Bok nr. 2 om Kriposetterforsker Silje Johnsen.
- Norsk tittel: Før bjørnen er skutt
- Forfatter: Venke Astrid Gangstø
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 321
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Kolofon Forlag
Venke Astrid Gangstø (Født 1967) er utdanna lektor i norsk. Ho debuterte som forfattar med krimromanen «Bed & breakfast» i 2020, og gav så ut krimromanen «Før bjørnen er skutt» i 2021. «Tannhjulet» er hennes fyrste roman og vart utgitt i 2022.

Menneskerester blir funnet i en isbjørnmage på Svalbard, og ingen er savna. Kriposetterforsker Silje Johnsen blir sendt til Longyearbyen sammen med et lite team for å identifisere den avdøde, men det viser seg å være en vanskeligere oppgave enn antatt. Etterforskninga går raskt over til å bli ei drapsetterforskning. Flere mennesker forsvinner, og det dukker opp lik rundt omkring i isødet. Alt er ikke bare idyllisk på nydelige Svalbard der ulike konflikter ulmer under overflata.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Før bjørnen er skutt».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein krimroman og er bok nr. 2 i serien om etterforskeren Silje Johnsen. Boka kan fint leses frittstående.
Forfatter tar oss med til Svalbard og isbjørnens rike i denne boka. Ein isbjørn vert skutt i sjølvforsvar, og det viser seg at i magen på isbjørnen så finn ein menneskerester. Men kven er denne personen? Og kvifor er ingen meldt sakna? Etterforsker Silje Johnsen fra Kripos vert sendt oppover for å løyse saken. Men den utvikler seg til å verte meir omfattende enn det såg ut som ved fyrste augekast.
Gangstø skildrer eit ugjestmildt miljø med snø, vind og isbjørner. Men dei to Kriposetterforskerne Silje Johnsen og Erik Korgen får ein varm mottakelse og grei oppvartning under sitt opphald. Sysselmannen på Svalbard, Anna Heimen, vert også ein del av etterforskningsgruppa og legg til rette for at saka skal bli løyst raskt, slik at det ikkje vil gå ut over turisttilførselen til Svalbard.
Omgivelsene rundt Longyearbyen var storslåtte. Den mørkeblå Adventfjorden brøt i kontrast mot de hvite fjellene som skinte i sollyset på den andre siden. Dette panoramaet hadde Silje Johnsen våkna til i dag. Men Longyearbyen som lå på skyggesiden, var omringa av fjell, og selve buffeen til isbjørnen lå mellom disse fjellene.
Det vert ein del gjentakinger gjennom boka. Her kunne forfatter stolt litt meir på seg sjølv og eigne ord og ikkje vert så redd for om lesar faktisk har fått med seg det som står eller ikkje. For det vipper fort over til at leser føler h*n får inn enkelte hendingar og opplysninger med teskje.
Forfatter har med faktiske opplysninger og info om stader og hendingar frå Svalbard. Noko av det føles oppkonstruert og fell ikkje naturleg inn i teksten. Ein får då ein meir oppstykket handling og det er litt mot sin hensikt. Andre steder kjem det riktignok naturleg og dynamisk inn i teksten, men då har «skaden» allerede oppstått.
– Siden dere jo er interessert i lik, så er det også noen lik som ligger inne i gruvene i Ny-Ålesund. De har ligget der etter en forferdelig ulykke som skjedde tidlig på 1960-tallet. 21 mann døde, men det var umulig å hente ut alle siden det raste sammen, fortalte Anna.
Me fylgjer fleire parallelle historier som lyfter saken og gjev den eit betre omfang. Det er også nokre bi-historier som starter bra, men som ender like fort som dei oppstår. Eg skulle gjerne sett at me følgde desse karakterene enda lenger sidan dei har ein god historie å bidra med.
Hovedkarakteren er ein godt oppbygd karakter som forfatter virker å ha brukt god tid på å forme før ho satte i gang med å skrive bøkene. Som i den fyrste boka i denne serien, så sakner eg likevel meir frå privatlivet. Kven er personen Silje Johnsen. Me vert kun kjent med ho gjennom jobben. Eg krysser fingrene for at eg som lesar også får sjå den menneskelige sida av karakteren. Den private.
Plottet er bra. Det er mange aktuelle kandidater, men dei aller fleste vert sjekka ut av saken ein etter ein. Så er det jo slik at klisjéen om at det ligg noko uforløst der som etterforskerne ikkje klarer heilt å få tak i. Så også her. Er det likevel ein av dei som er sjekka ut av saken som er gjerningsperson? Eller er det ein heilt anna? Eg er ikkje så glad i den etterkvart oppbrukte klisjéen der ein tanke «glipper» når dei er på rett spor, men i denne krimromanen så kjem den faktisk til sin rett.
Tempoet er opp og ned. Det er relativt lange partier der lite skjer, derfor er det befriende når tempoet auker drastisk i neste augeblink. Men forfatter har rushet desse augneblinka og dei er etter min mening litt for raskt overstått. Når ein bygger opp eit spenningsmoment, så er det viktig å ta seg tid til å holde på spenninga lengst mogleg før ein roer det heile ned att.
Han tvang seg ned i det kalde vannet, og under båten så han henne. Det var allerede for sent. Hun måtte ha fått munnen full av vann med en gang. Skriket ble skrudd av i vannmassene. De livredde øynene stirra på noe han ikke kunne se.
Det er eit relativt stort personregister med. Her finn ein blant anna etterforskere, guider, forskere, turister, journalister, fotografer og fastboende. Mange er uvesentlige for historia, eller speler ein bi-rolle oppi det heile. Kanskje er det for å forvirre leser?
Samspelet mellom hovedkarakterene er bra. Silje slit med å ha ein irritert sjef hengende over seg på telefon, og ein og anna jobbkonflikt oppstår, men ikkje meir enn det må vere. Dialogene er gode og miljøskildringene er ugjestmilde og kalde, og ein føler på mørket og kulden som ligg som eit lokk over samfunnet. Kapitlene er relativt korte, men eg sakna ein og anna cliffhanger for å holde meir på spenninga.
«Før bjørnen er skutt» er ein krimroman med fokus på etterforskningsdelen. Med mange potensielle gjerningspersoner så held spenninga seg til siste slutt. Gjennom faktabaserte miljøskildringer får ein også ein peikepinn på livet på Svalbard.
TERNINGKAST: 3