Rett og slett ein strålende, morosam og lærerik teikneserie
- Norsk tittel: Mestertyven Gjest Baardsen
- Forfatter: Trond J. Stavås
- Sjanger: Teikneserie, Roman, Historie
- Antall sider: 156
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Bonnier Norsk Forlag
Trond J. Stavås (Født 1993) er utdanna illustratør og jobber fulltid som teikneserieskapar og illustratør. Han står blant anna bak teikneserien «Walk of Life», og har utgitt blant anna «Blasfemi» i 2021 og «Mestertyven Gjest Baardsen» i 2025.

Gjest Baardsen (1791-1849) var en myteomspunnet norsk mestertyv og utbryterkonge. På folkemunne ble han fremstilt som en slags norsk Robin Hood, som stjal fra fut og lensmann og ga pengene til de fattige. Intet fengsel kunne holde på den fredløse Gjest, som i 1939 fikk sin legendestatus befestet i en klassisk norsk spillefilm. Nå har Trond Johan Stavås (f. 1993) laget en tegneserie om mestertyven, som blander fakta og fiksjon i et muntert actioneventyr. Gjenstanden som frister Gjest, er «Den gylne fjærpenn», som skal brukes til å undertegne Grunnloven på Eidsvoll i 1814.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mestertyven Gjest Baardsen».
Dette er ei teikneseriebok som inneheld fakta og fiksjon, og passar for alle aldersgrupper. Ung som vaksen.
Me fylgjer Gjest Baardsen og hans kjæreste, Tine, i jakta på den «gylne fjærpenn». Den skal brukes til å signere Noregs Grunnlov, og er verdt mykje penger. Men den er strengt bevokta, og i bakgrunnen lurer ein anna kjent norsk forbryter; nemlig Ole Høiland. Som om ikkje det var nok, så vil lensmann Jens Jensen gjere alt som står i hans makt for å få kloa i Gjest Baardsen. Det er dermed duka for ei ellevill historie.
Ein finn fleire korrekte fakta gjennom historia. Noko er inspirert av faktiske hendingar, medan andre ting er konkret. Det er også lagt inn eit symbol i rutene som viser at ein kan lese meir om person eller hending bakerst i boka. Dette er eit snedig verkemiddel, og vél verdt å kikke etter. Dette er det opplyst om heilt foran i boka, men eg skulle gjerne sett at det var enda tydligere poengert, for plasseringa kan gjere at fleire ikkje får den opplysninga med seg.
Det er flotte illustrasjoner som inneheld morosamme små detaljer viss ein tar seg tid til å studere dei medan ein les. Snakkebobler er godt strukturert og tekst er skrevet med store bokstaver og er tydelige og lette å lese. Dermed passar boka utmerket til born som er i byrjinga av lesefasen, men også for folk som kanskje slit litt med synet.

Handlinga foregår i 1814 og har sitt hovedsete på Eidsvoll. Men før ein kjem heilt dit, så er det glimt frå Baardsen sitt liv frå Nord-Norge og Vestlandet. Her driv han å stjel frå dei rike og velstående, og gir til dei fattige. Som ein norsk versjon av Robin Hood med andre ord. Ole Høiland var også ein kjent forbryter som levde på den tida, og dei møtes fleire gonger i denne boka.
Dette er ei lærerik, morosam og spennende teikneserie. Det er nokre hysteriske episoder i boka som vil få unger til å le høgt, og vaksne til å riste litt på hovudet og humre i forlegenhet. Enkelte historikere vil gremmes over språkbruken som Stavås har tilført sjølvaste Christian Magnus, medan andre vil synes det er ufattelig morosamt. Eg tilhøyrer den siste kategorien der. Det er noko med det når ein seriøs figur som Christian Magnus i 1814 uttaler f.eks «Skitt påmmfritt» eller «vibe check».
Her går fakta og fiksjon hånd i hånd, og det er særs gledelig å sjå Stavås i full utfoldelse. Det er humor over ein lav sko, samtidig som han er litt alvorleg der det trengs. Som f.eks når han er inne på fattigdom og teikner eit bilete på korleis enkelte born og vaksne hadde det på den tida. Balansegangen er viktig, og der treff forfatter særs godt.
Det kan kanskje være litt skummelt for dei aller minste i enkelte partier, men ikkje verre enn at ein vaksen kan lose dei trygt gjennom. Det er fine kapittellengder som gjer til at boka passer like ypperlig til høgtlesing for born som til oldemor/oldefar på 97 år.
Boka er gjennoført frå A til Å. Det er livlige karakterer og karakteristikker. Forfatter har gitt liv til det aller meste i sine illustrasjoner, inkludert dyr. Hesten til Gjest er ein fryd å fylgje med på. Ein bør også legge merke til ansiktsmimikken i illustrasjonene. Eit ansiktsuttrykk kan seie tusen ord, noko Stavås verkeleg får fram i teikningane sine utan å gå detaljert til verks. Enkle streker, men særs effektive.
Det er tidvis eit ironisk og ungdommelig språk som er totalt ute av tidsperiode og samanheng. Dette er ein utruleg morosam overdrivelse frå Stavås som dermed skapar eit språk som dei unge er inneforstått med, og dermed kan dei lokkes til å lese boka. For den eldre garde kan enkelte av uttrykka være meningslause, men her må ein sjå på heilheta. Og den er bra. Verkeleg bra!
Dette er ei bok som definitivt bør finnes i alle skulebiblioteker rundt om i Noregs land! Ikkje berre er den underhaldande, morosam og spennende, men den er også lærerik og innehar ein del norsk historie som forma Noreg, og som er viktig for ettertida.
«Mestertyven Gjest Baardsen» er ei morosam, lærerik og spennende teikneserie som passar for absolutt alle aldrar. Trond J. Stavås har truffet med essensen i si historie, og gjort den til si eiga på ein snedig måte. Dette er ei bok du trygt kan la ligge på stovebordet, for det er ei bok alle vil finne fornøyelig på kvar sin måte!
TERNINGKAST: 6