Livet løper av Lea Madeleine Kristiansen

Ein velskrevet tekstsamling til ettertanke.

  • Norsk tittel: Livet løper
  • Forfatter: Lea Madeleine Kristiansen
  • Sjanger: Poesi, tekst, dikt
  • Antall sider: 107
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Lyrikkforlaget

Lea Madeleine Kristiansen (Født 1992) er utdanna i psykologifaget. Ho gav ut tekstsamlinga «Livet løper» i 2024.

Jeg la mobilen i lomma, løftet blikket og så meg omkring. Det var ikke så mye å se, rundt meg satt alle med nesa i hver sin skjerm. «Livet løper» er en tekstsamling som handler om tiden vi lever i og de ulike stedene vi er på livets vei.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Livet løper».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei bok som består av dikt og lyriske tekster om tida som løper fra oss.

Denne tekstsamlinga skiljer seg ikkje noko særleg ut frå andre tekstsamlinger, men bodskapet er gjenkjennbart for dei aller fleste. Ein tar seg i å nikke gjenkjennende til det Kristiansen skriv, og som gir rom for refleksjoner.

Kristiansen skriv blant anna om mobilbruk. Folk som både går og sit med hovudet vendt ned mot mobilen. Alt dei går glipp av ved å ikkje heve blikket og møte dagen med eit opent blikk. Ein går dermed glipp av dei små, men samtidig dyrebare hendingene i kvardagen.

Tenk om øynene
hadde fått med seg
like mye
av øyeblikket
som kameraet på mobilen

Oppsettet i boka er enkelt og stilreint. Enkelte overskrifter er det på nokre av tekstene, og dikta er plassert oppe til venstre på sidene, noko som igjen fører til ein del «glisne» sider der tekstene er korte.

Forfatter er stadig inne på dette med å oppretthalde fasade, å få fram kor «fint» ein har det, og sanke inn liker-klikk. Sosiale medier speler ein stor og viktig rolle i dagens samfunn, noko som også gjenspeiles i ein del av tekstene.

Det er mange kløktige observasjoner frå Kristiansen si side, som treff lesar og alt ho skriv gir meining. Ho har i tillegg eit godt ordforråd og språk. Her og der er det også djupe dikt og tanker, som kanskje må leses to og tre ganger for å skjønne bodskapet. Men det er bra at ho også utfordrer lesar til å tenke sjølv innimellom.

Noen mennesker kommer
inn i livet
som et friskt pust
og det eneste du
har lyst til
er å holde dem fast
og sørge for
at de aldri får løpe
fra deg på livets vei

Her finn ein korte og lange tekster som er både gjennomtenkte og velskrevne. Tematikken er noko dei aller fleste kan assosiere seg med, den treff deg og gir deg dårleg samvittighet. Samtidig er det ein tankevekker og ein augeopner.

Dette er livets opp og nedturer samlet mellom to permer. Saknet etter ein person som har satt sine spor, vennskap som smuldrer bort, men som «lever» i beste velgående på sosiale medier, og det med å kunne stoppe opp, heve blikket, puste ut og nyte dei små øyeblikka med dei rundt deg.

Eg likte måten tekstene er skrevet på. Det er som om forfatter snakker til deg, men samtidig er det allment. Her er det tekster og dikt som går hånd i hånd og overlapper kvarandre. Det er også eit viktig bodskap for alle aldrer. Tankeføringa, observasjonene og det språkmessige er imponerende av Kristiansen. Det er som om det er ei gammel sjel i ein ung kropp. Ungdommelig vinkling med ein erfaren forteljarstemme.

«Livet løper» er ei tekstsamling om livets opp og nedturer samlet mellom to permer. Med ein god og viktig tematikk og eit bodskap som ikkje er til å ta feil av, så treff ordene til Kristiansen godt. Ei bok som gjer inntrykk.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar