Livets fantastiske reise av Sarah R. Herlofsen

Bli med på livets fantastiske reise, frå du er ei celle og fram til døden, i denne underholdande og opplysande boka for barn.

  • Norsk tittel: Livets fantastiske reise
  • Forfattar: Sarah R. Herlofsen
  • Sjanger: Barn
  • Antall sider: 32
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Spartacus

Sarah Roxana Herlofsen (Født 1982) er forsker, formidlar og forfattar. Ho har doktorgrad i biomedisin. I 2016 gav ho ut si fyrste bok. Den heiter «Hva er egentlig kreft?» og er ei bok for barn som brukes på sjukehus, skuler og helsestasjonar i heile Noreg. I 2019 kom ho med boka «Allergisk – Små helter i en verden full av farer», også denne er for barn.

Hugsar du korleis det var å vera liten? Tenk på kor mykje du har forandra deg sidan du var ein liten baby. Og tenk på kor mykje du vil forandre deg når du blir ungdom, vaksen, eller til og med skikkeleg gammal. I denne boka får du veta kva som skjer i kroppen din etter kvart som du veks og du vert eldre. Undervegs i boka finn du óg fleire spørsmål og morosamme fakta du og ein voksen kan snakka om. Bli med på livets fantastiske reise!

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Livets fantastiske reise».

Boka inneheld flotte teikningar. Dei er uttrykksfulle og opplysande, sjølv for små barn. Og med desse teikningane, som også inneheld diverse dyr og gjenstandar som er litt «gjemt», vil boka holde oppe konsentrasjonen til barnet. Her har illustratør Miriam Haukebø gjort ein kjempejobb.

Boka følger livets faser frå du er ei lita celle og fram til døden. Den skildrar tida der du er baby og treng hjelp med alt, når du byrjar i barnehage og skule, via ungdomstida, når/viss ein vert foreldre sjølve og fram til alderdommen innhentar deg, og sjølve døden. Dette har forfattar klart å lage mange flotte formuleringar om, på eit slikt vis at det er forståelig for eit barn.
I utgangspunktet er denne boka satt til aldersgruppa 6 åt og oppover.

Herlofsen har ufarliggjort livet og døden på ein strålande måte, samtidig som ho fortel sanninga. Det er ikkje alltid lika lett å snakka med små barn om alvorlege temaer som f.eks døden kan vera. Denne boka kan vera med på å bidra til slike samtaler, og gje barnet ei lita innføring om livet på ein enkel måte.

«Noen tror vi kommer til himmelen eller paradiset. Andre sier at vi blir til jord. Noen mener at vi blir født på nytt. Jeg liker å tro at vi kan bestemme selv.»

Det er også mange faktaopplysningar, og spørsmål til barnet, som dyr og figurer stiller. Dette syntes eg var eit artig verkemiddel. I snakkeboblene på sidene er det «Visste du at» -setningar med mange kjekke og morosamme faktaopplysninar om kroppen og alderen. I tenkeboblene er det diverse spørsmål som barna kan gruble på. Og nettopp desse spørsmåla ser eg for meg må vera ein god start for mange kjekke, spanande og morosamme samtaler med barna om livet. Dette er óg ei bok ein kan ta fram igjen ved seinare anledningar, og høyra kva dei tenkjer etterkvart som dei veks opp. Har dei forandra meiningar om livet sidan sist?

«Livets fantastiske reise» kan eg varmt anbefale til alle småbarnsforeldre, besteforeldre og oldeforeldre. Denne boka vil mange få glede av, og mange hyggelege samtaler og leiting etter små dyr på sidene i boka.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar