Bok nr. 2 i denne strålende teikneserien for eldre born og ungdom.
- Norsk tittel: Mia Myhr og kaoskrystallen
- Forfatter: Sara Hjardar
- Sjanger: Teikneserie, Born og Ungdom
- Antall sider: 191
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Egmont Kids Media Nordic AS
Sara Hjardar (Født 1998) har ein bachelor i grafisk design og illustrasjon frå kunsthøyskolen i Oslo. I 2021 vann ho Egmonts store tegneseriekonkurranse, og det ferdigutviklede resultatet vart «Mia Myhr og barna som forsvant» som kom ut i 2022. I 2023 kom ho ut med «Mia Myhr og kaoskrystallen», som er fortsettelsen i denne serien.

Mia Myhr har dratt til den uhyggelige verdenen Ravnareir der hun, sammen med sin følgesvenn Ekko, fortsetter letingen etter søsteren Hanna som forsvant i tjernet med de andre barna. Denne nye og mystiske underverdenen byr på flere utfordringer enn Mia forventet. Skumle skapninger, et folk som dreper for magi og en mørk skikkelse som leter etter noe som kalles kaoskrystallen. Hva vil skje hvis de oppdager at Mia er et menneske, og hvorfor har hennes egen
krystall begynt å snakke med henne?
Denne boka er eit leseeksemplar frå Egmont Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mia Myhr og kaoskrystallen».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei teikneseriebok som passar frå born frå 10 år og oppover, og er bok nr. 2 i serien om Mia Myhr. I og med at dette er ein fortsettelse så forutsetter det nesten at ein har lest den fyrste boka, «Mia Myhr og barna som forsvant«.
Me møter att Mia Myhr som er på leit etter søstera si. No befinn Mia seg i Ravnareir som er ein skremmende underverdenen med mørke og magi som nokre av ingrediensene. Krystallen som Mia har rundt halsen byrjar plutseleg å snakke til ho, og nettopp denne krystallen er det fleire som er interessert i å få tak i, all den tid den har uante krefter. Mia Myhr er plutseleg utsatt for onde krefter som vil ho vondt, og kvar er eigentleg søsteren blitt av?
Som i den fyrste boka så er det magiske illustrasjoner. Dei fanger stemninga på ein særegen måte, og det er noko mørkt over det heile. Fryktelig mørkt. Ein kan formelig kjenne på ondskapen gjennom illustrasjonene.
Enkelte sider er det mange ruter og /eller snakkebobler, men det heile forløper oversiktlig og ein ser raskt rekkefølgen i det. Teksten består av store bokstaver som gjer den lett å lese. Det er forholdsvis lite tekst i forhold til illustrasjoner. Men i denne type bok så er det like greit at bileta taler sitt eiga språk.
Når forfatter «zoomer» bilete ut fra personer, så vert dei ansiktslause og på denne måten er det omgivelsene som vert blikkfanget. Og motsatt når ein får nærbilete av personene. Dette fungerer heilt strålende, og det viser berre kor bevisst Hjardar er på å fremheve situasjonsbiletet.
Me fylgjer Mia og Hanna (søsteren) parallelt, der dei kjempar mot det onde på kvar sin kant. Dei er vidt forskjellige som personer, men når dei er i pressa situasjoner så er dei ganske like. Då fremstår dei meir usikre og så kjem den barnlige redselen fram. Logisk nok når dei har havnet der dei er. Mia er den mest empatiske av dei, og den karakteren som ein kanskje får mest sympati for. Ho er også den som må ha mest kontroll i situasjoner, så korleis vil ho reagere når krystallen ho bærer på, tar over kroppen hennar?
Hei, vent! Jeg vil vite mer! Har det alltid vært magi i Ravnareir? Hvordan oppstod den? Hva skjer viss alle dreper for å få magi – vil ikke alt dø ut? Hvorfor er det…
Enkelte steder er det såpass mørke teikninger at det kan være vanskelig å faktisk sjå kva som foregår. Det dystre heng som ei mørk sky over heile historia og tynger både innhald og leser ned i det dystopiske universet til Hjardar.
Mias følgesvenn og allierte, Ekko, er ein karakter med mange særtrekk. Berre utsjånaden er noko for seg sjølv. Og ein kan ikkje anna enn å dra på smilebåndet når han stadig skifter navn på Mia. Enten han ikkje husker eller gjer det på tull, så er det likevel morosamt oppi alt det dystre.
Det hadde ikkje gjort noko om det hadde vert eit lite sammendrag i starten av boka, for å raskere komme inn i forteljinga frå forrige bok.
Eg likte meget godt den varme tonen i illustrasjonene når forfatter skildrer livet med bestemora. Då er det som det gløder, for så å gå over til blå og svarte farger når ein trår inn i underverdenen. Eit flott og effektivt visuelt verkemiddel.
Boka består av 175 sider, pluss litt bonusinnhald, som gjer at det er ein god lengde på historia. Også denne gangen er det fortsettelse fylgjer, så det er berre til å smørje seg med ein dose tålmodighet på neste bok i serien. Men det er det vel verdt, all den tid serien så langt innehar eit meget høgt nivå.
Hjardar speler masse på ansiktsuttrykk og det følelsesmessige aspektet til karakterene. Desse skildrer ho ved å fremheve augene og dets uttrykk i desse. Det kan innimellom føles som litt gjentaking, men samtidig gjev det eit gjenkjennelig personlighetstrekk.
Det er ein velkomponert historie som innehar magi, mystikk, dystopisk mørke, grøsser-element og det medmenneskelige som følge av sakn og anger på tidlegare valg og oppførsel. Det er mange skapninger og skumle vesener og situasjoner. Ein kan kjenne på panikken og klaustrofobien som råder når Mia treff på dei forskjellige skapningene.
«Mia Myhr og kaoskrystallen» er ein dyster og spennende fortsettelse i serien om Mia Myhr. Med sine magiske illustrasjoner og velkomponert historie, så opprettheld Sara Hjardar det gode inntrykket frå si debutbok. Sjølv om dette fyrst og fremst er ei bok for eldre born og ungdommer, så vil mange vaksne også finne denne serien leseverdig. Det er høg klasse over det Hjardar leverer.
TERNINGKAST: 5