Der det er hjerterom, er det hønsefrikassé av Marit Gran Ilseng

Ein underhaldande og lettlest roman.

  • Norsk tittel: Der det er hjerterom, er det hønsefrikkasé
  • Forfatter: Marit Gran Ilseng
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 133
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Les Forlag

Marit Gran Ilseng debuterte som forfattar i 2006 med «Den hvite damen på loftet». Dette var fyrste bok i serien om «Stian og jeg». Sidan den gong er det kommet tre bøker til i denne serien. I 2024 hav ho ut sin fyrste skjønnlitterære roman for vaksne, nemlig «Der det er hjerterom, er det hønsefrikassé».

Skravlebøtta Bjørg er syttifem og bor på Bøler i Oslo. Hun og naboene, Randi og Turid, er barndomsvenninner. Bjørgs mål er å bli kjendis på høyde med Wenche Foss, og hun jobber stadig med å finne ut hvordan. Helt ut av det blå blir Bjørg dratt inn i en ungdomskonflikt som vekker minner fra barndommen. Hun bretter opp ermene og tar saken. Forsøkene på å få jyplingen Toby på rett kjøl er både vågale og uvanlige. Men Bjørgs hønsefrikassé skal vise seg å være god – på mer enn én måte.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Der det er hjerterom, er det hønsefrikkasé».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein roman der humor og alvor går hand i hand.

Bjørg bur på Bøler, og har sine gode barndomsvenninner som naboer. Ho er 75 år og forsøker å bli ein kjendis, setja sine spor etter seg når ho ein dag forlét denne verda. Men ho skal raskt få andre ting å tenke på når ein ungdomskonflikt foregår rett framfor augene hennes. Ho blandar seg inn, og gir seg ikkje før Toby er kommet på rett kjøl. Men ikkje utan kamp…

Bjørg er hovedkarakteren i romanen. Ho er ei 75 år gammel dame som snakker på inn og utpust. Ho er barnlaus og har kun seg sjølv å tenke på. Bjørg har heldigvis sine to venninner, Randi og Turid, som naboer. Saman bruker dei masse tid på å skravle i veg, og ein ser raskt at dei har vidt forskjellige personligheter og meininger. Bjørg er den barske av dei. Ho som går inn i konflikter med oppbretta ermer, ho som snakker høgast og ho trur hvertfall sjølv at ho til tider er tøffere enn toget. Men det skal vise seg etterkvart at også ho har sine begrensninger.

De hadde nøkler til hverandres hus. De leste jo aviser, og visste at det skjedde fæle ting med gamle folk. De orket ikke tanken at en av dem skulle ligge syk eller skadet bak en låst dør. Menn med finlandshetter fantes fremdeles, og nå hadde de både machete og pistol.

Hovedhandlinga kretser rundt Bjørg og venninnene, og Bjørg, Toby og Lykke. Lykke er ein ungdom som sit i rullestol og vert fysisk og psykisk mobba av bølla Toby. Sidan Bjørg er av den rettferdige sorten, så forsøker ho å få Toby inn på ein betre livssti. Men fyrst må ho bli kjent med ham, og forstå kvifor han er som han er. Parallelt med dette så forsøker Bjørg å verta ein kjendis med god hjelp av venninnene.

Dette er med andre ord ein morosam og lettlest roman der i grunn alt kan skje. Det er eit forfriskende språk som forfatter nytter, og det passer utmerket til ein karakter som er frittalende og i sin beste alder.

Hodet hennes kjentes som en fosskokende kjele nå, der grumsete pastavann var i ferd med å renne utover stekeplatene og laget et helvetes søl. Faen heller, tenkte Bjørg, akkurat idet den brune gummistrikken røk.

Eg liker måten forfatter knytter saman vennskap på tvers av alder. Det er hjertevarmt og samtidig litt vemodig å lesa. Det handler også om å sjå ein person bak eit tøft ytre. Forfatter tar oss med på ei reise inn i det følelsesmessige og det menneskelige aspektet, samtidig som ho held ein uformell tone. Dermed vert det både humor og latter, på tross av ein alvorlig tematikk.

Eg liker omslaget på boka. Her har forfatter gitt hovedkarakteren eit ansikt, og det gir også meg som lesar ein idé om at dette er ei ungdommelig gammel dame med sitt raude hår. Smilet er både lurt og litt fandenivoldsk, og ein kan ane kva for personlighetstrekk ho har. Tittelen er lang og merkverdig, men den dekker innhaldet på ein veldig fin måte.

Ilseng har fantasien i orden, for det oppstår ein god del artige og absurde situasjoner som ein berre må dra på smilebandet av. Boka har overskrifter som skildrer kva ein har i vente, utan å avsløre innhaldet. Kapitlene er relativt korte, og når språket er lett og ledig så er dette ei meget lettlest bok.

Plutselig skjøt vognen fart fremover igjen, og Bjørg kjente kaffesmaken stige i halsen. Like etter kom det bløtkokte egget og den ristede loffskiven. Hvor det tok veien, ante hun ikke.

Mange vil kanskje heve øyebrynet når dei leser hashtaggen #sædfuck på omslaget. Denne hashtaggen er faktisk frå det verkelege livet, og eit ord ein finn på Bølerbrua, og har blitt eit aldri så lite landemerke. Denne tagginga er også sentral i denne romanen, og er ein fin vinkling inn mot historia som skrider fram.

Det er ein historie som er fortalt rett fram, utan det heilt store dyptpløyende innhaldet. Det er med andre ord ein overfladisk forteljing som fungerer heilt utmerket til sitt formål; nemlig å underholde. Ein må derfor ta boken og historia for det den er.

Vår hovedkarakter er godt skildra i form av personlighet. Ho er hissig, men rettferdig. Tøff, men samtidig redd, og ho er både omsorgsfull og empatisk. Ho er óg «lederen» i venninnegjengen, den som våger. Dei andre karakterene i boka skrapar berre Ilseng på overflata på karaktertrekka, men gir oss eit godt nok bilete til å trekka eigne konklusjoner.

«Der det er hjerterom, er det hønsefrikassé» er ein lettlest og morosam roman med alvorleg tematikk. Ved å mikse humor og alvor med lattermilde situasjoner, så vert det ein avslappende og underhaldande lesestund. Eg krysser fingrene for fleire bøker om denne herlige venninnegjengen!

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar