Ein spennende og velskrevet fortsettelse i serien om Mørkalven.
- Norsk tittel: Mørkalven – Kontroll
- Forfatter: Helen Kaldheim
- Sjanger: Manga, Barn og Unge
- Antall sider: 170
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Egmont Kids Media
Helen Kaldheim (Født 1995) er foredragsholder, cosplayer og mangateikner. Ho står bak den kritikerroste mangaserien Mørkalven. Fyrste bok, «Alene» kom ut i 2022, før ho har fulgt opp med «Trofeet» i 2023 og «Kontroll» i 2024.

Caim er den eneste mørkalven som finnes igjen i verden. Sammen med sin nye venn, Mariie er han på desperat leting etter Jokernasjonen, det eneste stedet han kan få være i fred. Underveis havner de i Hjerternasjonen, et sted der jenter oppdras til koner og mødre og ikke kan ha ansvarsfulle stillinger som politiker eller lege. Innbyggerne i Hjerter tror på den ubarmhjertige guden Ess, en gud som kan straffe folk ved å drepe dem. I Hjerter finnes også et bibliotek med et ulovlig, avlåst arkiv. Hvilke forbudte ting er det som befinner seg der?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Egmont Kids Media. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mørkalven – Kontroll».
I min bokblogg publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Dette gjer eg for å ikkje «henge ut» debutanter og mindre kjente forfattere som har bedt om ein bokanmeldelse. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein manga-serie, og er bok nr. 3 i serien om Mørkalven. Det anbefales sterkt å lese dei i kronologisk rekkefølge. Serien passer ypperlig til eldre born og ungdommer.
Caim er 18 år, og den siste mørkalven som finnes att i verda. Han er også den einaste som kan mørk magi. Caim må komme seg til Jokernasjonen, einaste plassen han kan få vera i fred. Saman med ein ven, så møter dei på utfordringer og nye bekjentskaper på godt og vondt.
Kaldheim har ein effektiv teiknestil med ansiktsuttrykk som hovedfokus. Teikningane er i kjent manga-stil, og det levnes dermed ingen tvil om kvar ho har funnet sin inspirasjon frå.
Det er ein god del tekst i denne boka. Mange lar teikningane tale for seg i denne type bøker, medan Kaldheim lar teksten styre handlinga, og viser heller følelser og mimikk gjennom teikningane. Det fungerer upåklagelig all den tid dei er så uttrykksfulle og forklarende på sin heilt spesielle måte.
Det er nødvendigvis ikkje eit mørkt univers, men likevel heng det eit dystert teppe over det heile. Det ser ein særskilt på karakterene. Det er få som virker glade eller tar på seg eit smil. Det er noko trykka og mørkt over dei som både fascinerer og skremmer.
Historia er velskrevet og viser progresjon i både historie og persontrekk. Dette er ingen selvfølge, men her synes eg at Kaldheim har gjort ein solid jobb. Forfatter er også dyktig til å komme med korte og oppklarende tilbakeblikk utan å stykke opp historia.
Det er persongalleri bak i boka. Dette burde vert flytta til starten. Fleire slit kanskje med å skilje personane frå kvarandre, eller slit med å huske kven som er kven. Å oppdage at det finnes eit persongalleri når ein er ferdig med boka, virker rett og slett bortkasta.
Fargene som er nytta er duse for å setta stemninga. Likevel er dei ei fargerik bok som skifter fargestil undervegs, slik at ein ikkje får den kjedelige einsforma fargen.
Med mykje tekst og mykje som skjer er det lett for at det blir uoversiktlig. Dette har Kaldheim løyst på ein fremragende måte. Ved å nytte seg av visuelle hjelpemidler som f.eks kun ha med eit hovud og tekst, så får ein både uttrykt kven som snakker og kva som vert sagt. Enkelt, men samtidig virkningsfullt.

Som leser så må ein vera påskrudd for å få med seg detaljer som gjer til at ein ikkje går glipp av handlinga. Hovedessensen står i teksten, medan detaljene ligg i teikningane. Korleis reagerer enkelte karakterer på det som vert gjort og sagt? Kva viser uttrykket? Det er mykje ein kan lese i eit ansiktsuttrykk og det synes eg at Kaldheim er dyktig til å reflektere.
Det er små, men artige nyanser i teikningane. Som f.eks når dei er i Hjertenasjonen, så finn ein hjerter plassert rundt om. Det har overhodet ingen innvirkning på historia, men det viser at det er ein forfatter som har auge for detaljer og som leiker seg i sitt eiga univers.
Det er ein god tematikk i boka, men likevel må lesar tenke sjølv. Kaldheim peiler deg inn på ein tanke, så er det opp til deg om du vil fundere på det, eller om du berre vil «gønne på» videre i boka. Dette er ein fin måte å komme med sitt bodskap, utan å nødvendigvis tre det nedover hovudet på folk.
Karakterene er vidt forskjellige, og det skaper ein fin dynamikk. Det fører også til små bi-historier her og der. Som f.eks Keith Ulv. Dette er ein trans-person som har blitt overført frå gutteskole til jenteskole. No må alle gå i skjørt, medan Keith nekter. Kva fylgjer vil dette få?
Som tidligere nevnt er det ein fin progresjon i historia. Som f.eks når det kjem nye bekjentskaper til med sine krefter, så auker magien i takt med historia. Det er viktig at dette samsvarer, og at det eine ikkje løper frå det andre. For å skape ein god oppleving for lesar, så må dette vere på plass, og det er det definitivt her.
Sjølv om hovedhandlinga handler om mørk magi og andre krefter, så finn ein tydelige spor av venskap, mobbing, avvisning, utenforskap, kjærleik og følelser. Mykje følelser. Noko som skaper ein fin balanse i serien, og som gjer den fleksibel både i framdrift og leserskare. Målgruppa utvider seg betraktelig når ein utvider horisonten slik Kaldheim har gjort.
«Mørkalven – Kontroll» er bok nr. 3 i ein fremragende god mangaserie. Kaldheim viser ein eminent teikneteknikk som er skrudd saman med ei god historie. Ved å nytte seg av gode tematikker som opptar folk, så vert lesar ekstra engasjert i historia. Glad i manga? Då bør du ikkje gå glipp av denne serien.
TERNINGKAST: 5