Bok nr. 5 i serien om Jan Petter Salte og hans etterforskningsteam.
- Norsk tittel: Boss
- Forfatter: JR Henrixen
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 463
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: A1 Krimforlag
Jan-Robert Henriksen (Født 1958) har jobba 28 år i politiet. På CV’en sin kan han føre opp politietterforskar, jurist og komikar. Og det er som komiker og buktalar han har blitt ein kjent figur, med over 3500 show på samvittigheita, produsert egne teatershow, vert gjest i mange TV-program og produsert egne TV-show. Han har tidlegare gitt ut to humorbøker; «Er dette menneskets beste venn?» og «LIVET…lissom..». «De udugelige» som kom ut i 2018, er hans fyrste krimbok. Sidan har han gitt ut «Stålrosen» i 2019, «Nattklovnen» i 2020, «Kunsten å røve» i 2022, og «Boss» i 2024.

En norsk kvinne blir utnyttet i internasjonal kriminalitets mest nedrige yrke og fanget i egen angst. Les om det skymme markedet – libertinerfester. Om gull, makt og seksuelt begjær. Ex. marinejeger, politiførstebetjent og familiefar Jan Petter Salte er tilbake med sitt særegne team. Han slåss for rettferdighet, på tross av pandemi og mafiafiender.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Boss».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein krimroman, og bok nr. 5 i serien om politiførstebetjent Jan Petter Salte. Boka kan fint leses frittstående, sjølv om det er forgreininger til dei foregående bøkene i serien.
Denne gong har forfatter lagt handlinga til rettssalen. Saken er ferdig etterforska, og nå er det opp til rettsapparatet å avgjere skyldspørsmål. Gjennom vitneavhøyr og tilbakeblikk frå politietterforskinga får me eit fullkomment innblikk i saken.
Lene Andersen, ei norsk kvinne, vert utnytta på det groveste av internasjonale kriminelle. I utgangspunktet er ho i Sveits for å passe på multihandikappede Robert, men ho vert meir eller mindre utsatt for prostitusjon gjennom private fester og sammenkomster. Den ansvarlige har ho i eit jerngrep, og ho er nødt til å spele med, viss ikkje vil det få fatale konsekvenser for ho sjølv og personer rundt ho. Gjennom vitneboksen får me ta del i denne historia frå start til slutt sett frå Lene Andersen sitt ståsted. Men det handler vél så mykje om det følelsesmessige aspektet når ein fylgjer denne karakteren, som det gjelder sak.
Vi måtte rippe opp i intime ting, beklaget han. Jeg grøsset, og maveknipet kom. Overgrep var redusert til ord. Bare jeg var til stede i historien, hvert minutt, kjente luktene og lydene.
Handlinga foregår under korona-pandemien, så det meste er nedstengt og inn- og utreise er innført med kraftige restriksjoner. Dette fører til at Salte og hans team ikkje har moglegheit til å reise utenlands for å etterforske saken, som etterkvart vert utvida til å gjelde fleire land, og då særskilt Spania. Men i Spania så befinn eit tidlegare medlem av gruppa seg, nemlig Rita Halvorsen. Ho er politiets sambandsoffiser i utlandet, og får etterkvart ein viktig rolle i jakten på bakmenn.
Me møter att teamet til Salte. For dei som har lest dei foregående bøkene, så hugsar ein raskt dei karismatiske karakterene. Johnny Jensen med sin raske replikk, Ole-Birger som er den rolege og sjenerte, hunde-Henning med sin bestemte framtoning, late-Lars som går gjennom ei tøff tid, men som likevel sit der med sine travtips og skrapelodd, og sjølvsagt Jacob von Sydow. Mannen som berre må oppleves. Denne gongen er det nesten utelukkende gjennom politiarbeid med får ta del i desse karakterene. Den private sida er lagt til sides i denne boka. Noko som forsåvidt er heilt greit med tanke på innhald og tematikk. Minuset er nok at for nye lesere så får ein kanskje ikkje det heilt rette inntrykket av karakterene, utan å kjenne til bakgrunnshistoria.
Det er nokre røffe seksuelle skildringer i boka. Det er likevel ein nødvendighet for å setja lesar eksplisitt inn i saken og skjøna kva fleire av desse damene faktisk har vert utsatt for.
Gjennom rettssalen får me ta del i begge sider av samme sak. Det er eit fascinerende skue, der partene forsøker å setja kvarandre ut av spel. Truverdigheten er god, og ein formelig sit på tilhøyrerbenken og både høyrer og ser dei involverte gjennom Henriksens skildringer.
Handlinga hopper fram og tilbake, men er likevel straumlinjeforma. Gjennom klare kapitteloverskrifter så levnes det ingen tvil om kvar me er i tidslinja. Henriksen har denne gong valgt å fokusere på internasjonal kriminalitet der syndikater med makt og begjær er framtredende. Her finn ein gjengkriminalitet, hardbarka MC-miljø og eskortepiker. Dette fører til litt action her og der, utan at det tar heilt av.
Jeg bråsnudde mot lyden, hyperventilerte, ville flykte, skrike. Fruen stirret på meg med disse svakt gule øynene. Jeg snudde meg andre veien, men en tynn mann i skinnbukse, med smalt ansikt og skarp nese under en kaps klemte en kniv med et langt, syltynt stålblad inntil hofta mi.
Med sine 121 kapitler, så er boka relativt lettlest på tross av at den er på godt over 400 sider. Ved å fylgje fleire personer og historier parallelt, så flyr kapitler og tid av stad. Midtpartiet synes eg trakk litt ut, men i det store og heile så er dette ei bok som lever opp til den standarden som Henriksen har satt med sine tidlegare bøker i denne serien.
Som vanlig i Henriksen sine bøker er det også ein varm og lun humor. Særskilt gjennom dialoger og kjappe kommentarer. Å skrive seriøs politikrim med humor kan bikke begge vegar. Men eg synes at forfatter finn ein gylden middelveg. Det er humor der det tillates, og alvor der det er nødvendig. Politi er nødt til å ha galgenhumor for å komme gjennom mange av sine saker. Så også her. Ein kan ikkje unngå å dra på smilebåndet.
Eg liker forfatters måte å introdusere nye karakterer på. Det er kort og konsist, men samtidig utfyllende nok til at lesar kan danne seg eit bilete. Perifere karakterer er ikkje navngitte og ein slepp å forholde seg til fleire enn nødvendig. Dette er definitivt eit stort pluss, særskilt når boka er på over 450 sider. Då er ein gjerne innom ein god del karakterer på sin veg mot målet.
Nå satt jeg i retten og så på ham igjen. Advokatfullmektig, Jotomajor Sot. Arrogant, halvveis sittende, halvveis liggende bak Advokatmusa, Burberryhaien og Tørrfurua.
I etterforskningsgruppa så er Henriksen innom arbeidsmiljø og interne intriger som skal utkjempes og vinnes med sine sjefer. Det er eit flytende og plausibelt miljø forfatter beveger seg i, noko som gjer til at ein trur på historia.
«Boss» er ein politikrim som foregår i rettssalen. Ved å skildre følelser og ansiktsmimikk til dei involverte, så er ein til stades der det skjer. Med ein god historie og eit velkomponert plott som er sydd saman på ein strålende måte, lever JR Henrixen opp til forventningene han har satt med denne serien. Imponerende levert nok ein gong!
TERNINGKAST: 5