhetsfortelling, i rommet mellom små hendelser og store samfunnsendringer.
Boka må på ingen måte leses fra A til Å. Den er delt opp i kapitler og underkapitler, og ein kan enkelt hoppe att og fram i boka. Det er oversiktlig og enkelt oppsett med eit og anna bilete innimellom.
Det trekkes fram personer og hendingar som står sterkt i historien til staden. Her kan ein blant anna lese om storbrannen i 1923 og korleis staden vart hardt råka under andre verdskrig. Men det heile startar på 1200-talet, når det angivelig skal være bygget eit kyrkjebygg her, og dermed starten på eit etterkvart rikt folkeliv. Det skulle riktignok gå mange hundre år før det vart eit faktum, all den tid staden vart mest nytta til markedsplass og oppbevaringsplass for overvintring av båter og utstyr på byrjinga av 1800-talet. Men derfra og til dags dato, har tettstaden utvikla seg i positiv retning.
Det er udiskutabelt at Hemnesbergets befolkning erfarte krigen mer nært og direkte enn nordmenn flest. Området var strategisk viktig, på grunn av kommunikasjonslinjene som gikk via tettstedet, langs både sjø- og landeveien. I ukene før angrepet var det derfor satt opp en vaktstyrke på Hemnes.
Ein person som står sterkt i bygda er sogneprest Ivar Ancher Heltzen. Han jobba der i 28 år frå 1814, og var med på å utvikle staden, og særskilt skule og konfirmasjonstida. Hammer har valgt å framheve denne personen, og det med rette.
Hammer skriv blant anna litt om økonomi, grunnstruktur, arbeidsroller og modernisering. Han hever blikket og ser korleis lokale hendingar speiler utviklinga i Noreg og den vestlige verda generelt. Han skraper ofte berre på overflata, men samtidig er det nok til å skjønne at ting heng saman.
Båtbyggerkultur, treforedling og handel har vert eit viktig livsgrunnlag for Hemnesberget. Dette er behørig representert i boka, i lag med eit yrende kulturliv i dei seinare år.
Det er ikkje så mykje tall og oppramsing av faktainformasjon i denne boka. Her er det meir informasjon om utviklinga i bygda, grunnlag for folkevekst og lokale hendingar som har satt sine spor. Der gjer til at teksten flyt fint og lett, og det er lettere å legge ting på minnet for lesar.
Eg liker små grep som forfattar nyttar i boka. Som f.eks at han bruker ordet «vi» når han f.eks foregriper begivenhetens gang. Dette er med på å inkludere lesar, og han trekk dermed lesar rett inn i historia.
Endringspresset kom fra utsiden, og det fikk etter hvert konsekvenser. Vi var innom dette i kapittel 7, men la oss gjenta hovedpoengene.
Bak i boka er det ein fin oppsummering på korleis ståa er på tettstaden anno 2024. Ved å fylgje utviklinga særskilt gjennom 1800 – og 1900-talet, er det interessant å lese om kor Hemnesberget står den dag i dag.
«Hemnesberget – En Norgeshistorie» er ei bok som tar for seg dei viktigaste hendingane og utviklinga frå Hemnesberget. Samtidig er det også av allmenn interesse, all den tid forfatter nyttar ein generell ordlyd og ofte gjenspeiler utviklinga som foregår i Noreg. Eit solid stykke arbeid frå forfatter Svein Hammer.
TERNINGKAST: 5
En kommentar om “Hemnesberget – En Norgeshistorie av Svein Hammer”