Stolt – En antologi av forskjellige forfattere

Ein antologi for å feire mangfaldet av kjærleiken.

  • Norsk tittel: Stolt
  • Forfatter: 20 forskjellige bidragsytere
  • Sjanger: Roman, Poesi
  • Antall sider: 178
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: CreAlea Forlag

Stolt, en antologi med kjærlighet i fokus. Alle bør få elske den de vil og alle bør være stolte av den de er.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå CreAlea Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Stolt».

I min bokblogg publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Dette gjer eg for å ikkje «henge ut» debutanter og mindre kjente forfattere som har bedt om ein bokanmeldelse. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein antologi med fokus på kjærleik utan grenser. Boka innehar 20 forskjellige bidragsytere.

Ein antologi er ein tekstsamling og bok med litterære tekster frå forskjellige forfattere.

Kvart bidrag starter med ein kort intro av forfattar og ei liste over eventuelle tidligere utgivelser. Bidragene består hovedsaklig av korte historier/noveller og dikt og poesi.

Hovedtemaet handler om det å kunne få lov til å elske kven ein vil. Det handler om det å være skeiv, og deira møte med fordommer, bygdedyret og redselen for å stå fram som «annleis».

Han var en
av byens
skeive gutter

Alt han var
skyldig i
var å
elske en av
samme kjønn

Dømt av folket
uten mulighet
til å forsvare
seg

Bidragsyterne til denne boka er eit variert felt. Nokre er debutanter, medan andre har vert med i gamet i mange år. Aldersmessig er det også store svingninger, så boka speiler dermed heile aldersspekteret og ein får ein variert og interessant innfallsvinkel til den tematikken som er satt for boka.

Ein ser gjennom tekstene at fleire forfattere speler på dette med angsten for kva andre vil meine og seie. Det handler om å føle seg annerledes, føle seg utenfor det A4-livet som folk «forventer» av dei. Det å kome ut av skapet og vise sin legning er som å tråkke over ein altfor høg terskel for mange, og mange velger difor heller å lyge om sin legning, og dermed skjule den man egentlig er.

Hva vil vennene si når de får vite dette? Vil de godta henne selv om hun nå er det de betegner som annerledes?

Det er mange måter å få fram bodskapet sitt, noko som vises i denne antologien. Det varierer alt frå korte dikt til lang historie. Dette gjer boka til eit fascinerende skue. Det er til og med ein teikneserie med, som viser tematikken på ein flott måte. Mangfaldet skaper engasjement, og ein veit aldri kva neste bidrag kjem med.

Med så mange bidragsytere og eit så blanda felt, så varierer også innhaldet ein del. Samtidig treff boka eit bredt spekter av lesere, og i så måte ligg alt til rette for at boka er eit verdifullt bidrag til eit viktig tema som vil nå ut til mange. For dei får fram den såre tonen, dei små, men viktige øyeblikka og det treff rett i hjarterota.

De ba oss ikke om å dra, sa aldri med ord at vi ikke var ønsket der. Handlingene deres derimot skrek til oss at jeg hadde forelsket meg i feil kjønn.

Antologien er lettlest og tåler å bli lest fleire gonger, sidan ein stadig lar seg fascinere av dei store forskjellene tematikken er blitt løyst på. Ingen har lik skrivestil eller tankesett, og dermed er variasjonen deretter. Dette fører til ein berg – og dalbane-tur av ei lesestund, og gjer til at bodskapet bankes inn i den som les, bevisst og ubevisst.

«Stolt» er ein antologi med kjærleik som tema. Kjærleik til å elske kven ein vil, utan å måtte stå til rette for det og utan å måtte føle seg skamfull og uglesett av samfunnet. Det er mange gode og viktige bodskap som forfatterne kjem med, og med sine vidt forskjellige bidrag så er dette ei bok for ein kvar smak.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar