Ein humoristisk og lun roman der alt kan skje når ein jakter på den store kjærleiken.
- Norsk tittel: Norges modigste – Historien om Lars
- Forfatter: Marianne Tysvær Løkkevik
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 212
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Skriveakademiet
Marianne Tysvær Løkkevik er utdanna cand.philol og jobber som rådgjevar i Sarpsborg kommune. Ho vant Skriveakademiets manuskonkurranse i 2023 med boka «Norges modigste», som også er hennes debutroman.

Lars er 30 år og bor hjemme hos foreldrene sine. Der spiser han, sover og spiller dataspill. Når han én dag får vite at foreldrene skal skilles, blir Lars rystet. For hvor skal han bo nå? Og hva skal han leve av? Lars trøster seg med å se opptak av en gammel reality-serie på TV. Han forelsker seg i én av deltakerne, og bestemmer seg for å oppsøke henne i virkeligheten. Dette bringer ham inn i en serie av morsomme og absurde hendelser, der alt kulminerer i en ubetalelig sluttscene. Norges modigste er en roman om Lars, som prøver å finne seg selv og forstå verden. Det er samtidig en skarp, vittig og klok bok om generasjonene som fikk internett, gaming og digital-TV inn med morsmelken. …
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Norges modigste».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman om ein mann som forsøker å finna seg sjølv i ei verd han knapt har satt sine føtter i.
Lars er 30 år, bur heima i kjellaren hos foreldra og speler dataspel. Jobb har han ikkje og har heller aldri hatt det. Ein dag får han sjokkbeskjeden om at foreldra skal skilles, og at han må finna seg ein eiga plass å bu. Dette er enorme omveltninger i livet hans, og han aner ikkje i kva ende han skal byrja i. Derfor byrjar han å sjå på TV for å trøste seg sjølv. Her forelsker Lars seg i ein reality-deltaker på TV, og bestemmer seg for å oppsøke ho. Dette vert starten på ein sjarmerende og morosam reise, der Lars virkelig går utenfor si eiga komfortsone.
Lars er ein karakter ein ikkje kan unngå å bli glad i. Dette er ein person ein verkelig unner alt godt. Samtidig så er han ein smule høg på seg sjølv, all den tid han er så god i gaming. For når ein er god i gaming, så er jo alt anna berre piece of cake.. Eller? Lars skal få erfare på den tøffe måten at slik er nok virkeligheten ikkje bygd opp. Men han går inn i dei forskjellige livsoppgavene med liv og lyst.
Når solen står opp og jeg skal legge meg, har jeg skjønt to ting:
1. Jeg må tørre å gjøre nye ting, liksom, uten å finne på unnskyldninger.
2. Lara Croft skal bli min kone. Eller kjæreste. Men helst kone.
På sin jakt for å finna sin «utkårede», så vert han kjent med ei dame som er nokre år eldre enn han sjølv. Dette tilfeldige møtet skal vise seg å være eit fundament for eit nært og godt vennskap. Eit vennskap som er like utradisjonelt som det er absurde situasjoner som oppstår. Her må eg berømme forfatter for å komme med artige løysinger og pinlig morosamme situasjoner.
Det er interessant å sjå korleis ein person som mangler totalt sosiale normer og antenner skal klare seg heilt på eiga hand. Det handler om å presse seg sjølv og setje seg sjølv i situasjoner som er utanfor si eiga komfortsone, og vokse på dei erfaringer ein gjer. På godt og vondt. Når ein går på ein smell og to, så er det å reise seg igjen og gjere eit nytt forsøk. Det er slik ein lærer. Også for Lars, hvertfall til ein viss grad.
Det er få karakterer med, men dei som er med kjem me greit under huda på. Språket er lett og boka innehar korte kapitler, noko som gjer den meget lesevennlig. Ein vil jo vete korleis det heile ender til slutt, så drivet i romanen er naturlig til stades. Forarbeidet forfatter har gjort med hovedkarakter er gull verdt i denne type romaner. Eg synes også at Løkkevik har vert flink til å binde saman historien.
Selv om han ikke er så flink med folk, så er det veldig fint å ha en venn som meg. Faktisk er alle som har meg som venn heldige, og han skulle ønske at det fantes flere som var akkurat som meg.
Innimellom kan det nok kanskje bli litt vél masse av det gode. Å skrive ei humoristisk historie handler også om å kunne være alvorlig i gitte situasjoner og ikkje overdrive den humoristiske delen. Eg sakna også eit klart bodskap i historien. Karakteren vakler mellom det eine og det andre, og det var ikkje alltid at ein heilt følte følelsesregisteret til gitte personer. Enkelte personer vart også litt «kjedelige» etterkvart som dei modnes i sine roller.
Løkkevik har ein lun og fin humor. Den er aldri ufin, og forfatter kjem med småhumoristiske observasjoner undervegs. Ho har også skapt ein god hovedkarakter som er sårbar og skjør, men som likevel er sjølvstendig og har bein i nasa når det trengs. Men han søker heile tida etter bekreftelser på at han er god nok, og at han tar dei rette valgene. Denne balansegangen syntes eg forfatter traff innertier på i starten av boka, men som sklei ut utover i romanen. Likevel er det veldig masse positivt å finne i både historie og språk. Verda trenger fleire historier om Lars. Så her håper eg det kjem ein oppfylgjer.
Endelig kommer bussen, og jeg trenger meg inn. Jeg får ikke sitte, men må stå og holde meg fast i en av de små, gule løkkene som henger fra taket. Det er ingen god oppfinnelse, for hver gang bussen svinger, og det gjør den jo i hver sving, så svinger løkka med. Oppfinnelsen er som skapt for å miste balansen.
Historia er skrevet i jeg-format, og me fylgjer vedkommende i ein slavisk tidslinje. Det handler for det meste om familie, kjærleik, venskap, og ikkje minst dette med omstilling og det å utfordre seg sjølv. For er det noko Lars er flink til, så er det å gi seg i kast med nye ting. Kven skulle trudd det etter dei første kapitlene? Omvendingen er enorm, og det er ein heilt ny person me vert kjent med utover i historien.
«Norges modigste» er ein hjertevarm forteljing med ein lun og fin humor. Frå å være heilt avhengig av sine foreldre, til å plutselig måtte vere sjølvstendig og stå på heilt eigne bein er ikkje ei enkel oppgåve. Ved å prøve og feile, og klare å riste av seg skuffelser og nederlag, så står me att med ei forteljing som inneheld absurde og artige situasjoner. Dette var ein solid debutroman frå Marianne Tysvær Løkkevik, og her håper eg det kjem fleire bøker om Lars. Litteraturen treng slike karakterer og historier.
TERNINGKAST: 4+