Morgenstjerne av Øyvind Wingar Karlsen

Ein velskrevet romanpreget historie om Ole Høiland.

  • Norsk tittel: Morgenstjerne
  • Forfatter: Øyvind Wingar Karlsen
  • Sjanger: Krim, Roman, Fakta
  • Antall sider: 468
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Øyvind Wingar Karlsen

Øyvind Wingar Karlsen har utgitt krimromanen «Jordgjøkens dans» som E-bok. I 2024 gav han ut «Morgenstjerne», som er ein faksjonskrim med mestertjuven Ole Høiland i hovedrollen.

Jula 1840. 
Vekter Peder Olaisen sitter alene i ei koie, midt i Nordmarkas vintermørke.
Han er beordret ut fra hovedstaden, for å arrestere den rømte livstidsfangen Ole Høiland. Og de dype skogene skjuler en mystisk verden, fjern fra kirke og øvrighet. 
Mellom markaplassene går det gjetord om underjordiske og folk som forsvinner i natten. 
Men vekteren har vært ute en vinternatt før. Nesten hver og en av dem de siste førti år. Og vekterens tause lepper gjemmer flere av mørkets hemmeligheter…

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Morgenstjerne».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein romanpreget faksjonskrim, der fiksjon og fakta går hånd i hånd.

Hovedsaklig så fylgjer me vekter Peder Olaisen sin jakt på livstidsfangen Ole Høiland. Olaisen må tråkke rundt i Nordmarka og leite etter spor etter Høiland. Gjennom møter med folk så får han både interessante opplysninger og urovekkende hint om at det finnes underjordiske folk som gjer til at folk forsvinner i løpet av nettene. Plutselig er det ikkje berre mestertjuven han må holde augene opne for…

Historia foregår for det meste i perioden 1839-1840. Me får også bruddstykker frå oppvekstsår og kva som hender i årene etter. Det er dermed litt hopping att og fram i tidsperioder, men alt er behørlig merket i kapitteloverskriftene. Og det som kan virke som ein usammenhengende og oppstykket historie, smeltes strålende inn i «nåtid» etterkvart. Alt har ein meining, sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut ved fyrste augekast.

Ein skulle gjerne tru at forfatter ville skrevet i fortidsform når han får så langt tilbake som til 1800-talet med si historie. Men han klasker til med presensform, og det fungerer heilt utmerket. Ein kjenner på den følelsen av at ein er nærmere karakterene og hendingene når det skrives i presens som det gjøres her. Eit klokt val av Karlsen.

Mange har kanskje høyrt om Ole Høiland frå før av. Han var ein kar som var frykta i Noreg i desse åra som boka omhandler. Det er skrevet mykje om han, og det er også laga film om historia hans. Høiland er kanskje mest kjent for å ha rana Noregs Bank i 1835, og for alle dei vellykka rømningene frå diverse steder han satt inne, blant anna ved Akershus Festning. Han var blant anna på rømmen i 3 år, og det er her forfatter har valgt å skrive fritt rundt kva som kunne ha hendt, samt at han komplimenterer med fakta og det ein faktisk veit kva skjedde.

Ole Høiland er ein spennnede karakter i seg sjølv. Han var berykta, men samtidig ein folkehelt i enkelte miljøer. Eg synes at Karlsen klarer å male eit korrekt inntrykk av han, ut frå det hvertfall eg har lest og høyrt om han frå tidlegare. Men alt handler sjølvsagt ikkje om Høiland. Det er fleire personer rundt han, og vekter Peder Olaisen er ein velskrevet karakter som me vert godt kjent med undervegs. Olaisen er fjerdegenerasjons vekter, og har ein Morgenstjerne (langskafta slagvåpen) som har gått i arv som sitt beste forsvar. Han tråkker opp og ned gatene i Kristiania nattestid, før han etterkvart får i oppgåve å jakte ned Ole Høiland i Nordmarka, saman med ein bjørnejeger. Gjennom hans arbeidsvirksomhet får me også hans tanker og meininger kring det meste han opplever.

Det er fleire bi-historier som kanskje ikkje gir den største meining med ein gong, men som skal få stor innvirkning seinare i historia.

I denne tidsperioden så levde overtrua i beste velgående. Folk trudde på det underjordiske, tusser og troll. Dette er behørig representert i historia. Også den norrøne mytologien har fått sin plass, og speler ein viktig rolle.

Men hun vet de er der, for hun ser dem. Vetter og huldre med store rufsete hår og lange haler ut av rumpa. Trehodede troll store som åser, med ensomt lysende øyne i pannen og neser så lange som kosteskaft. Tusser som rasler rundt i lyngen, fnisende som rampunger. Og skrømt av alle daudinger hun har sett gå i graven. Underverdenen har sendt selveste åsgårdsreia for å bivåne nattens ferd.

Sjølv om dette er ein krimroman, så er det hovedfokus på romansjangeren. Det er mykje miljøskildringer og historia drives framover av dialoger og tråkking att og fram i Nordmarka.

Språket er solid. Det er mykje dialekt som er brukt i dialogene, men det er lettforståelig og enkelt. Når forfatter drar inn romanispråket, så kjem det mykje uforståelige ord for den vanlige person i gata. Dette har han løyst med fotnoter på sidene som forklarer ordene. Dette fungerer heilt greit, sjølv om kanskje akkurat dette partiet vert meir oppstykket for meg som leser.

Miljøskildringene er gode. Og det dei vera i denne type bok, all den tid det aller meste kretser rundt natur og miljø frå ei tid ingen av oss har vert til stades i. Fleire stader i boka måtte eg stoppe litt opp og lese dei på nytt. Ikkje på grunn av at eg ikkje forstod dei eller dei var dårlige, men måten dei var skrevet på, fekk fram eit malerisk lerret. Historiske skildringer er sjølvsagt med, og eg synes at Karlsen klarer å gjenskape følelsen av tidsperioden på ein imponerende måte.

Vår herre har snittet opp hodeputen og tømmer den ned over Kristianias nattsvarte kvartaler. Fnuggene danser ekstatisk i vinden, som feier opp fra Bjørvika, kaster seg opp over festningsbryggen og raser over Revierbryggen, før den gjør seg smal og smyger opp Dronningens gate.

Historisk korrekte personer, hendinger og stader er gjengitt i boka. Personer som f.eks plassmajor Christian Glad og presten Wilhelm Andreas Wexels er med, ranet av Noregs Bank er nevnt, og det er også fokus på særskilt rømningen som vart foretatt frå Akershus Festning. For å nevna nokre.

Det vart for min del ein del langdryge dialoger og litt vél mykje tråkking rundt i Nordmarka. Kanskje ville interessen vert høgare om ein hadde kjennskap til Nordmarka frå før av? Uansett, når boka er på 468 sider, og mesteparten er dialogbasert og innehar mykje miljøskildringer, så kan det bli dødperioder her og der.

Han har ikke besteget Skinnkattberget fra sørsiden denne gang, slik han og Heimdall gjorde i høst. Han staket seg frem over myrene på nordsiden av Hadelandshøgda og suste tvers over Bjørnputtens glatte selskapsduk, før beina har skrevet ut i brede fiskebein opp den slake nordvestsiden av berget.

Ein og anna uoversiktlig situasjon og scene følte eg det var. Det er ikkje alltid like enkelt å få dei bileta ein har i hovudet ned på papiret og ut til lesaren på ein lettfattelig måte. Men alt i alt så kjem Karlsen meget godt ut av det.

Bak i boka kjem forfatter med ein del opplysninger kring boka. Her er det blant anna eit navneregister over historiske personer som er nytta i boka, han har skrevet litt om språklige forutsetninger, og har med ei ordliste og kilderegister. Dette viser at det ligg ei nitidig arbeid bak denne romanbaserte krimboka. Faksjon er ein sjanger som krever mykje research for å få alt til å passe med den frittstående fortellinga ein sjølv kjem med. Her synes eg at Karlsen har gjort ein meget solid jobb med å blende inn fiksjon med fakta. Grensene for kva som er kva, er meir eller mindre usynlege, og fører til ein historie som ein kan tru på faktisk kan ha skjedd.

Etter å ha lest boka, så har eg fått eit nytt inntrykk av personen Ole Høiland. Noko av det er garantert fiksjon, men likevel så velger eg å tru at slik var han. Dette viser at forfatter har klart å lure seg inn under huda på leser. Det samme kan sies om Nordmarka. Etter alle turene gjennom boka, så føles det nesten som eg har vert der. Ein ting er hvertfall sikkert; gjennom denne boka er Ole Høiland tilbake på kartet att, og han blir dermed ikkje gløymt med det fyrste.

«Morgenstjerne» er ein romanpreget krim som setter sine spor hos leser. Gjennom dialoger og miljøskildringer får me eit særs godt inntrykk av karakterer og miljøet dei tråkker i. Øyvind Wingar Karlsen har me dette skrevet ein annleis, men samtidig leseverdig krim frå Nordmarka. Ein faksjon det står respekt av.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar