Om veien ut av Hanne Marie Sørensen Berg

Ein roman om bruk av juss i arbeidslivet.

  • Norsk tittel: Om veien ut
  • Forfatter: Hanne Marie Sørensen Berg
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 286
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Calidris Forlag

Hanne Marie Sørensen Berg er utdanna jurist. Ho debuterte som forfattar med romanen «Om veien ut», som vart utgitt i 2024.

Om veien ut handler om bruk av juss i arbeidslivet og effekten av dette – for Bergliot, ansatt i kirken og klient, samt for Christina, advokat, spesialist i arbeidsrett og partner hos Filipstadadvokatene: Romanen gir innblikk i usannheter, nådeløse anklager, svik og i de moralske og menneskelige utfordringer som arbeidstaker og hennes advokat møter. Vi blir også kjent med den gjensidige tillit som oppstår i klientforholdet.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Om veien ut».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein roman som hovedsaklig omhandler juss i arbeidslivet.

Christina Ogelie Larsson er i slutten av 40-åra og er partner hos Filipstadsadvokatene. Her er ho advokat med arbeidsrett som sin spisskompetanse. Ho får ei tøff sak på bordet når Bergliot Bae dukker opp. Ho jobber i kyrkja, men grunna nevrologisk sjukdom har ho blitt sjukmeldt, og får oppsigelse frå arbeidsgiver med fleire årsaker som er lagt til grunn. Men er dei legitime eller er det berre grunnlause anklager?

Forfattar tar oss med inn i jussens verden, der me får eit innblikk i ein advokats kvardag, og at det alltid finnes to sider av samme sak. Men det handler også om mennesker. Personer som har det tøft, men som kjemper seg gjennom utfordringene dei møter på. Men alt har ein pris, og kor langt er ein villig til å gå for å vinne ei sak?

I tillegg til den pågående saken som Christina jobber med, får me også ta del i hennes privatliv og hennes samspel med sin sjef og sine kollegaer. Og det er ingen dans på roser. Det ligg eit forventningspress om å levere i kvar einaste sak, samtidig som ho har ein familie som også treng sitt. Balansegangen der har forfatter klart å male eit veldig fint bilete på.

Sørensen Berg forenkler ikkje alt ho skriv om. Til tider føles det som om det er ein forutsetning at ein kjenner gangen i juss i arbeidslivet. Det vert tørt og enkelte ting måtte eg lese fleire ganger for å forsøke å få tak i kva forfatter la til grunn for det ho skreiv.

Selv hadde jeg måtte lese meg opp på dette med tilsettingsråd. Det viste seg at dette eksisterte i staten, og at kirken videreførte ordningen i forbindelse med virksomhetsoverdragelsen. «Til beskyttelse av arbeidstakere», leste jeg ett sted. «Et ekstra vern mot oppsigelse fra arbeidsgiver» et annet.

Christina og Bergliot får etterkvart eit nært forhold til å være klient og advokat. Dette går utover andre saker, og det murres i korridorene i advokatfirmaet. Gjennom maleri og brev som Bergliot overleverer til Christina, så får me eit innblikk i hennes liv og leven og hennes kamp mot sin arbeidsgiver.

Når forfatter skriv om arbeidslivet, så vert språk og historie meir formelt, stivt og firkanta. Når forfatter går over på den private delen, så vart det meir laussluppent og ho beveger seg over på det meir medmenneskelige aspektet. For min del vart denne delen av romanen høgdepunktet.

Å skrive om ein jobb og ein tematikk som ein kjenner særs godt til sjølv, kan være ein utfordring. Det som er ein selvfølge for den som skriv, kan få lesar til å sitte der som eit spørsmålsteikn. Eg føler at forfatter kunne utbrodert litt meir her og der, men sånn generelt så treff ho bra med den linja ho har lagt seg på.

Dialogene sitter bra, og det føles stort sett realistisk. Mannen til Christina er frå sørlandet, så her kjem den inn sørlandsdialekt. Det fungerer heilt greit, og ein klarer fint å forstå samtalene.

Ein del gode skildringer er det, og særskilt når forfatter beveger seg inn på det medmenneskelige så synes eg Sørensen Berg skriv meget bra.

Så gråt hun. Store dråper bedekket og dryppet fra hvert løse hårstrå, fra pannen, fra øynene og neseroten. Hvis det overhodet eksisterte engler, gråt de nok med henne. Jeg visste ikke om dette var sorg over egen skjebne, bevegelse over møtets tema eller skrekk knyttet til alle dem som var til stede.

Det hender ting i livet til vår hovedkarakter som får lite etterfølger for vedkommende. Når slike traumatiske hendinger skjer, så skulle eg gjerne sett at det vart spunnet meir rundt dette, og at dette gjekk meir inn på karakteren enn det det faktisk gjer.

Det var ikkje alltid eg skjønte bodskapet eller tankegangen bak det som skjer til enhver tid, men det ligg heile tida noko i bunn som fører til at ein «må» lese videre. Og det er ein god forutsetning når ein skriv ein roman som har ein tematikk som kan forbindes som «tørt og kjedelig» for enkelte.

«Om veien ut» er noko så sjeldent som ein roman i arbeidsrett og juss rundt dette. Men det er også ein roman om å sjå klienten sin som det mennesket h•n er. Mange vil kjenne seg att i problemstillinga og måten ein møter arrogante personer på, så denne vil nok mange få stor glede av å lese.

TERNINGKAST: 4-

Legg igjen en kommentar