Ei unik samling av 16 korte krimnoveller.
- Norsk tittel: Trigger warning
- Forfatter: Grethe Nestor
- Sjanger: Krim, Noveller
- Antall sider: 125
- Utgivelselsår: 2023
- Utgiver: Vigmostad & Bjørke
Grethe Nestor (Født 1968) debuterte som forfatter tilbake i 2001 med romanen “Kryp”. Sidan har ho gitt ut romanane “Happy” (2002) og “Barbiegenet” (2005). Ho har også utgitt sakprosaboka “Feministhåndboka” i 2005. Etter mange år på sidelinjen, er ho no tilbake med kortkrim-samlinga “Trigger warning”.

Møt kvinnen som hevner seg på en grusom måte ved å brått innrette seg etter det omdiskuterte hytteforbudet. Eller hun som finner en ny og original bruk av en protese for å redde seg selv fra en svært voldelig samboer. Eller privatdetektiven som blir bedt om hjelp til å vaske noe penger. Bokstavelig talt vaske. Bokstavelig talt blodpenger. Det er bare å ønske Grethe Nestor tilbake til litteraturen. Nå i en mørk sidegren av krimmen, nemlig noveller med svart humor og ofte en veldig overraskende slutt.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Trigger warning».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
NB: Denne boka lanseres 14. August 2023.
I denne boka finn ein 16 kortkrim historier, der vald og død lurer bak dei fleste historiene.
Eg kan berre sleppe katta ut av sekken med ein gong; Dette vil gje deg ein anna leseopplevelse enn det ein vanleg les om i krimsjangeren. Her kan ein f.eks finne ei krimnovelle som består av kun ein setning eller to. Men gjennom så få ord, så fortel forfattar såpass masse at leseren har nok til å gjere opp si eiga meining. Fascinerende og særs originalt.
Undertonen er mørk, og det ender stort sett i drap. Men Nestor har lagt inn overraskende vendinger her og der, så ikkje føl deg for sikker på korleis kvar krimnovelle ender. Til og med humoren i boka er mørk. Men til gjengjeld er den så bra at ein berre må smile av den, sjølv om det er makabert.
Jeg drepte min mor i går, hun hadde alzheimer. Eller kanskje det var min far. Jeg husker ikke helt.
Frå novella “Den Fremmede”.
Viss ein les boka frå a til å, så kan det bli litt vél masse av det gode, for ikkje å seie onde. Sidan boka er såpass kort og så lettlest kan den fint lesast på ein ettermiddag, men her oppfordrer eg nesten folk til å lese litt innimellom for ikkje å bli overvelda av den dystre tematikken som lever (eller dør) i novellene.
Nestor skriv om forvrengte og dysfunksjonelle samboerforhold. Det er hat, hat og atter hat. Ofte er det kvinnene som er i hovedfokuset, og forfatter viser at det ikkje berre er hevngjerrige menn som er kapable til å drepe…
Jeg har mest lyst til å sette neglene i ryggen hans, bore dem inn rett under hårfestet i nakken og dra til alt jeg kan, flerre opp flere lag med hud og muskler og blod, helt ned til rumpa, jeg ser for meg lange striper med hud og kjøtt som krøller seg nedover ryggen hans og lager dype og evige arr som han aldri kan skjule.
Baksida på omslaget inneheld innhaldsliste med estimert lesetid. Genialt med tanke på at ein kanskje har eit lite kvarter til rådighet, og ein kan då raskt finne ein historie som er innenfor den tidsrammen.
Mesteparten av novellene består av jeg-personer og med kvinnen i hovedrollen. Det handler ofte om nære relasjoner og kva som kan skje når ytterpunktet er nådd. Det er ein god del vald og trusler som kan vere den siste dråpen. Men det er også historier om seksuelle overgrep og partydop. Nokre gonger får ein medfølelse med antatt gjerningsperson, medan andre gonger så rister ein berre på hovudet av valgene som vert tatt.
Det kommer ikke et ord ut av munnen min, uansett hvor mye jeg prøver. Jeg vil bare si at jeg må sove, det er alt jeg trenger å gjøre. Si at han skal gå. Det er det jeg vil si. Men stemmen funker ikke lenger.
Han drar opp blusen min, magen er litt solbrent, tror jeg, det må den være, hvordan har den blitt det? Har jeg vært i sola likevel? Hendene hans gjør vondt mot huden.
Eg likte måten forfatter skriv på. Ho kan lett forandre skrivestil frå novelle til novelle, og ho meistrer dei alle på ein solid og god måte. Her finn ein alt frå ein avhøyrssituasjon, til noveller som kun inneheld få ord, og til og med ei krimnovelle som er basert på verkeleg hending frå 1881.
Universet Nestor tar oss med inn i, er ond og mørk. Kvinner som hater menn og menn som hater kvinner. Det er ofte gjensidig ondskap som møtes, og berre den slueste og smarteste står att. Så vær forberedt på ondskap og ein mørk verden.
“Trigger warning” er ein samling av unike krimnoveller ispedd ein mørk humor og undertone. Boka er lettlest og innehar eit solid språk. Dette vart til ein fascinerende lesestund og det er utan tvil ei bok som set farge på både krim og novellesjangeren.
TERNINGKAST: 5