En sang om hevn av Ole Asbjørn Ness

Ein røff og brutal krimroman.

  • Norsk tittel: En sang om hevn
  • Forfatter: Ole Asbjørn Ness
  • Sjanger: Krim, Thriller
  • Antall sider: 242
  • Utgivelsesår: 2025
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Ole Asbjørn Ness (Født 1974) er bosatt i Asker. Han har arbeida som journalist, råvaremegler, stuer, kommunikasjonsrådgjevar og gründer. I 2004 vant han Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen «Det er natt». I 2018 gav han ut romanen «Aftenlandet». «Fem dager i mai» kom ut i 2021.

En norsk-pakistansk finansmann med gjengtilknytning blir funnet drept i Oslo. Drapet er begått på ytterst bestialsk vis. Politimannen Johnny Abrahamsen er nettopp tilbake etter en lang sykemelding da han i løpet av noen varme junidager ser Oslo bli kastet ut i et inferno av vold.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «En sang om hevn».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman med thriller-element, og er bok nr. 2 i serien om politimannen Johnny Abrahamsen.

Boka starter ei stund etter der den forrige boka, nemlig «Fem dager i mai», slutta. Johnny Abrahamsen er tilbake etter ein lang sjukemelding, og havner rett inn i drapssaker som ryster sjølv den hardbarka politimannen. Johnny og hans team må verkeleg på jobb i denne boka, og det er ei historie som er røff i kantene.

Ness skriv ofte korte og konsise faktasetninger, der han lar være å utbrodere til det kjedsommelige. Det er ingen tvil om at det er ein forfatter som liker å ha eit tempo og progresjon i sine bøker.

Jean-Claude Izzo går i land fra danskebåten. Vippetangen. April i Oslo. Mørk morgen, slaps, kaldt. Bilene minner om brølende ulveflokker.

Forfatter har i denne boka valgt å vise den mørke sida av samfunnet. Det er rått og brutalt og han beveg seg heilt på grensa til at det bikker over til vemmelig. Enkelte haldninger og tanker som nokre karakterer innehar, vil uten tvil skape ein reaksjon hos lesar. I så måte klarer Ness å provosere med si historie. Det han gjer er også ein litt finurlig finte, for på ein merkverdig måte får ein faktisk sympati for drapsmannen. Samtidig så går den sympatien raskt over etterkvart… Hvertfall for min del.

Hvis du vil ha rettferdighet, må du skape den selv.

Som i den forrige boka, så følges etterforskning og drapsmann parallelt. I denne boka er det ingen tvil om kven som er morderen, og me ligg dermed eit hestehovud foran politiet i sitt arbeid. Dermed kan det knapt kalles eit plott i krimromanen. Likevel er det interessant å fylgje politiet sitt arbeid og sjå korleis dei tenker og kva dei peiler seg inn på når eg som lesar sit med «fasiten» i handa. Så er det jo slik at Ness har lagt inn ein og anna tvist, slik at det ein trudde var slik og slik, nødvendigvis ikkje gjenspeiler det biletet ein sit att med til slutt.

Denne gongen er det prostitusjon og hallikvirksomhet som er i fokus. Menn som har eit forsmådd syn på kvinner, og som ser på dei som bruk og kast. Det er ein tankegang som provoserer, og det hjelper ikkje på når forfatter nører oppunder det heile med enkelte utsagn som gjer til at ein hever både eitt og to augnebryn.

Det er eit godt tempo og eit språk og innhald som er røft i kantene. Ness drar ned tempoet innimellom ved å gå inn på privatlivet til Johnny Abrahamsen. Her ser me ein mann som er sinna på det aller meste. Ein som føler verda er mot ham, og som er i ei djup personleg krise. Korleis han velger å løyse det viser kva for ein person me har med å gjere.

Det er sterke karakteristikker som skildrer Johnny. Me får eit nytt bilete på ham, og korleis enkelte andre opplever han og hans sider. Eg liker at forfatter bygger videre på karakteren og klarer å utvikle han. På godt og vondt.

«Du er en drittsekk Johnny. Du bruker mennesker. Suger dem tomme, og så, når de ikke har mer å gi, drar du videre. Vet du at ingen liker deg? Ingen i familien min liker deg, de lurte alltid på hvordan i helvete jeg kunne være sammen med deg. Alle mener du er en drittsekk, Johnny, og viss alle mener det, er det kanskje fordi du er en drittsekk?»

Det er mykje som er likt frå den fyrste boka. Johnny som er i klammeri med ledelsen, han er mislikt blant andre ansatte og han liker å kjøre sitt eiga lite sololøp. Han ser ut til å fylgje den klassiske frasen; det er lettere å be om tilgivelse enn tillatelse. Dette skaper ein friksjon gjennom heile boka, og ein aner ein aukende murring på politistasjonen.

Sjølv om eg knapt kunne legge boka frå meg, så følte eg at Ness forsøker å overgå både seg sjølv og andre med å provosere og skrive på grensa til det morbide. Det går utover innhaldet. Dermed klarer han ikkje å få meg heilt på si side i historia. Men at mannen kan skrive, er det ingen som helst tvil om. Og han skriv knakende godt.

«En sang om hevn» er ein røff og brutal krimroman med eit godt tempo. Den provoserer, den engasjerer og den skaper eit vell av følelser overfor karakterene. Ole Asbjørn Ness viser nok ein gong at han er ein forfatter å rekne med i det gode selskap.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar