The Witch Boy Vol 1-3 av Molly Knox Ostertag

Ein teikneserie som er magisk på alle måter.

  • Norske titler: Heksegutten, Den skjulte heksa, Midtvintersheksa
  • Original titler: The Witch Boy, The Hidden Witch, The Midwinter Witch
  • Forfatter: Molly Knox Ostertag
  • Sjanger: Fantasy, Teikneserie, Barn og unge
  • Antall sider: 213, 203, 203
  • Utgivelsesår i Noreg: 2023, 2023, 2024
  • Utgiver: Outland Forlag

Molly Knox Ostertag (Født 1991) er amerikansk teikneserieskaper og forfatter. Ho gav ut sin fyrste teikneseriebok i 2018, som også var den fyrste boka i serien om The Witch Boy. Sidan den gong er det kommet ytterligere to bøker i denne serien. Ho har også utgitt andre bokserier, og har oppnådd stor suksess i sitt til nå korte forfatterliv.

Dette er ein serie som fylgjer historien om Aster, ein gut som veks opp i ein magisk familie kor jenter blir opplært til å bli hekser, og gutter blir opplært til å bli formskiftere. Imidlertid føler Aster ein sterk tilknytning til heksekunst, noko som er forbudt for gutter i hans familie. Etterkvart som historien utspeler seg, praktiserer Aster hemmelig heksekunst og oppdager sine unike evner.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Outland Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «The Witch Boy».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein teikneserie i bokformat som passer for born frå 9 år og oppover.

Eg har lest alle tre bøkene som er utgitt så langt. (Pr Sep 2024), og kjem her med ein samla bokanmeldelse ut frå desse tre bøkene; «Heksegutten», (2023) Den skjulte heksa» (2023) og Midtvintersheksa» (2024).

Aster er ein gut som ikkje er heilt som dei andre. Han skil seg ut i form av at han vil lære seg det jentene blir lært opp til, og bryr seg mindre om det gutane skal kunne i denne magiske familien. Ved å sniklytte til jentenes undervisning, tilpasser han seg ein del av heksekunsten. Etterkvart oppdager han meir og meir av sine unike egenskaper, men har han kontroll på dei?

Det fyrste som slår meg når eg holder bøkene i hendene, er vekta. Dette er overraskende tunge bøker, til tross for soft cover. Det er med andre ord tjukke sider og kvalitet frå perm til perm.

I den fyrste boka starter boka med ei stamtavle, medan bok nr 2 inneheld eit kart over staden. Begge desse er gode verkemiddel for å setja lesar raskt inn i karakterregister og universet til Ostertag.

Hovedkarakteren Aster er ein strålende karakter. Vedkommende er ein person som det er litt vanskeleg å plassere, og som alle vil gjere opp si eiga meining rundt. Uansett så har forfatter gjort eit meget solid forarbeid med karakteren, og Aster utvikler seg gjennom heile historia.

Illustrasjonene er fargerike og manga-inspirert. Bakgrunnsdetaljer er det lite av, men samtidig så fremhever det uttrykksform til karakterene. Når det er bevegelser, så har forfatter skrevet bevegelsene med ord, som f.eks hopp, nikk og bang. Dette fungerer overraskende bra, og det vert meir «lyder» ein «høyrer» framfor at det blir eit irritasjonsmoment i stripene.

Dette er ein klassisk forteljing der den som folk ser ned på, blir den store «helten» til slutt. Hvertfall er det slik ein trur når ein byrjer å lese denne serien. Men om det faktisk er slik det ender, det får du finne ut sjølv. Det er riktignok ingen tvil om at forfatter er inspirert av å fremheve den svake, den som vert latterliggjort til å framstå langt sterkere enn det ein skulle tru, sjølv om det er med ein personleg touch.

Etterkvart som historien utspeler seg, introduseres me for fleire gode karakterer, både folk som ikkje kan magi, og folk med mykje innesperra krefter som kan by på problem. Det som eg likte aller best med denne serien, er at den framstår som kvardagslig. Det er vennskap, familieliv, og kvardagen som rusler og går. Likevel er det magien og dei magiske egenskapene som driv historia videre. Gutane skal klare å gjere hamskifte, medan jentene skal kunne heksekunst.

Det er avsluttende historier for kvar bok, noko eg er ein stor fan av. Riktignok så fortsetter historia meir eller mindre der den forrige slutta, men ein får uansett ein avslutning på det ein les. Men livet fylgjer ein videre, og me får vera med på reisa til blant andre Aster og hans vener.

Det er hovedsaklig sympatiske karakterer med sine feil og mangler. Det handler mykje om vennskap og utenforskap på tvers av bakgrunn, alder og personligheter. Bøkene er velskrevne, spennende og til tider innehar intense scener. Forfatter drar ned tempoet her og der for å gi lesar muligheten til å reflektere litt rundt bodskap og tematikk. Dette er eit veldig fint verkemiddel når det blir brukt riktigt, og det gjer det i denne serien.

Serien er rørende på sin heilt spesielle måte. Det er ein inkluderende familie, som tar utenforstående inn i varmen med opne armer. Likevel er det ein familie med moral og holdninger som kan virke litt gammeldags. Dette fører til ein del konflikter, og får blant andre Aster til å føle seg utilpass og annerledes.

Det er ein forenkla magi som er både oversiktlig og lett å fylgje med på. Dette fører til at den er lettlest og sjølv dei yngste vil klare å skjønne historia. Den fenger frå fyrste side av, og den treff noko i meg som leser, utan at eg heilt klarer å setje fingen på kva. Humoren er enkel, men likevel god nok til at ein må dra på smilebåndet.

Det er jordnært og gjenkjennbart univers. Her finn ein vanlege mennesker med uvanlege egenskaper. Det er også mykje symbolikk og ein djup historie viss ein les litt mellom linjene, noko som gjer den like leseverdig for ein 9-åring som for ein godt vaksen person.

Ostertag har skapt eit univers som er blitt tatt imot med opne armer blant lesere rundt om i verda. Og det kan eg veldig godt skjønne etter å ha lest desse bøkene. Det er gode, reflekterende historier som er strålende illustrert. Eg er meget glad for at Outland Forlag har valgt å satse på denne serien, slik at den også er tilgjengelig på norsk.

The Witch Boy» er ein serie med teikneserie-bøker som er magisk på alle måter. Alt frå innhald, historie, karakterer, univers og bodskap er berre rett og slett fantastisk utført. Eg storkoste meg med bøkene, og kjem garantert til å lese dei fleire gonger. Dette er teikneserie-bøker frå øverste hylle! Desse bøkene har virkelig ein wow-faktor over seg.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar