Elvedal kjem her med sin romandebut for vaksne; ein psykologisk thriller med eit bekmørkt innhald.
- Norsk tittel: Du kan kalle meg Jan
- Forfatter: Anne Elvedal
- Sjanger: Thriller, Psykologi
- Antall sider: 286
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Cappelen Damm
Anne Elvedal (Født 1973) er ein ettertraktet manusforfattar. Ho har skrevet manus til filmer og TV-serier som «Børning 2», «Elias og jakten på havets gull» og ikkje minst serien «Twin», som er solgt til 46 land. «Dødens spill» (2020) er hennes skjønnlitterære debut. Dette er den fyrste boka i ein grøssertrilogi for ungdom. I 2021 kom «Den sorte bruden», og i 2022 gav ho ut «Mørkets tjener» som er den siste boka i trilogien. I 2024 gav ho ut barneboka «Spøkelsesstasjonen», og ho kom også ut med si fyrste roman for vaksne i 2024, med boka «Du kan kalle meg Jan», som er ein psykologisk thriller.

Ingen kjenner egentlig 28 år gamle Ida Hansen. Ingen vet hvem hun egentlig er bak de falske kontaktlinsene og det falske lyse håret. Bak tvangsspisingen og tvangshandlingene. Den tjukke festningen hun har måtte gjemme seg bak i over tjue år på grunn av han. Utad er tjueåtteårige Ida en dedikert psykiatrisk sykepleier på en avdeling for nysyke unge voksne i Trondheim. Frem til den dagen en av hennes pasienter forsvinner like etter utskrivelse. Den attenårige jenta Fanny var innlagt på grunn av en nyoppstått psykose og forfølgelsesvanvidd – men var mannen hun innbilte seg fulgte etter henne reell? Kort tid etter forsvinningen finner Ida en helt spesiell gjenstand på Fannys rom. En gjenstand som knytter Fannys forsvinning til hennes egen fortrengte fortid. Til han. Som en gang stjal både henne og hukommelsen hennes. Ida innser at hun må finne de glemte minnene om han – skal de klare å finne Fanny. Hun får hjelp av en kollega som praktiserer hypnose, men hva skjuler seg egentlig i det store sorte hullet i hukommelsen hennes?
Denne boka er eit forhåndseksemplar frå Cappelen Damm. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Du kan kalle meg Jan».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein psykologisk thriller som foregår i Trondheim.
Ida Hansen jobber som psykiatrisk sjukepleier på Østmarka psykiatriske sjukehus. Her får ho ein tett kontakt med den 18 år gamle Fanny, som er innlagt med psykose og forfølgelsesvanvidd. Ho forsvinn kort tid etter at ho vart utskrevet, og når Ida sjekker opp i saken så finn ho spor frå hennar eiga mørke og brokete fortid. Er det ein samanheng mellom det som skjedde ho for over 20 år sida, og det at Fanny nå er forsvunnet? Ida må byrja å grave i si eiga fortrengte fortid. Ei fortid som er like bekmørk som det hukommelsen hennes er.
Jeg vet ikke hvem jeg er nå. Kanskje jeg bare er meg, Ida Hansen, en føkka datter av en føkka mor, et totalt føkka menneske med føkka tanker og føkka følelser og et føkka underliv.
Anne Elvedal har overbevist som forfatter med ein grøssertrilogi for ungdom, i tillegg til ei nyleg utgitt barnebok. No er det dei vaksne som står for tur. Og det er ingen hvilken som helst sjanger ho kaster seg ut i. Psykologisk thriller er kanskje den vanskeligste sjangeren å lykkes i, for her må ein verkeleg klare å skrive seg under huda på lesaren. Ein må kunne føle på sitring og ein må nesten kunne snu seg og sjå om det står nokon bak ein medan ein les. Det er ein beintøff sjanger, så det var med stor interesse eg gav meg i kast med denne.
Ida Hansen er hovedkarakteren og jeg-personen i boka. Denne karakteren er sær. Verkeleg sær. Ho er ein person med ein ustabil psykisk helse og har sære ritualer. Etterkvart som ein vert kjent med denne 28 år gamle sjukepleieren, så skjønner ein kvifor ho er som ho er. Og ein går frå å tolke ho som sjuk og sær, til ei dame med lidenskap og empati for sitt yrke og for dei folka ho blir glad i. Det psykologiske aspektet speler etterkvart ein fremtredende rolle når ho må grave i hukommelsen sin etter spor frå sin mørke barndom. Kva er sanning og kva er oppdikta og imaginære bilete?
Jeg plukker opp den lille, røde kompisen min fra bh-en: en sveitsisk militærkniv med trettitre funksjoner. Jeg drar ut pinsetten og napper ut håstrået ved roten. Så svelger jeg det ned med tre store slurker vann fra springen.
Det meste av handlinga kretser rundt livet på det psykiatriske sjukehuset og dei ansatte som jobber der. Alle med sine vaner og uvaner, med sine gode og mindre gode sider. Det ligg noko uforløst over heile sjukehuset, noko som murrer. Men samtidig er det kanskje ikkje der svaret ligg? Ein vert med andre ord stadig forvirra over kva retning historia tar. Den vingler med all sin prakt att og fram, og det skaper psykologiske spenningstopper som er av høg klasse.
Det er ein roman-preget start på boka, før Elvedal etterkvart peiler historia inn i dei mørke krokene som finnes blant menneskesinnets irrganger. Her kjem ho verkeleg inn på psykologi og tankerekker som kan skremme livskitten ut av nokon og einkvar, for når forfatter skrur opp temperaturen så kjem den gufne følelsen av at noko er alvorleg galt snikandes.
Jeg puster inn. Jeg puster ut. Jeg blunker. Jeg er våken. Jeg snur hodet tilbake mot hånda mi. Den rister. Jeg svetter, jeg er varm, jeg er kald. Er det min hånd? Puster inn. Puster ut.
Det er eit passelig stort personregister, der ein møter på alle samfunnslag. Ytterpunktene møtes i eit crescendo av følelser, handlinger og tanker. Ein møter på dysfunksjonelle familieforhold og karakterer, noko som underbygger det mørke i historia. Det er ein fryd å sjå korleis Elvedal klarer å bygge opp sine karakterer til å være i imøtekommende og hyggelige, men samtidig være så dysfunksjonelle at ein kan bli skremt av mindre.
Det er ein bekmørk historie. Det er på kanten til avgrunnens time. Det er paranoia, psykose og forfølgelsesvanvidd. Kva er reelt og kva er det ikkje? Kven er til å stole på og kven er det ikkje? Glemte minner dukker opp, men er det faktiske minner, eller er det fremprovoserte minner? Det er så mange opne spørsmål som lesar må ta standpunkt til undervegs, at boka får leser til sjølv å føle på fleire av desse følelsene.
Elvedal veit korleis ho skal ramme inn historiene sine og klarer å setja den rette stemninga for kvar situasjon. Det skaper særs gode visuelle (og skremmende) bilete, og det flyt strålende. Eg var spent på om ho klarte å videreføre språket frå ungdomsbøkene over til den vaksne delen, men eg hadde ikkje trengt å uroe meg. Språket er magisk, og få skriv like godt som Anne Elvedal.
Det er dødt ute i gatene. Bare trærne prater denne natta. De hvisker hemmelige koder som vinden blåser mellom dem. Sladrer de om ham? Han som står på det øverste trappetrinnet. Han har høye skuldre, hodet bøyd, over ei altfor stor sjokoladeplate.
Etterkvart som historia utspeler seg, og det blir mørkere og tyngre, så vert også handlinga meir innvikla. Ein må med andre ord ha tunga beint i munnen medan ein les, og det er slett ikkje sikkert ein klarer å fylgje med likevel. Det er forvirrende og forfatter leker med sinnet til leser. Ho skaper konflikter i hovudet med historia, og ein aner til slutt ikkje korleis det heile vil ende, og om ein vil få svar på alt ein lurer på.
«Du kan kalle meg Jan» er ein drivende god psykologisk thriller med eit hint av grøsserelement. Dette er ein vanskeleg sjanger å skrive i, og enda vanskeligere å debutere i. Anne Elvedal klarer dette med bravur, og viser sin enorme fleksibilitet i sitt språk. Av og til, ein sjelden gang, så må ein berre reise seg opp og gi stående applaus. Dette er eit av dei augneblinka.
TERNINGKAST: 5+