Frykt av diverse forfattere

Nok ein solid antologi frå CreAlea Forlag.

  • Norsk tittel: Frykt
  • Forfatter: 17 forskjellige
  • Sjanger: Antologi, Spenning
  • Antall sider: 148
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: CreAlea Forlag

En antologi med skumle, skremmende og hjemsøkte tekster… Utgitt i forbindelse med halloween.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå CreAlea Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Frykt».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein antologi med 17 forskjellige bidragsytere, der skumle tekster er i fokus.

Ein antologi er ein tekstsamling og bok med litterære tekster frå forskjellige forfattere.

I denne boka er det frykt og/eller Halloween som er temaet, og det vises gjennom noveller og poesi. For antologien veksler mellom veldig gode historier og dikt og poesi innan samme tematikk. Så kan ein jo alltids fundere på om poesi kan skape frykt med sitt innhald. Og det kan det definitivt. Noko fleire av bidraga kan vise til.

Masker i natten
skrik i det fjerne
Skingrende latter i
mørkeste natt
Listende skritt under
nattestengt vindu

Frå diktet «Halloween» av Elisabeth Engkvist

Halloween er noko som går igjen i fleire av tekstene. Dette er nok den ultimate dagen å legge historiene til, all den tid det allereie er eit skummelt bakteppe som ligger klart for forfatteren.

Sidan det er store forskjeller i alder og erfaringer blant bidragsyterne, så er det også store variasjoner i måten dei har løyst oppgåva med teksten sin på. Ringrevene blant forfatterne leverer varene, og fleire av dei mindre kjente overrasker med sitt innhald.

CreAlea Forlag har gitt ut ei rekke med antologier, og det er bemerkelsesverdig å sjå den høge kvaliteten på tekstene i bok etter bok. Her gjer redaktøren(e) ein strålende jobb, for ofte varierer bidragsyterne både i alder og erfaring. På tross av dette så oser det altså av kvalitet.

Frykt er noko alle har kjent på og kan assosiere seg med. Enten det er noko ein har opplevd sjølv, eller gjennom filmer og media. I denne boka handler alt om frykt på ein eller anna måte. Nokre innehar typiske skrekkfilm-elementer, medan andre er menneskelig frykt for det ukjente og den følelsen ein av og til føler på når skumringen setter inn i stove og utenfor husets fire vegger.

Jeg reiser meg opp, og haster bort til et gullforgylt speil som henger over en kommode; speilbildet mitt gjengis i glasset, og et kaldt, hvitt lys fra lampa på veggen treffer fjeset mitt – jeg ser likbleik ut. Plutselig ser jeg ansiktet ditt i speilet; du stirrer på meg med en trist mine, og jeg kjenner deg nesten ikke igjen. Du ser gjennomsiktig ut og har sorte ringer under øynene. Jeg slipper ut et lite skrik, og idet hylet forlater strupehodet og veller ut i rommet, sprekker speilbildet og krakelerer. Jeg rygger bakover. Ansiktet i speilet er borte.

Frå «Hjemsøkt» av Elisabeth Thorsby

Ein finn logisk nok fleire forskjellige skrivemåter blant bidragsyterne, utan at det finnes nokon fasit på kva som er rett og gale. Det er dette som er så fascinerende med denne type bøker, nemlig at ein aldri veit kva som venter, der mange av endingene er særs overraskende og som er ein fryd å lese.

Her finn ein alt frå vare dikt og poesi med døden som tema, til novelle som inneheld kun ein AI-dialog og noveller om vampyrer og ånder. Spennvidden er stor, men fellesskapet er det samme. Litt variabel kvalitet er det, men generelt så er dette tekster på eit høgt nivå.

Å skulle trekke fram enkelttekster frå ei slik samling er ikkje lett. Men eg vil likevel berømme Haugar Nordli for sin strålende novelle «Biiip». Den innehar assosiasjoner alle kan forholde seg til, er velskrevet og innehar ein slutt som er novella verdig.

Ufrivillig kjente du plutselig at du var ukomfortabel. Det var en ukjent type frykt, noe feralt og primitivt og dypt iboende i deg som bokstavelig talt fikk hårene til å reise seg i nakken din. Var det noen bak døra du sto foran? Den sto nå nesten på vidt gap inn i rommet, men noen hadde absolutt mulighet til å skjule seg bak den.

Frå «»Biiip» av Haugar Nordli

I den poetiske delen er det gode bidrag. Nokre er dikt, andre er reine poetiske tekster. Nokre har rim, medan andre er fri-dikt. Felles for dei aller er temaet og at det er forteljande dikt og tekster.

Dei aller aller fleste tekstene er på bokmål, med eit innslag av nynorsk. Boka er særs lettlest og kan fint leses på ein ettermiddag. Ein finn nokre skumle og nervepirrende tekster som skaper ein viss frykt hos lesaren, sjølv utan groteske scener. I så måte er den lesevennlig også for litt eldre born og ungdommer.

Bak i boka er det ein oppsummering av forfatterne som har bidratt. Her finn ein litt informasjon om vedkommende og eventuelle tidlegare utgivelser. Ein fin måte å introdusere dei på, og har ein lest antologier før, så kan ein fort kjenne att ein god del namn. Her finn ein blant andre bidrag frå Tone Nilsen-Bie, Svanhild Fosback Larsen og Lisette Askø.

«Frykt» er nok ein antologi frå CreAlea Forlag med eit meget høgt nivå. Med eit tema som alle kan assosiere seg med, så var dette ein skrekkblandet fryd å lese. Anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar