Ein meget sterk og fabelaktig velskrevet diktsamling om overgrep.
- Norsk tittel: Å bære på din skam
- Forfatter: Bjørg Marie Akse Kenefe
- Sjanger: Poesi, Dikt
- Antall sider: 118
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Lyrikkforlaget
Bjørg Marie Akse Kenefe (Født 1993) er busatt i Bergen. Diktsamlinga «Å bære dine skam» som vart utgitt i 2023, er hennes fyrste diktsamling.

Igjen prøver skammen å ta livet hennes, skammen, som ikke er hennes. Gjennom gripende tekster rettes søkelyset mot en urettferdig verden hvor overgripere og voldsutøvere går fri, mens ofrene dømmes til livstid – fengslet i dødens korridor. Vi møter et barn i hennes dypeste fortvilelse og slår følge med henne inn i voksenlivet, hvor vi får se konsekvensene av kronisk traumatisering. I likhet med mange overlevere har hun båret andre menneskers skam i komplett taushet – inntil nå. Taushet er ikke gull. Taushet tar liv.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Å bære din skam».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei diktsamling som setter søkelyset på ofre for overgrep og vold, og deira kamp bak den ytre fasaden.
Forfatter vart utsatt for overgrep som barn. Ein haustdag i 2020 kom alt som kasta over ho att, og det førte etterkvart til denne viktige diktsamlinga. For mange er det terapi å skrive, men samtidig så rives gamle sår opp igjen, og ein blottlegg sjela si. Derfor står det stor respekt av det Bjørg Marie skildrer gjennom poesien, og det treff lesaren rett i hjarterota. Me fylgjer ho og hennes tanker som barn, ungdom og vaksen.
Boka består av heile 98 dikt. Lengda varierer veldig, men innhaldet er stabilt på eit meget høgt nivå. Nokre er på rim, medan andre er meir fri-dikt. Ein del illustrasjon er det også. Då i form av blyantteikninger. Dei er visuelt skildrende for den tilstanden vedkommende er i, og viser den indre kampen denne jenta kjemper.
Enkelte dikt har ein særs god rytme, og ein føler det kunne like godt ha vert ein tekst i ein rap-låt, for det flyter så fint og har gode endingsord.
Om jeg bare er rask nok
Diktet «Bare jeg er nok».
hele tiden jobber hardt nok
dekker behovene tidsnok
tolker signalene fort nok
Om jeg bare viser intellekt
gjør alt helt korrekt
kanskje det da har effekt,
om jeg bare er perfekt?
Dette er ei tøff bok å lese. Dikta er direkte og ærlege, og forfatter legg ikkje skjul på den smerten og det innelukka sinnet ho har bært på. Ho fortalte det ikkje til nokon, og satte opp ein ytre fasade medan stormen raste i ho. Når ho ikkje klarte å holde oppe fasaden, så var det ingen som spurde korleis ho hadde det. Som ho så fint har skrevet det; «Så mange å snakke med, men ingen å fortelle det til». Ho var ensom og måtte lide i stillhet, noko også innhaldet bærer preg av.
Sjølv om dette handler om det ho opplevde, så er det likevel noko generelt over det, og dette vil treffe meir eller mindre alle som på ein eller annen måte har vert utsatt for overgrep, vold eller mobbing. Her er det (dessverre) mange som vil kjenne seg att. Det er mange der ute som er tause ofre og kneblet til å tie om det dei har opplevd. Kenefe er dyktig til å setja ord på dei vanskelege tinga, og blir på mange måter stemma ut til folket. Og for ei stemme det er!
Språket er utmerket, og det er stor tyngde i ordene. Ein kan formelig føle kvart enkelt ord hamre laus på følelsesregisteret. Ordforrådet er stort, og ein opplev aldri at det vert gjentaking. Metaforbruken er også meget solid, og gir ein ekstra dimensjon til innhaldet.
Fjorten og full av smerte
Utdrag frå diktet «Ukjent».
femten og sint som fy,
samtidig er jeg fire og livredd,
ni og lengter etter omsorg.
Noen ganger er jeg elleve og paralysert av frykt
og andre ganger syv og maktesløs.
Kanskje er jeg også to, tre og utrygg
og innimellom tolv og usikker.
Det er ein raud tråd gjennom heile diktsamlinga. Det handler om å overleve. Dag og natt. Og ikkje minst så handler det om at det ikkje er offeret som skal sitje att med skamfølelsen og følelsen av at det er sjølvforskyldt. Snakk om det. Anmeld det. Ikkje la vedkommende slippe unna med det hen har gjort.
Kenefe tar også eit lite oppgjer med dei som seier at det ho har vert gjennom har gjort ho sterk. For det er ingen som kan setje seg inn i korleis ein person har det og korleis kvar einskild reagerer på eit slikt overtramp. Det finnes mange andre måter å vise at ein bryr seg, og vil være til hjelp i ei vanskeleg tid.
Denne boka gir meg som lesar eit lite innblikk bak fasaden til eit overgrepsoffer. Forfatter setter ting i perspektiv, og blottlegg sjela si for at me som les boka skal forstå kva ein faktisk går gjennom i ettertid. Dag og natt. Utan pause. Utan ein sluttdato. Det er rått og brutalt, men du store all verden så viktig! Derfor er slike stemmer som Bjørg Marie så viktige. Ikkje berre for at utenforstående skal skjønne, men også ei stemme for alle som har opplevd.
For mange er det triggere som ligger å lurer i det daglige. Det kan være små ting som blusser liv i gamle glør om fortrengte minner. Derfor er det også ekstra viktig at terskelen er lav og takhøyda stor når/viss ein søker hjelp.
Kronisk kode rød
Utdrag frå diktet: Kode rød».
alltid i nød
kroppen makter ikke mer
ser fremtiden gå opp i flammer.
Om jeg bare dør
vil jeg slippe min tunge bør?
Forfatter er inne på mange viktige punkt, og kanskje det viktigste er at ALLE har eit ansvar for å hjelpe og avdekke. Altfor mange vert stående att åleine med alt ansvar for eiga oppleving. For mange er det ein livslang kamp, der ein vert plassert på medikamenter for å stå av dei verste periodene. Men er dét det beste norsk helsevesen har å by desse ofrene på? Og kva følger får det for ein gjerningsperson når det er ord mot ord?
Det er også lysglimt og håp i teksten. Eit håp om rettferdighet. Eit håp om eit bekymringsfullt liv. Eit håp om at andre ikkje skal måtte oppleve det vedkommende har gjort. Eit håp om at det vert satt søkelys på denne problematikken.
«Å bære din skam» er ein hjerteskjærende sterk diktsamling om overgrep. Bjørg Marie Akse Kenefe gir ei stemme til veldig mange gjennom denne boka, og den er så velskrevet, direkte og ærleg at ein ikkje kan unngå å ikkje bli berørt av orda. Sjølv om innhaldet er sterkt, så er dette ei diktsamling som alle bør lese. For me har alle eit ansvar. Dette er poesi på øverste hylle. Fabelaktig av Bjørg Marie. Fabelaktig!
TERNINGKAST: 5+