Nok ei strålende bok i denne kritikerroste serien.
- Norsk tittel: Ragnarok – Yggdrasil
- Forfatter: Odin Helgheim
- Sjanger: Teikneserie, Barn & Undom
- Antall sider: 137
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Egmont Kids Media Nordic AS
Odin Helgheim (Født 1996) er forfatter og illustratør. Han debuterte med «Ragnarok – Fenrisulven» i 2020, som er ein teikneserieroman, og fyrste bok i ein serie. I 2023 kom bok nr. 4 ut, nemlig «Ragnarok – Yggdrasil». Serien er oversatt til seks språk. I 2024 gav han ut «Odins udyr».

Ubbes liv henger i en tynn tråd, siden han drakk av Idunns magiske eliksir, en drikk kun guder kan tåle. Samtidig angriper Loke gudenes rike med full styrke – og han gjør det ikke alene!
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Egmont Kids Media. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Ragnarok – Yggdrasil».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein teikneserie i manga-stil, og er bok nr. 4 i serien Ragnarok. Målgruppa er fyrst og fremst 9-12 år, men denne passar alle aldrar som har interesse for det norrøne. Bøkene bør leses kronologisk.
Boka starter med ein rask intro til det som skjer i årene før Ragnarok. Historia kretser rundt Yggdrasil som er eit asketre som står midt i verda.
Ubbe møter Idunn, som på si side ikkje har hatt ein einaste gjest på over tusen år. Her må han hjelpe ho slik at broren hans skal få synet attende. Ubbe må derfor finne ein magisk runestein som er gjemt i sjølvaste Valhall. Idunn utruster dermed Ubbe med gudekrefter, noko som skal setja livet hans i fare.
Helgheim har to sett med fargestiler. Eit for det gode og eit for det onde. Dette gjer at det er visuelt enkelt å fylgje med på hvilken side dei ulike karakterene tilhøyrer.

Ein finn masse nærkamper, magi og magiske krefter. Dermed får ein ofte actionscener ikledd fargesprakende illustrasjoner som gjerne opptar ei side og to. Det er masse hat og sinne som skal ut, noko som også reflekteres i teiknestilen til forfattar.
Det er ein konsentrert handling som foregår i eit kort handlingsrom. Men det er likevel mykje som skjer, og dermed forsvinn tidsperspektivet i historia. Ingen tvil om at Helgheim skaper leserglede og kaster nytt liv over den norrøne mytologien. Desse bøkene er ein fin inngangsport til å få interesse for, og lære meir om dette emnet.
I illustrasjonene så er det lite bakgrunn og miljøskildringer. Det aller meste foregår close-up og i nærkamp-scener. Her er det lett å miste kontrollen og oversikta, men den fella har ikkje Helgheim gått i. Formidlingsevna er strålende, noko som også gjer at bøkene hans er så populære.
Historia er velskrevet og illustrasjonene intense og spennende. Boka innehar relativt lite tekst, og er eit fantastisk alternativ til alle unge der ute som ikkje er leseløver. Ein treng nemlig ikkje så masse tekst for å lage ein spennende, intens og mørk historie om norrøn og mytologiske gudekrefter, når ein har den «gudegaven» som forfatter har i å illustrere historia.
«Ragnarok – Yggdrasil» er nok ei strålende bok i Ragnarok-serien. Odin Helgheim treff noko hos dei unge med sine uttrykk og si historie. Norrøn mytologi forklart i japansk teiknestil.. Kan det bli betre?! Her er det berre å glede seg til neste bok i serien allereie.
TERNINGKAST: 5