Aina og Stallo av Linn Isabel Eielsen

Skummelt samisk folkeeventyr for born.

  • Norsk tittel: Aina og Stallo
  • Forfatter: Linn Isabel Eielsen
  • Sjanger: Barnebok
  • Antall sider: 61
  • Utgivelsesår: 2026
  • Utgiver: Bonnier Norsk Forlag

Linn Isabel Eielsen (Født 2000) er teikneserieskaper, musiker og forfattar. Ho debuterte som forfattar tilbake i 2018 med boka «Aldri vokse opp: 2 år med L-innsikt». Sidan den gong har ho utgitt ei rekke med bøker. «Aina og Stallo», som vart utgitt i 2026, er hennar fyrste barnebok.

Når Stallo kidnapper lillebroren til Aina, må hun være modigere enn noen gang. Klarer hun å lure det farlige monsteret før det er for sent. Stallo er et fryktet vesen fra samisk fortellertradisjon. I eventyrene må en same lure Stallo og hindre ham fra å herje med folk og dyr.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Aina og Stallo».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei barnebok som er basert på eit samisk folkeeventyr. Målgruppa er satt til 6-9 år.

Forfattar har samisk bakgrunn og har tatt bakgrunn i eventyret «Stalo og Kauras» som vart gjendiktet av P. A. Lindholm på byrjinga av 1900-talet. Eielsen har skrevet den om og gjort den lengre enn originalen, men eg vil tru at grunnstammen står att frå det originale eventyret.

Me møter den samiske jenta Aina. Ho bur i Sápmi med familien sin. Det er årets fyrste vårdag, det er stille og fredelig og livet går sin gong. Heilt ut av det blå kjem det er digert og skremmende brøl frå skogen. Ein gigantisk skapning kjem løpende på alle fire og øydelegg leirplassen til familien og tar også Ainas vetlebror med seg. Familien må flykte for å overleve, og seinare på kvelden ankommer dei ein anna leirplass der dei slår seg ned for natta. Men Aina nekter å la seg skremme. Ho vil ta opp kampen med dette monsteret og redde vetlebror sin. Ho går dermed tilbake for å leite etter monsteret og plutselig står ho auga til auga med Stallo…

Eg liker teiknestilen. Det er noko «enkelt» over det, samtidig som det er beskrivende. Det er ein ro over det heile, samtidig som det kan skremme nesten kven som helst i dei mest spennnede settingene. Miljøet er samisk og det er med samiske tradisjoner. Bak i boka finn ein blant anna ei lita oversikt over samiske begrep og bekledning som er fint forklart med enkle setninger.

Berre for å ha sagt det med èin gang; dette er ei skummel barnebok! Det kan virke som samisk folkeeventyr er meir skummel enn dei vanlege folkeeventyra me er vant til ellers. Her er det eit monster med store raude auge som blant anna skal drepe små barn med øks.

Det er ingen sidetall eller kapitler i boka. Boka innehar kun heilsides illustrasjoner med noko tekst på kvar side. Den er dermed lettlest og kan fullføres i ein èingong viss det er snakk om høgtlesing. Eventyret er uansett så spennende at det nesten ikkje går an å legge den fra seg før den er ferdiglest.

Eielsen bruker den unge jenta som hovedkarakter og ho treng å vise mot, styrke og kløkt for å redde vetlebror sin. Eit mot ikkje eingong foreldra viser. Dette er eit godt utgangspunkt for å skape eit klassisk eventyr med menneske mot vesen, der det på mange måter er David mot Goliat. Korleis kan ei lita jente vinne over eit fryktinngytende monster som alle er livredde for?

Det er som nevnt ein skummel historie som kan skremme fanden på flatmark på sitt verste. Dei minste kan bli skremt av denne boka, og illustrasjonene levner ingenting til fantasien. Og for å «toppe» det heile, så er det også ein setning med i boka som kan få borna til å kikke seg over skulderen både èin og to gonger etter at eventyret er lest; nemlig at «…Vi vet tross alt ikke hvor Stallo er i dag.»

Forfatter viser ein fin formidlingsevne og samspelet mellom tekst og illustrasjon skaper ein fin balansegang og bærer historia framover på kvar sin måte.

«Aina og Stallo» er eit skummelt samisk folkeeventyr som forfatter har spunnet videre på. Det er gode spenningstopper og ein gjennomgående skremmende handling som vil halde borna på tå hev heile vegen. Kanskje er den for skummel for dei minste? Linn Isabel Eielsen viser uansett sitt potensiale i teikneserieskaping gjennom denne boka.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar