Sånn er’n bare av Asbjørn Bakke

Særs velskrevet biografi om den folkekjære artisten Øystein Sunde.

  • Norsk tittel: Sånn er’n bare
  • Forfatter: Asbjørn Bakke
  • Sjanger: Biografi, Sakprosa
  • Antall sider: 465
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Manuskript Forlag

Asbjørn Bakke (Født 1961) er vaktsjef i Aftenposten. Han debuterte som forfattar i 2007 med sakprosaboka «Revolver. En skarpladd guide til rockhistorien». Han har også vert medforfatter til boka «Norsk rocks historie» som vart utgitt i 2009. Han har også utgitt biografiene «Erik Bye» (2017) og «Sånn er’n bare» (2024).

I mer enn 50 år har Øystein Sunde gledet det norske folk med halsbrekkende sangtekster og intrikat gitarspill i vanvittig tempo. Ingen har som han skapt så mange låter som folk kjenner seg igjen i. Vi ler av oss selv gjennom tekstene hans. Øystein Sunde bestemte seg tidlig for ikke å bli voksen, og leken har preget livet og karrieren hans. Men bak det tøysete og morsomme skjuler det seg en sjenert mann. Journalist og forfatter Asbjørn Bakke forteller historien om en av Norges mest populære artister.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Manuskript Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Sånn er’n bare».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein biografi om den folkekjære artisten Øystein Sunde.

Når ein les innhaldslista for boka, så legg ein merke til kapitteloverskriftene. Alle overskriftene er nemlig titler fra sanger og show som Sunde står bak. Eit fiffig valg som gjenspeiler teksten og samtidig viser kor velkomponert boka er.

Dei aller fleste som har levd ei stund har eit eller anna forhold til Øystein Sunde og sangene hans. Dette er ein person som aldri fulgte stien etter andre artister. Han valgte å gå rett av den oppmerka stien, og tråkka seg ein ny sjølv. Med hurtig gitarspeling og språk, med humor og glimt i auga, så vart han tidleg ein folkekjær artist som folk trykket til sitt bryst. Men sjølv om Sunde har vert i rampelyset i mange tiår, så har han vert mediesky og aldri stukket seg fram. Gjennom denne biografien får me eit unikt og detaljert innblikk i karrieren hans.

Det er mange detaljerte historier. Detaljer frå langt tilbake i tid som er henta frå Sundes egne notater og minne, og historier og fortellinger frå andre involverte. Me fylgjer Sunde frå han vart født 24. Januar 1947, og fram til dags dato, der han står som 77-åring og ser tilbake på ein lang karriere, som forøvrig langt i fra er over.

De trengte en gitarforsterker. En Vox AC30 var drømmen, men kostet 3500 kroner. Det var sjanseløst. Øysteins fetter Berge Bergesen tro til og bygde en stereo rørforsterker på 2 x 15 watt.

Me får servert historier og opplevelser frå den spede begynnelse, gjennombruddet, turnélivet, møter med andre artister, inspirasjonskjelder til sangtekster og me får også eit innblikk i hans privatliv og møtet med hans kjære Gudrun.

Ein finn mange sitater frå andre artister og involverte som han har møtt på sin veg. Desse er uthevet i teksten, og lyser opp sidene. Dette skaper ein fin kontrast til resten. Sangtekster som er gjengitt er skrevet i kursiv. Med andre ord oversiktlig og stilreint oppsett.

Gjennom denne boka vert me kjent med gutten, mannen og artisten Øystein Sunde. Ein beskjeden gutt som likevel hadde sterke meininger. Opp gjennom åra tok det av når det kjem til rampelys, men hovedpersonen sjølv har alltid vert sjenert og har forsøkt å holde seg i bakgrunnen. Det er fascinerende å få være med på denne reisa, og høyre Sundes tanker og meininger rundt det aller meste frå artistlivet.

Øystein skvatt såpass at viskelæret satte seg fast i halsen. Han ble høyrød, hostet og harket til det kom opp igjen. I skolegården etterpå skulle han forklare hvordan det kunne skje, og – vips! – så satt viskelæret der igjen. Medelever banket løs på ryggen hans, og etter en del styr løsnet det.

Det har ikkje alltid vert ein dans på roser. Me får ta del i ned- og oppturer, og boka viser ein humpete veg mot toppen. Frå debutkonserten på Bøler ungdomsklubb med bandet The Hitch-Hickers på byrjinga av 60-talet, solokonserter og til Gitarkameratene. Sunde har også vert innom andre band, som også blir behørig nevnt i boka.

Sunde har spelt saman med mange kjente artister, og følgelig kjem det historier og anekdoter om og frå andre. Dette gjer til at boka også er eit stykke noregshistorie gjennom musikken. Eg kan nevne navn som Hanne Krogh, Lillebjørn Nilsen, Ivar Medaas, Dizzie Tunes, Kari Svendsen, Jan Eggum, Lars Klevstrand, Finn Kalvik, Halvdan Sivertsen… Lista er lang, og det er ein fryd å lese om alle desse kjente og kjære artistene som har vert med å forme den norske musikktradisjonen opp gjennom åra.

Øystein er en suveren gitarist. Gitarteknikken vår er veldig forskjellig, men ingen av oss har behov for å stå og være flinkis. Du har ikke tid til det når du spiller for fulle hus sju forestillinger i uka.

Språket i boka er sensasjonell. Eg har lest ein god del biografier opp gjennom åra, men aldri har eg lest ein så velskrevet biografi. Det er noko i språket som fungerer som ein magnet på meg som leser. Boka er halvveis ein murstein av ei bok, men når den har eit slikt språk så har det overhodet ingenting å seie. Magisk. Rett og slett berre magisk.

Boka fylgjer stort sett ei slavisk tidslinje. Dette er eit godt og riktig val. Eg liker måten forfatter og hovedperson sjølv har gått i dybden, og kjem med detaljerte historier og anekdoter. Ein får tidleg ein tilhørighet til artistlivet, og når det i tillegg kjem historier som er bakgrunnsteppet for sangtekster, så er det ekstra artig å høyre sangene på nytt. Det gir nytt liv til sanger, og ein humrer over ordvalg når ein kjenner til forhistorien.

Øystein Sunde byr på seg sjølv i denne biografien, utan at han setter seg sjølv i førersetet. Det er ein sjenert hovedperson, men forfatter klarer likevel å kaste den glansen over ham som han fortjener.

Det er enkelte bilete med frå Sundes oppvekst og artistliv. Desse er samla to plasser i boka med gode undertekster. Bileta varierer mellom offentlege og private bilete. Det vekker utvilsomt gode minner frå ein som har levd ei stund.

Bak i boka finn ein blant anna diskografi frå ein innhaldsrik artistkarriere, og ein finn navneregister på personer som er nevnt i boka. Det er ingen tvil om at det har vert eit møysommelig arbeid å skrive denne biografien. Resultatet gjenspeiler dette ved å være reinspikka kvalitet frå fyrste til siste side.

«Sånn er’n bare» er ein artig, interessant og særs velskrevet biografi om vår folkekjære artist og moromann. Gjennom oppvekst, artistliv og turnéliv vert me kjent med Sunde på ein heilt ny måte. Asbjørn Bakke har skrevet ein magisk biografi som er hovedpersonen verdig.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar