Askeladdene og piken med svovelstikkene av Therese G. Eide

Original og sjarmerende julehistorie for born og unge.

  • Norsk tittel: Askeladdene og pikene med svovelstikkene
  • Forfatter: Therese G. Eide
  • Sjanger: Born og unge, Julefortelling
  • Antall sider: 48
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Bonnier Norsk Forlag

Therese G. Eide (Født 1978) er ein norsk teikneserieskaper. Ho står bak stripene «Intet nytt fra hjemmefronten», som ein kunne finne i blant anna Dagbladet. I 2022 kom ho ut med boka «Intet nytt fra hjemmefronten – Bare striper». Ho har utgitt fleire bøker opp gjennom årene, og i 2025 gav ho ut «Askeladdene og piken med svovelstikkene».

Året er på sitt mørkeste, og kvelden før kvelden er barna klare for «geiming» – men så går strømmen! Mor vil fortelle eventyr, men hva må egentlig være med i en ekte julehistorie? Hvem hadde vunnet i en slåsskamp mellom H.C. Andersen og Charles Dickens? Og kan piken med svovelstikkene tenne håpet og redde jula?

Denne boka er eit leseeksemplar frå Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Askeladdene og piken med svovelstikkene».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei julehistorie i teikneserieformat som krysser fleire kjente eventyr. Boka passar for born og unge.

Det er lille julaften og familien er samlet for å pynte juletreet. Dei tre borna i huset er oppspilte og ser fram til gaver, mat og nissen. Borna får også overnattingsbesøk av to søskenbarn, så nå er det fem born i hus som er spente. Mor i huset vil bruke kvelden på å lage heimelaga julegåver, medan borna sjølvsagt vil spele dataspel istedenfor. Men før dei får byrja på kranglinga så går straumen. Saman setter dei seg ned og lager ei julehistorie, der borna har hovedrollen og får bestemme kva roller dei skal ha.

Piken med svovelstikkene av Charles Dickens er utgangspunktet i historia. Mor i huset byrjer å fortelje om denne historia, og borna kaster seg på og diskuterer det som skjer med piken. Dermed lager dei ei historie med ei anna historie. Borna snakker seg sjølv inn i forteljinga, og innimellom diskuterer dei med moren/tanta og seg i mellom for å lage nye løysinger på det som oppstår.

Det er på mange måter ei lita reise gjennom forskjellige eventyr og det dei inneheld. Det er kjente situasjoner og karakterer som vert trekt fram, og det er mykje gjenkjennbart, sjølv om borna bruker fantasien fritt når dei bygger videre på det moren fortel. Dette er ein god idé, og den gjennomføres med stil. Dette er vel den tredje boka med askeladdene som forfatter har skrevet, og ho bygger videre på dei forrige bøkene.

Eg følte det kanskje vart litt rotete her og der, men det er noko veldig sjarmerende med teiknestilen, med borna som er ivrige etter å fortelje og bruke fantasien, og med det kjente og kjære som møter det nye og uforutsigbare. I tillegg så ligg det eit godt bodskap i bunn, som gjer til at heilheten føles gjennomtenkt.

Boka passer best å lese rundt juletider, all den tid det handler om blant anna nisser, gaver og julestemning. Den er på 48 sider og har ingen klare kapitler, men det finnes plasser der det er naturlig å stoppe ved høgtlesing.

Teikningene består hovedsaklig av personer og ansiktsuttrykk. Bakgrunn og miljøskildringer er det lite av, men det gjer ingenting når det er historia som er i fokus.

Historia innehar humor og er litt småironisk her og der. Men det er også alvor som ligg til grunn, og forklarer at ikkje alle nødvendigvis har det like godt som andre. Eg synes at Eide treff godt med både illustrasjoner og språk med tanke på målgruppe. Det er enkelt å fylgje rekkefølge i snakkeboblene, og det er klar og lettlest tekst.

Dette er ei annerledes og litt merkelig bok, men samtidig original, sjarmerende og så er det noko med den som eg likte, og som gjorde at eg ikkje ville at den skulle ta slutt.

«Askeladdene og piken med svovelstikkene » er ei annerledes og original julehistorie som inkluderer borna inn i historia på ein unik måte. Den er morosam med ein alvorleg undertone, og innehar eit godt bodskap i bunn. Teikningene er enkle, men det fungerer heilt strålende i denne type bok. Therese G. Eide har skapt eit strålende univers gjennom Askeladdene-bøkene sine, og denne er intet unntak.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar