Anemones piano av Elin Margrete Rognli

Ein oppvekstroman frå 1960-talet med datidens normer i fokus.

  • Norsk tittel: Anemones piano
  • Forfatter: Elin Margrete Rognli
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 194
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Publica

Elin Margrete Rognli (Født 1960) debuterte som forfattar med romanen «En duft av ingefær» i 2011. Sidan den gong har ho utgitt «De sa det var en dans» (2013), «Derfor er himmelen blå» (2015), «Capella» (2018) og «Anemones piano» (2022).

Anemones piano er en tankevekkende oppvekstroman fra sør i Østfold på 1960-tallet, med skarpe observasjoner om gamle og moderne normer i ei brytningstid. Den omhandler en tilsynelatende helt vanlig familie, men hvor mor har store og urealistiske ambisjoner for datteren sin. Så store er ambisjonene at det til slutt blir altoppslukende. Moren har i tillegg en stor hemmelighet å bære på.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Anemones piano».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein oppvekstroman som er lagt til 1960-talet.

Me møter Birgit og Haagen. Eit normalt ektepar som tilsynelatende sliter med å få born. Etterkvart vert endeleg Birgit gravid, og dei ser fram til dette barnet med stor iver. Anemone vert født, men navnet nektes av presten, så på papiret heiter ho Else Berit.

Etter en mutt avskjed fra Birgit sin side, ble hun sittende i lenestolen til Haagen og kjenne på en velkjent murring i magen. Enda en gang måtte hun fram med både sanitetsbind og belte, og nå gråt hun. For første gang kom tanken på at de kanskje aldri skulle få noen unger.

Moren propper Anemone med all slags søtsaker og mat. Det er dermed ei litt overvektig jente som veks opp, og som ikkje heilt klarer å fylgje med dei andre borna i leik og moro. For Birgit er det viktig at dattera lykkes i livet, så når ho ikkje er så bevegelig og smidig av seg, så får ho Haagen til å kjøpa eit brukt piano til ho, slik at Anemone kan bli pianistinne som skal erobre Noreg og verden. Det er hvertfall slik Birgit ser det for seg….

Ein ser tidleg at romanen speler på omdømme og det berømte bygdedyret. Birgit er meget opptatt av at dattera skal verte eit kjent navn i musikkmiljøet, og det virker som det er viktigst for ho sjølv, slik at ho kan skryte av det til klubbvenninner og folk ho møter ute i samfunnet. For Anemone sin del er det mange pianotimer som må gjennomføres, og utallige timer heime foran pianoet. Og når dei få venene ho har kjem på døra for å leike, så blir dei pent sendt vekk sidan Anemone må øve.

Som det står bak på omslaget så var 60-talet ei brytningstid for gamle og nye normer. Og ein kan definitivt seie at mor til Anemone hang igjen i dei gamle normene, medan faren var meir laussluppen.

Enkelte steder så føltes det som forfatter hoppet litt frå det eine til det andre, utan å eigentleg fylgje det videre opp. Då føles det meir ut som plassfyll framfor at det har ein meining.

Me fylgjer Anemone frå ho vert født og til ho er i slutten av tenåra. Morens jerngrep over denne unge jenta setter etterkvart djupare og djupare spor, der me fylgjer Anemones utvikling både fysisk og psykisk.

Moren viser ingen stolthet overfor Anemone. Det er ingen ros og skryt og få. Dermed vert alt det Anemone jobber for, ikkje godt nok i morens auge uansett kor masse arbeid ho legg ned. Me får eit lite innblikk i kva dette gjer med eit ungt barn.

Eit perfekt bilete utad er viktig, medan det er noko heilt anna innenfor husets fire vegger. Moren har ein mørk hemmelighet ho på liv og død må holde unna offentligheten. Men vil ho klare det? På eit lite sted er det mange øyre og auge som fylgjer med… Dette var eit spenningsmoment i romanen og ein fin avveksling frå Anemones pianospilling. Ein finn også ein og annan humoristisk betraktning i teksten.

Ingen av dem kunne spille noe som helst, men ei stor hand, med store, kraftige fingre strakte seg fram og slo forsiktig ned en tilfeldig skinnende hvit tangent. Tonen liksom fløy gjennom stua på egne vinger – som om den var glad for å slippe løs.
-Du kan jo faen ta meg spelle, du! utbrøt Lille-Kåre, og da lo de andre.

Det vert ein del pianospilling, men aldri av det kjedsommelige slaget. Dette handler fyrst og fremst om forholdet mellom mor og dotter, der moren har urealistiske krav til dottera, medan faren er nikkedukke for kona samtidig som han synes synd i jentungen. Rognli kjem her med tankevekkende betraktninger som flettes sømløst inn i teksten.

Språket er godt, og skildringene frå 60-talet føles realistiske. Historien er konsentrert rundt Anemone og moren, der forfatter kjem med ein del sidespor som ikkje fører nokon veg. Her skulle eg gjerne sett at også desse vart innlemma i historia for å få eit meir heilhetlig bilete av alt som skjer i romanen.

Persongalleriet er relativt lite, og i så måte oversiktlig. Men eg følte at eg som leser aldri kom skikkeleg under huden på karakterene. Kva er det som gjer at Birgit oppfører seg som ho gjer? Er det noko frå hennar eiga fortid og oppvekst som trigger ho? Lever Birgits draum som lita jente gjennom Anemone? Og kva følelser har eigentleg Anemone rundt det ho må gjennom? Eg sakna med andre ord meir djuptpløyende skildringer rundt sinn og tanker.

Anemone ble sittende og se ned i gulvet. Om det var dette hun ville? Ingen hadde spurt henne om det før. Ingen hadde sett på henne på denne måten før heller, for ingen hadde sett gjennom henne.

Boka er lettlest med korte kapitler og relativt stor skrift i forhold til andre romaner. Dette gjer den også ekstra lesevennlig for folk med nedsatt syn.

Der Rognli skriv om psykisk helse, der skriv ho meget bra. Følelsene og situasjonene her føles ekte, og ein kan kjenne på maktesløshet og den «skammen» det var å ha nokon som var psykisk sjuk grunna stigmatiseringa frå samfunnet.

«Anemones pianospilling» er ein stillferdig oppvekstroman, som setter fokus på samfunnsnormer på 1960-tallet. Dette er ein interessant historie som skildrer korleis oppvekstmiljø former eit menneske.

TERNINGKAST: 4-

Legg igjen en kommentar