Mia Myhr og søstrene av Skår av Sara Hjardar

Ein mørk og dyster fortsettelse på denne kritikerroste serien.

  • Norsk tittel: Mia Myhr og søstrene av Skår
  • Forfatter: Sara Hjardar
  • Sjanger: Born og Unge, Teikneserie
  • Antall sider: 175
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Bonnier Norsk Forlag

Sara Hjardar (Født 1998) har ein bachelor i grafisk design og illustrasjon frå kunsthøyskolen i Oslo. I 2021 vann ho Egmonts store tegneseriekonkurranse, og det ferdigutviklede resultatet vart «Mia Myhr og barna som forsvant» som kom ut i 2022. I 2023 kom ho ut med «Mia Myhr og kaoskrystallen», som er fortsettelsen i denne serien.

I den fjerde og nest siste boken om Mia Myhr blir bestemorens store hemmelighet avslørt, samtidig som Mia får vite hvor de magiske krystallene egentlig kommer fra. Da de skrekkelige søstrene av Skår dukker opp, blir Mia og søsteren Hanna nødt til å samarbeide for å bekjempe de skjebnesvangre kreftene som utløses.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mia Myhr og søstrene av Skår».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei teikneseriebok som passar frå born frå 10 år og oppover, og er bok nr. 4 i serien om Mia Myhr. Bøkene er sammenhengende og dermed er det meir eller mindre ein forutsetning at ein les dei i kronologisk rekkefølge.

Me er kommet til bok nr 4 og nest siste bok i serien om Mia Myhr. Den starter med ein kort, men veldig fin oppsummering av dei viktigste punktene frå forrige bok.

Dei tre fyrste bøkene i serien er utgitt på Egmont Forlag, medan denne vert utgitt på Bonnier Norsk Forlag. Eg kjenner ikkje til bakgrunnen for forlagsbytte, men kvaliteten er nokenlunde på det samme høge nivået.

Hjardar viker ikkje frå suksessoppskriftene i serien, og det er gjenkjennelige streker, farger og ansiktsuttrykk. I og med at mykje av handlinga foregår under jorda og/eller i grotter, så er det mørkt og dystert univers me får ta del i. Det er som vanleg lite detaljerte bakgrunner i illustrasjonene, sidan personer og uttrykksformer er i fokus.

Mia og Hanna må kjempe mot mørke krefter i eit ugjestmildt miljø og er dermed avhengig av å samarbeide med kvarandre. Det er sterke følelser i sving, der bebreidelse og skyld stadig kjem til overflata. Det er meir dramatikk når Hjardar leverer nokre nærkamper mot vesener som ender i eit blodbad.

Eg følte det var eit lite knepp ned frå den forrige boka sånn historiemessig. Det er så masse som skjer at det kan bli litt overveldende til tider. Men dette er nok meir smak og behag…

Eg likte fantasy-elementa med dei særegne skapningene som rotheks og knokkeltyv. I denne boka får me også litt meir bakgrunnsstoff rundt bestemora til Mia og Hanna og om krystallene. Med dette avslører forfatter fleire av spørsmåla som sikkert fleire lesere enn meg har lurt på gjennom serien. Samtidig legges det opp til ein storslått finale i den siste boka i serien.

Det er få pustepauser sidan det er masse som skjer, både emosjonelt og i fysisk forstand, og den er lettlest sjølv om den innehar ein del tekst. Snakkeboblene er logisk og oversiktlig plassert og skaper lite forvirring i rekkefølgen den skal leses på.

«Mia Myhr og søstrene av Skår» er nok ein spennende og innhaldsrik historie i denne kritikerroste serien om Mia og søsteren Hanna. Med ei solid forteljarstemme og uttrykksfylle illustrasjoner vert ein dratt rett inn i det mørke og dystre universet til Sara Hjardar. Nå venter den siste boka i serien, og forhåpentligvis ein storslått finale.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar