Ein krimroman med ein psykologisk undertone.
- Norsk tittel: Blodbarn
- Forfatter: Jarand H. Thoresen
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 434
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Calidris Forlag
Jarand H. Thoresen gav ut krimromanen «Blodbarn» i 2025.

Hvor langt er et menneske villig til å gå for sitt eget barn? Våren 2007: Et barn fødes under kummerlige forhold i en hytte ved Tyrifjorden. Juni 2015: Mona Storsten forsvinner sporløst. Ektemannen, Henrik Storsten, unnlater å melde henne savnet, men gruppen til politietterforsker Jovald Aspli får likevel kjennskap til forsvinningen. Alle forsøk på å spore opp Mona er resultatløse, men så blir en død kvinne funnet i Drammenselva. Jovald og gruppen hans vikles inn i en sak fylt med intriger, hevn og oppgjør, hvor personlige tragedier og skjulte hemmeligheter avdekkes lag for lag. Hva skjuler Henrik Storsten, og hvor skal gruppen til Jovald søke etter svar? Følg politietterforskerne Jovald Aspli, Jørgen Brandhaug og Linda Brekke i deres intense kamp for å avdekke sannheten før det er for sent.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Blodbarn».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein krimroman og den fyrste boka om dei tre politietterforskerne Aspli, Brandhaug og Brekke.
Det er valgt å opprette ei eiga spesialgruppe innad i politiet, og denne gruppa med Jovald Aspli i spissen, får ei spesiell sak i fanget. Ei dame forsvinn sporlaust utan at mannen hennar meldar henne sakna. Når ei dame vert funnet død i Drammenselva med ein kniv i seg, byrjar alarmen å gå innad i gruppa. Dette er ei sak som har grobotn bakover i tid, der teamet må skrelle av lag på lag før dei i det heile tatt har moglegheit til å løyse saken.
Starten er prega av introduksjon av karakterene. Me får eit innblikk i våre tre hovedkarakterer i teamet, og litt om kven både kvinnen som vert meldt sakna er, og ektemannen som unnlater å melda ho sakna. Dette er ein heilt fair inngang til boka, all den tid den er på godt over 400 sider. Heldigvis tar det ikkje altfor lang tid før ting byrjer å skje.
Karakterene i teamet består av Jovald Aspli, Linda Brekke og Jørgen Brandhaug. Aspli er sjefen i teamet, og har eit litt trøblete privatliv. Han har ein 16 år gamal son som slites mellom skilte foreldre. Aspli er glad i mat, og får høyre det titt og ofte frå sin leiar. Brandhaug er 32 år, singel og ein rundbrenner av dimensjoner, medan Brekke er skilt og har to born på 7 og 10 år, og har konstant dårleg samvittighet for ikkje å vere nok «til stades» for dei. Som ein ser så har alle sine utfordringer på kvar sin kant, og på kvar sin måte. Jobb og privatliv kjem om ein annen, men eg følte at privatlivet fades meir og meir vekk utover. Litt rart med tanke på at forfatter gjekk høgt ut frå start..
Midt imellom de to var Linda. Hun kom til å komplettere gruppen ved å skape balanse mellom den litt hissige, overvektige logikeren, og den impulsive og snartenkte damemagneten.
Forfattar veksler mellom ting som skjer i 2007 og 2015. Her er det gode kapitteloverskrifter som viser tidsperiode. Enkelte stader går det så lang tid mellom forskjellige saker og bi-historier at ein nesten har gløymt kva det handlar om. Det fremstår litt uorganisert til tider, sjølv om informasjonen og puslebitene kjem i «rett» rekkefølge.
Språket er bra, sjølv om det enkelte stadar vert omstendelig og «firkanta». Ein del unødvendig info er med, som strengt tatt kunne vert sløyfa for spenningskurven sin del. Kapitlene er relativt korte og det er gode avsnitt som gjer boka lesevennlig.
Samspelet innad i gruppa flyt fint og det er ikkje lagt vekk på dei store konfliktene. Det er riktignok relativt stor friksjon mellom Jovald og sin sjef, men det kjem likevel meir i bakgrunnen i det store biletet. Den krangelen består stort sett av at Aspli er overvektig.
Jovald begynte straks å koke innvendig, men sa ingenting. Han orket ikke diskutere kropp og kosthold med sjefen, ikke nå, det hadde de gjort så mange ganger før.
Det er fryktelige skjebner som vert avslørt etter kvart som historia utspeler seg. Det handlar blant anna om vennskap, manipulering og barnevern. Det psykologiske aspektet speler ein viktig rolle, og det er ei interessant vinkling rundt ein del moralske spørsmål som etterkvart dukker opp. Kor langt er ein person villeg å gå for å beskytte sitt eiga barn? Og finnes det noko som heiter rett og galt i slike situasjoner? Her synes eg at Thoresen har gjort ein grundig jobb og research forut for denne krimromanen. Boka skal visstnok vere inspirert frå virkeligheten, der eit par måtte kjempe ein desperat kamp for retten til sitt eiga barn. Dermed kjem det også følelser inn i spel, noko som vises att i teksten.
I utgongspunktet uoversiktlige bi-historier flettes fint inn i historien, og danner eit klarere bilete av kva som foregår. Ein får også ein aukande spenningskurve, og gjer til at forfattar dermed klarer å halda på lesaren og få vedkommende engasjert i historia og universet han har skapt.
Aspli er overvektig, noko leiaren hans gjentar til det kjedsommelige. I dagens samfunn ville det vert trakassering på høgt plan, men det var nok ikkje like belyst i 2015. Likevel er det ein tematikk som ligg og lurer i bakgrunnen, for helsa til Aspli kunne definitivt vert betre. Så er spørsmålet om det er overvekta som er årsaken, eller om det er andre ting som ligg bak hans skrantende helse.
Me får servert eit intenst sluttparti i boka, og er ein fin avrunding på det som har bygget seg opp over tid. Plottet er bra, men ikkje heilt umogleg å skjønne kva veg det bærer før ting vert avslørt. Det er riktignok ein uforutsigbar gjerningsperson som skaper ein del tvil og forvirring, så Thoresen har gjort ein god jobb med plottet.
«For hvis jeg får den minste lille mistanke om at du plaprer, så skal du vite at det ikke koster meg en kalori å gi blodbarnet deres evig hvile».
«Blodbarn» er ein krimroman med ein litt anna vinkling inn mot psykologiske undertoner som ligg og banker i bakgrunnen. Med ein interessant tematikk, aukende spenningskurve og eit bra plott, er dette ein solid start frå Jarand H. Thoresen.
TERNINGKAST: 4