En kropp i alarm av Pål Tobias Stene Dahl

Ein personleg beretning om PTSD.

  • Norsk tittel: En kropp i alarm
  • Forfatter: Pål Tobias Stene Dahl
  • Sjanger: Dokumentar, Sjølvbiografi
  • Antall sider: 96
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Polartekst Finnmark

Pål Tobias Stene Dahl er eit pseudonym. Han gav ut dokumentaren «En kropp i alarm» i 2025.

Når kroppen aldri får hvile. Når sinnet aldri blir helt trygt. En kropp i alarm er en ærlig og gripende bok om å leve med PTSD og kompleks PTSD. Gjennom personlige erfaringer og faglig innsikt viser forfatteren hvordan traumer setter spor – i kroppen, i livet, i relasjoner – og hvordan det likevel finnes veier mot håp og mestring. Boken er skrevet for deg som selv lever med PTSD, for dine nærmeste, og for fagfolk som ønsker å forstå mer. Forfatterens navn er et pseudonym.Pål Tobias Stene Dahl (pseudonym) har selv levd med kompleks PTSD i mange år. Gjennom egen erfaring med traumer, systemsvikt og lang vei til riktig behandling, har han valgt å dele sin historie for å øke kunnskapen om PTSD – og for å gi håp til andre i samme situasjon. Forfatteren har bakgrunn fra pedagogisk arbeid, frivillig beredskapstjeneste og skrivevirksomhet.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «En kropp i alarm».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein dokumentar og delvis sjølvbiografi om å leve med PTSD.

Forfatter skildrer episoder frå han var 6 år, då det heile starta med vold, og som 11-åring vart han utsatt for overgrep. Det vart starten på eit liv med PTSD. Årene går utan at han snakka om det eller søkte hjelp. Han stifta familie og ting begynte å gå seg litt til. Men så kjem det ein situasjon som snur opp-ned på heile livssituasjonen, og PTSD slår innover han att med full kraft. Dette er ein ærleg og sterk historie om ein mann med posttraumatisk stresslidelse, kva det fører med seg, og behandlingsmetoder ein kan nytte seg av for å bedre livssituasjonen.

Fyrste del av boka består utelukkende av historia til forfatter. Historia er kort, sjølv med sine 13 kapitler. Det er ingen lange utbroderinger eller deling av dei innerste tankene. Men det er likevel nok til at lesar får eit innblikk i det som skjer, kva som ligg bak og korleis kroppen hans reagerer.

Det er korte, men effektive setninger, og relativt lite tekst på sidene. Det gjer det heile meir virkningsfullt, og ein føler det er styrke bak kvart eit ord. Det er ein tøff historie som viser at undertrykte følelser og traumatiske opplevingar gjer noko med kroppen, både bevisst og ubevisst. Det som hjernen har kobla ut, kan kroppen reagere på, og motsatt. Minner kan dukke opp fra ingensteds, og kvardagen vert eit tankekjør og eit tidvis mareritt. Gjennom opplevelsene til forfattar får me eit innblikk i korleis det er å leve med PTSD, og korleis det er å leve rundt ein person med denne lidelsen.

Jeg var 11 år gammel, og livet mitt ble aldri helt det samme igjen.

Andre del av boka handler meir om det faglege. Om diagnoser, psykologi, behandlingsformer, og meir generelt om korleis det er å være ein forelder med PTSD og leve med det.

I den andre halvdelen følte eg det vart litt oppramsing og gjentaking. Likevel så er det eit tema som er viktig, og ting kan nok ikkje bli sagt eller skrevet ofte nok. Men bokas store styrke vart for meg forteljinga til forfatter, og korleis han har opplevd lidelsen med reine, ærlege ord. Det trumfer alltid fagstoff.

Hovudbodskapet i boka er viktigheten med tidleg hjelp og oppsøking av helsepersonell med riktig fagkunnskap. PTSD er noko ein nødvendigvis ikkje vert kvitt, men det handler om å få best mogleg livskvalitet og klare å meistre reaksjoner når dei oppstår. Gjennom denne boka viser forfattar at det finnes håp, at det finnes behandlingsformer som hjelper, og at ein kan få eit godt liv med tilstanden.

Denne boken kombinerer kunnskap med en gripende og autentisk livshistorie. Det handler om å overleve – og å leve – med traumer, systemsvikt, og til slutt: håp.

Eg leste ut boka på 1-2 timer. Den er med andre ord særs lettlest, og det var noko eg syntes var positivt. Det finnes meir enn nok av fagstoff og tykke bøker om emnet, og derfor er det befriende at ein kan lese om ein persons liv, få bakgrunnsstoff, utløsende faktorer og kva PTSD handler om og vegen videre, på berre ein liten ettermiddag.

Når ein les innhaldet og det forfattar har vert gjennom, så kan ein skjønne at han bruker pseudonym. No skal ikkje eg røpe innhaldet i personens historie, men han har blant anna vert i politiets og medias søkelys. Det er ei sterk forteljing, der han skildrer ei lang rekke med traumatiserende hendingar og fleire skjebner.

Som lesar fekk eg betre kjennskap til PTSD. Den gjer det lettere å forstå reaksjoner og væremåte til ein som slit med dette. Forfatter skriv litt om forløpet, kjenneteikn, kva ein bør vere obs på, og det er også viktige telefonnumre og oppramsing av nettsider ein kan oppsøke ved hjelp bakerst i boka. Dette er ein fin avrunding på ei bok som er eit fint supplement til tyngre fagstoff innenfor emnet.

PTSD påvirker ikke bare tankene. Det setter seg i kroppen. Søvnproblemer, muskelsmerter, hodepine, fordøyelsesplager, utmattelse – alt dette er vanlige symptomer. Når kroppen konstant er i beredskap, får den aldri hvile.

Ein stor takk til forfattar som har delt sin historie og som har valgt å grave i gamle sår for å hjelpe andre i lignende situasjoner. Slikt står det stor respekt av, og eg håper at mange vil lese den.

«En kropp i alarm» er ein ærleg sjølvbiografi og dokumentar om PTSD. Boka er lettlest med relativt lite tekst. Den er dermed eit meget godt supplement til tyngre fagstoff innenfor det samme feltet. Boka kan særskilt anbefales til personer med PTSD. Sidan den er opplysende og gir oss eit godt innblikk i emnet, så passar den også fint til dei som vil lære meir, og særskilt fagfolk kan sjå korleis PTSD oppleves frå innsida.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar