Svikere av Espen Skjerven

Bok nr. 4 i krimserien om Tom Grayston. Og hvilken bok!

  • Norsk tittel: Svikere
  • Forfatter: Espen Skjerven
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 325
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Forlagshuset i Vestfold

Espen Skjerven (Født 1974) er utdanna jurist og jobber som dommer i Sør-Rogaland tingrett. Han har tidlegare arbeida i Økokrim, Kripos og som forretningsadvokat. Han debuterte som forfattar med krimboka «Slakt» i 2019. I 2021 gav han ut «Blod er tykkere enn vann», «Kleptokratiet» i 2022, og «Svikere» vart utgitt i 2024.

Kripos-etterforsker Tom Grayston er blitt tilkalt til hjemlige trakter i Sandnes og Stavanger for å bistå i en sak der liket til en avdød næringslivsleder er blitt gravd opp og forsvunnet. Han var ingen hvemsom helst, men konsernsjef i et oljeselskap som var involvert i en korrupsjons- og miljøskandale. Tom og kollegaene står overfor en intens jakt på de skyldige, som ikke skyr noen midler i gjennomføringen av sin plan for å redde verden.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Svikere».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman og er bok nr. 4 i serien om Kripos-etterforsker Tom Grayston. Det anbefales å lese dei kronologisk.

Ein avdød næringslivsleder vert ei natt gravd opp og tatt med av nokre ukjente personer. Etter kvart dukker det opp likdeler rundt om i byen. Tom Grayston og hans team får meir enn nok å henge fingrene i når fleire lik dukker opp. Her er det personer som på død og liv skal fullføre det dei har iverksatt. Koste kva det koste vil.

Boka starter på eit makabert vis, og setter stemningen umiddelbart. Likevel er det ein krimroman med eit relativt roleg tempo, der etterforskinga er i fokus. Det skal også handle ein god del om ei barnevernssak som foregår i forhandlingsmøter på Tinghuset. Tingrettsdommer Eva Marstein får eit ublidt møte med foreldre som har eit mildt sagt lite godt inntrykk av både dommeren og barnevern. Dette er ein strålende bi-historie som etterkvart flettes inn i saken. Sidan forfattar sjølv er tingrettsdommer, så er han verkeleg i sitt ess her.

Synet var verre enn man kunne forestille seg på forhånd. Øynene var lukket. Ansiktet var oppsvulmet. Huden som ikke hadde falt av, var misfarget med grønnbrune flekker i ulike sjatteringer. Likskjorten var gjennomtrukket av kroppsvæske.

Eg likte måten Skjerven raskt oppsummerer karakterene og kva relasjoner dei har frå tidligere bøker. Dette gjer til at nye lesere kan hoppe rett inn i denne boka, sjølv om det sjølvsagt anbefales å få med seg alt frå starten av. Det er også nyttig for oss som har lest alle bøkene i serien. Litt oppfriskning skader aldri.

I barnevernssaken er det mykje krangling og drittkasting mellom foreldra. Karakterene her er strålende bygd opp, og ein kan formelig kjenne på den avmakten Marstein må føle på der ho sit og forsøker å forhandle mellom dei. Sjølv om det er krangling, så får leser eit godt innsyn i saken og kan dermed ta del (og part) i situasjonen.

Me fylgjer fleire personer parallelt og det er meget gode cliffhangere som gjer til at boka er vanskeleg å legga frå seg. Det er med andre ord ein drivende god historie i alle ledd, og sjølv om det ikkje alltid skjer like mykje her og der, så fenger karakterer og språk såpass at ein ikkje tenker over spenningsmoment. Det er ein bunnsolid historie og eit godt komponert plott.

Han grep rundt pistolen og gikk til inngangsdøren. Trakk i dørhåndtaket. Døren skled opp. Han gikk inn i yttergangen. Lyttet. Ingen lyder. En smal gang ledet til minst to rom på sidene. I enden var stuen.

Etterkvart som historia utspeler seg, så vert også innhaldet meir og meir makabert. Det oppstår ein intens politijakt med innpåslitne journalister på slep. Og nettopp kjemien mellom politi og media speler ein viktig rolle. Media virker å ha ein informant som forer dei med informasjon som politiet ikkje har gått ut med. Så er det dette med kildevern som gjer til at politiet ikkje får tilgang til kilda. Dette irriterer Grayston, og han tar eit aldri så lite oppgjer med denne journalisten. Dette er også på mange måter ein bi-historie som fungerer utmerket og som fades inn i historia og saken.

Det skal handle ein del om miljøsaker, forurensing, miljøorganisasjoner, aktivister og forkjempere. Skjerven skriv ei historie som er truverdig og engasjerende på alle plan. Miljøspørsmål er i vinden som aldri før, og det gjer den samfunnsaktuell, spennende og underholdende på samme tid.

Handlinga foregår hovedsaklig på Sør-Vestlandet. Sandnes og Stavanger er stadene som går igjen. Skildringene her frå er gode og lokalkjente kan enkelt gjenkjenne stader og plasser.

Forfatter involverer tidlig ei 13 år gamal jente i historia. Det skapes stort sett alltid følelser og engasjement når eit barn er invovlert, så her har Skjerven umiddelbart trykket på dei rette knappene frå start av. Det skal også handle om familiære anliggende og at ikkje alt er like fint som fasaden skulle tilsi.

Hovedkarakterene vert videreutviklet og det er tid til litt privatliv innimellom. Tom får kjenne på følelser han ikkje har tillatt seg sjølv på lenge, og det kan gå begge veger midt i ei tøff sak. Det er redelige og gode karakterer som er av den sympatiske typen.

Smerten stakk i ham. Han innså at dette faktisk skjedde på virkelig. Det var ikke bare et scenario han hadde fryktet i åresvis.

Skjerven klarer å klatre på stigen og tar ytterligere eit steg opp frå forrige bok på alle plan. Å sjå denne utviklinga er særs gledelig, og plutseleg er det ein kanskje relativt ukjent forfatter for mange som vert satt behørlig på krimkartet.

«Svikere» er ein velskrevet krimroman som innehar alle ingredienser for å lykkes på bokmarkedet. Språket, plottet og historia er av ypperste klasse. Nok ein strålende krimroman frå denne forfatteren. Wow!

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar