Papirløs av Carina Dilek Dahl

Ein roman som overrasker stort med sitt innhald og innehar eit gnistrende godt språk.

  • Norsk tittel: Papirløs
  • Forfatter: Carina Dilek Dahl
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 320
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Calidris Forlag

Carina Dilek Dahl (Født 1985) er ein norsk-tyrkisk forfattar. Ho debuterte med romanen «Papirløs» i 2024.

Et liv uten frihet er et liv i fangenskap. Men kun når man klarer å erkjenne sitt fengsel og våger å være ærlig med seg selv, opplever man den største friheten av dem alle. Boken handler om den identitetsløse mannen Nicolas som befinner seg på innsiden av samfunnet, men lever på utsiden uten å innrømme det. Når han møter Maya våkner han opp ufrivillig. Dette er hans historie om kampen for en fri framtid og innsiktene som skapes når man må være ærlig med seg selv og ta de riktige valgene i livet. Dette er en bok om å tørre å tro på livet og våge å velge riktig,
og se verden åpne seg opp. Denne boken er skrevet til alle mennesker. Forfatterens ønske er at denne boken kan bidra til en ny dimensjon av livet og av kunsten å leve.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Papirløs».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein roman som omhandler det å tru på livet og våge å være seg sjølv fullt ut. Ein kamp mellom det gode og det onde i ein person.

Me møter Nicolas Riviére. Han er ein fransk statsborger som bur i Noreg. Her har han ein son på 3 år, men kjem ikkje særleg overens med moren til bornet, og ein dag får han ikkje tak i nokon av dei. Når han ikkje får fornyet passet sitt er han ein papirlaus og identitetslaus person i Noreg. Valgets kvaler og personlige kriser står for døra, og me får ta del i alle hans val, tanker og væremåte. På godt og vondt.

Handlinga foregår frå 2017 og framover. Forfatter tar oss med til forskjellige stader rundt om, der me fylgjer Nicolas som kjemper for sin rettferdighet, for sin eiga lykke og for sine to born; Adam som bur i Noreg, og Helene som bur i Frankrike. Absolutt alt kretser rundt Nicolas, og forfatter gir liv til denne karakteren på ein særegen måte.

Å skrive ei bok som omhandler tanker og følelser gjennom heile historia, utan å gjenta seg sjølv til det kjedsommelige er kunst. I utgangspunktet er dette ei bok som kanskje ikkje er heilt i mi gate, men ein kan ikkje unngå å la seg rive med av historia og språkformen til Dahl.

Og det fantes ingen mening i det meningsløse. Alt handlet om hvordan jeg stod i livets urettferdighet. Hvordan jeg holdt balansen. Smerte var uungåelig, men å lide var valgfritt.

Forfatter har eit fint verkemiddel i teksten. Heilt foran i boka er det nemlig ei spilleliste, der ni sanger med artister er lista opp. Utover i boka så nevnes desse i teksten her og der. Då kan ein setje på sangen medan ein les, eller berre ta ein pause og høyre på teksten. For det er ein meining bak kvar einaste song, og den passar utmerket til stadiet vår hovedperson befinn seg.

Allereie tidleg i boka får me døme på særs gode metaforiske skildringer. Dahl klarer å skape ei stillferdig stemning gjennom sterke uttrykksfulle metaforer. Ho klarer også å få lesar med på historia og ein kan formelig føle sorgen, engstelsen og fortvilelsen Nicolas sitter med.

Jeg følte meg fanget i en liten boks, eller kanskje i en kiste. Jeg så ut av den skitne ruten. Det regnet. Vanndråpene trommet hardt mot vindusglasset, som om de prøvde å bryte seg inn. Regnet falt så tett at verden utenfor ikke fantes lenger. Det virket som om den gråt for meg i dag. For alt jeg hadde vært gjennom.

Etterkvart møter Nicolas ei ny kvinne i Maya, og hennes son Daniel, som er 3 år og like gamal som hans eiga son. Han føler ho er hans sjeleven, men samtidig har dei kvar sin bagasje dei bærer på. Sakte, men sikkert kjem dei kvarandre nærare og fortel kvarandre om deira laster. Vil det føre dei enda nærare, eller sit dei i kvar sin båt som reker kvar sin veg? Det handler blant anna om løgn, bedrag, sakn mismot og fortapelse.

Alt kretser rundt tanker og følelser. Nicolas er jeg-person og me får nesten alt frå hans ståsted. Det er djupe, reflekterte tanker som gir meining og er til ettertanke. Når ein kvinneleg forfatter skal skape ei historie som omhandler ein manns tanker, så kan det av og til bikke litt over. Så kan ein alltid undre seg om ein mann kan sitte inne med såpass mange reflekterende tanker… Til det finnes det nok ingen fasit, men eg synes at Dahl tidvis kanskje analyserer hovedkarakteren litt vél mykje. Men det tar likevel ikkje frå henne truverdigheten og tematikken i historia. Dahl har, gjennom dagboknotater frå Maya, klart å balansere historien litt over på den feminine sida også. Dette skaper ein motvekt, sjølv om dei kanskje tenker likt, om enn på kvar sin måte.

Mennesker er ingenting uten tro. Og ingen kropp kan unnvære hjertet sitt. Og mørket i hjerte kan man aldri unnslippe. Så lenge det er mørkt, så lever det. Så lenge det er mørkt kan det også bli lys.

Det er stilstudie i menneskesinnets lunefulle irrganger. Nesten på grensa til det filosofiske. Det er djupe og inngående samtaler mellom to personer. To sjeler som møtes i eit crescendo av følelsar, og som spelar kvarandre både sterke og svake.

Karakterskildringene er strålande og ein kan kjenne seg att i ein eller anna form gjennom karakterar og/eller tanker. Forfatter har sendt lesar ut på ei indre reise som er til inspirasjon og ettertanke.

Det er eit strålende språk som vert ført i boka. Å skrive ei bok på over 300 sider om følelser og tanker, utan at det vert kjedeleg eller gjentaking er rett og slett kunst. Eg er mektig imponert.

«Papirløs» er ein roman som overrasker stort med sitt innhald. Den er stillferdig på sin unike måte til tross for handlinga, takket være eit fremragende språkbruk. Carina Dilek Dahl er eit navn alle dei store forlaga definitivt bør notere seg. Dette var ein debutroman som verkeleg satte sine spor. Wow!

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar