Til døden skil oss av Anders Totland

Jacob Juul er endelig tilbake. Dette er galskap satt i system.

  • Norsk tittel: Til døden skil oss
  • Forfatter: Anders Totland
  • Sjanger: Roman, Krim
  • Antall sider: 207
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Det Norske Samlaget

Anders Totland (Født 1986) debuterte som forfattar i 2015 med barneboka «Vampyrane i Eplehagen». Sidan har det vert utgivelser i fleire sjangrar. Han vart tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen «Engel i snøen» som vart utgitt i 2016. I 2022 gav han ut vaksenromanen «Til jord skal du bli», og kom ut med oppfylgjeren «Til døden skil oss» i 2024.

Det er ei veke til den nye presten i bygda, Maria, skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brurepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, Solveig Myklebust, som viser seg å vera ei handfull, men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at den eine brura, Gjertrud, er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne, og det hjelper ikkje at helsa til Jacob skrantar, men det mest prekære er likevel å få fjerna eit nakent og oljete lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyda barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, da.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Til døden skil oss».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein roman med enkelte krimelement, og er bok nr. 2 i serien om Jacob Juul. Det er ein frittstående oppfylgjer til boka «Til jord skal du bli», men det anbefales likevel å lese dei i kronologisk rekkefylgje. Boka er skrevet på nynorsk.

Jacob Juul er endelig tilbake. Det har gått to år sidan me møtte denne karakteren for fyrste gong, men no er han her. Det store spørsmålet er om både han og forfatter fortsatt er i toppform? Eg kan avsløre at karakteren ikkje holder den toppformen som han hadde i den fyrste boka, men det kjem hovedsaklig av at han har ei skrantende helse.

Der var det igjen. Eg kjende korleis det stramma seg i brystet, og skulle til å svara då ei hostebye pressa på. Eg tok opp eit lommetørkle frå buksa og snudde meg vekk til det var over. Rakk akkurat å sjå dei raude flekkane i det kvite tøyet før eg bretta det saman og la det tilbake i lomma.

Juul skal vere vertskap når den nye presten i bygda, Maria, skal gifte seg med si Gjertrud. Sjølv med ein helsetilstand som ikkje er på topp lenger, så gir han seg i kast med det på sin litt snodige måte. Midt oppi alle forberedelsene så dukker det plutseleg opp eit lik i presteboligen som han må ta hand om i all stillhet. Og som om ikkje det var nok, så kjem både barnevern og banditter etter ham når han treng det som minst. Velkommen til nok ein roman med fullstendig galskap frå Finnskogen.

Boka fortsetter på mange måter der forrige bok slutta. Forfatter kjem med ei fin lita enkel oppsummering for å få nye lesere up to date. Han nytter samme suksessoppskrift som forrige gong, og ein får dermed ei historie med mykje forviklinger og galskap.

Hadde han ikkje vore død, hadde han nok uansett stroke med av dei gjentatte slaga mot hovudet, der han sklei nedover branntrappa bak den gamle prestebustaden og klinka skallen mot kvart einaste trinn – kliss naken og dekt av babyolje.

Romanen er ei røverhistorie frå A til Å. Det er absurde scener og ein lek med sjangrer som spriker til alle kanter, ispedd med litt alvor og seriøsitet innimellom. Kanskje litt meir alvor enn forrige bok, men det viser også at bi-historien betyr noko spesielt for forfatter.

Totland introduserer oss for ein ny karakter som på mange måter får ein hovedrolle i boka. Me snakker om Maria si mor, Solveig Myklebust. Denne karakteren passer heilt utmerket inn i universet til forfatter. Ho er ei fargerik dame som er både høgt og lågt, og som snakker fra levera. Ho er til tider ei sånn typisk Tante Pose-karakter, for dei som har sett den filmen frå hine hårde dager. I tillegg har Totland klart å både behalde og videreutvikle personligheita til dei andre karakterene.

Eg liker måten forfatter har bygd opp sine karakterer på. Ta f.eks hovedkarakteren sjølv. Jacob Juul. Pensjonert prest som banner, drikker og til og med dreper… Likevel klarer altså Totland å få ham til å fremstå som den mest sympatiske og fromme personen ein kan tenke seg. Slike karakterer kan ein ikkje unngå å bli glad i, og ein får dermed eit positivt forhold til personene medan ein les.

Også i denne boka kretser ein god del av historia rundt barnevernet og Juul’s kamp for å behalda barnebarnet sitt på prestegården. Dette er ein fin motvekt til alt det andre som foregår. Her dempes tonen og galskapen ned, og ein får eit meir nyansert bilete på personlighetene. For det er ingen tvil om at Juul vil gjere alt i si makt for at Isabella Donnatina, eller Izzy som han kaller ho, skal bli værende og få ein trygg og god oppvekst i «rolege» omgivnader. Problemet er at det ikkje er så ofte det er heilt roleg, og barnevernsdama har ein tendens til å dukke opp når det står på som verst.

Det er humor og alvor. Det er hjertevarme og det er hjerterått, og med eit snev av forviklinger og galskap, så får ein ei leseverdig bok. Romanen er meget lettlest. Det er korte kapitler, fin framdrift, herlege karakterer og eit strålende univers. Karakterregisteret er relativt lite og det er oversiktelig og enkelt å fylgje personer.

Herrens vegar er kanskje uransakelege, men fysikkens lover kan me alltid stola på.

Dette er altså ein roman med krimelementer. Men det er ingen plott eller etterforskning med i bilete. Me får riktignok eit lite glimt av politi, men det er særs perifert og platonisk. I all hovedsak er dette ein roman som leker litt rundt med andre sjangrer, og som gjer det med stor suksess.

Så lenge lesar av boka er innforstått med å få ein artig og hyggeleg lesestund, der galskapen og røverhistoriene står i kø, framfor ei seriøs og truverdig historie, så er dette ei bok som ein rett og slett ikkje bør misse!

«Til døden skil oss» er galskap satt i system. Med sine herlige, fargerike karakterer, og sin fine lettbeinte humor i all enkelthet, får me servert nok ei sjarmbombe av ein roman frå forfattar Anders Totland.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar