Det lettar snart av Solveig Johanne Grønstøl

Ei diktsamling på nynorsk som utforskar relasjoner og kjensler.

  • Norsk tittel: Det lettar snart
  • Forfatter: Solveig Johanne Grønstøl
  • Sjanger: Dikt, Poesi
  • Antall sider: 101
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Kvild Forlag

Solveig Johanne Grønstøl (Født 1978) bur på Bømlo, i Vestland fylke. Ho debuterte som forfattar i 2015, med boka «Kvild». I 2021 gav ho ut «Når dagane ikkje finst», som er hennes fyrste diktsamling.

Dikta i Det lettar snart utforskar relasjonar og plukkar opp kjensler, stemningar og fargar i mellommenneskelege forhold og i natur og landskap, og set desse opp mot kvarandre og sidan av kvarandre.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Det lettar snart».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei diktsamling på nynorsk som tar for seg blant anna relasjoner, stemninger og farger.

Boka er delt inn i fem deler, og utover det så er det ingen overskrifter til diktene. Oppsettet er forøvrig stilreint og luftig.

Forfatter legg stadig vekk på dette med dei små augneblinka, og der ho minner oss på at desse er noko ein må ta vare på og verna rundt. Det er vare og gjennomtenkte ord Grønstøl leverer. Her finn ein ingen unødvendige ord som tar fokuset vekk frå bodskapet.

kom og set deg
under himmelen med meg
la verd vera verd
ei lita stund
no er det berre oss to her

Det er mange flotte og fargerike fotografier boka gjennom. Dei skaper ein stemning som passar til teksten, og består hovedsaklig av natur og blomster, og gjerne nærbilete.

Grønstøl nyttar ofte naturen i sine dikt og måler strålende metaforiske bilete gjennom dette. Ho nyttar for det meste fri-dikt og nokre dikt vart for meg svevende, der ein gjerne må analysere for å finne bodskapet.

tett skog treng kvart tre
for å bli ståande
vert nokon hogd ned fer dei
næraste i neste storm

dei rotveltar
i tærande einsemd

Her finn ein vemod og sakn og det er ein sorgfull, men likevel sterk tone, der Grønstøl speler på det medmenneskelige som setter mange følelser i sving.

Det veksles mellom direkte og meir indirekte dikt, og ein kan sjå eit stilskifte her og der. Dette heng nok også saman med tematikken i kapittelet, men likevel er det befriende når tonen forandrer seg undervegs.

Grønstøl bruker konsekvent små bokstaver, og nyttar generelt særs lite teiknsetting. Enkelte dikt er på berre nokre få ord, og dermed får ein gjerne ei tom side når teksten er plassert øverst til venstre. Eg har sett fleire har valgt å plassere kort tekst midt på sida med stort hell tidlegare, og det kunne også gjort til at teksten fekk eit større blikkfang og tyngde.

Havet og sjøen generelt står sterkt i diktene, og det er ingen problem å sjå at forfatter bur i ein kystkommune og har dette som inspirasjonskjelde.

eg kan ikkje lova deg at alt blir bra
men det eg kan lova, er at nokre dagar
når sola stig over tretoppane
og lufta er klår og himmelen blå
så glitrar det så fint i sjøen.

Det handler om venskap og tilhørighet og viktigheten av å bli sett. Det er gjerne ofte dei små tinga i kvardagen som kan bety mest for ein anna person. Og nettopp dette kan forandre mykje for ein person som slit. Aldri undervurder ordets makt og eit smil i ein mørk kvardag.

«Det lettar snart» er ein stillferdig og sorgfull diktsamling om relasjoner og stemninger, der forfatter nytter gode metaforiske skildringer frå naturen. Grønstøl viser nok ein gong sitt store ordforråd, og har ei særegen stemme som ein berre må oppleve gjennom hennes dikt.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar