Dokumentar om bandet Oslo Ess.
- Norsk tittel: Oslo Ess – Uleste bøker og utgåtte sko
- Forfatter: Jonas A. Larsen
- Sjanger: Dokumentar, Musikk
- Antall sider: 165
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Norske albumklassikere/ Falck Forlag AS
Jonas A. Larsen (Født 1991) er forfatter, illustratør og kulturformidler. Han debuterte som forfatter med young-adult romanen «Gapestokken» i 2023, og gav ut dokumentaren «Oslo Ess» i 2024.

Gjennom samtaler med bandmedlemmene Åsmund Lande, Peter Larsson, Knut-Oscar Nymo og tidligere trommis Mads Golden er dette historien om bandets start, inspirasjon, låtskriving og lokalmiljø i datidens Oslo. Her fortelles historien om Oslo Ess’ første plate – rett fra kildene. Bli kjent med fargerike personligheter, vestkystspønk, ska, køntri og svenske folkeviser. Bandet forteller også for første gang om hvorfor Mads Golden la trommestikkene fra seg, allerede året etter debuten.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Oslo Ess – Uleste bøker og utgåtte sko».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein dokumentar og faller inn under Norske albumklassikere sin bokserie. Her er det gruppa Oslo Ess me vert kjent med.
Boka er delt inn i tre deler. Den fyrste delen handler hovedsaklig om bandets opprinnelse, den andre delen handler om kvar enkelt song på deira fyrste plate, og i den tredje delen får me eit kort innblikk i korleis det har gått, og vegen videre.
Forfatter starter med å fortelje hans fyrste møte med bandet, og kvifor han skriv denne boka. Dette er like masse ein samtale-bok som det er ein dokumentar. Forfatter har møtt bandmedlemmer i 2023 over ein god kopp kaffi, og hatt lange, fine samtaler som er meir eller mindre gjengitt i sin heilhet i boka. Når oppsettet er slik, så sitter ein formelig ved nabobordet og overhøyrer samtalene dei har hatt. Enkelt, intimt og effektivt.
Stilen hadde ikke lova noe den ikke kunne følge opp: Det var rettfrem, deilig rock på norsk. Det var selvfølgelig spor av pønk og det gikk fort i melodiene, men jeg gjenkjente samtidig de catchy melodiene fra takvideoene. Bandet måtte helt klart ha ulike musikalske referanser og lot ikke til å la seg skremme av pop-element.
Eg hadde ingen kjennskap til bandet før eg begynte å lese denne boka. Eg søkte Oslo Ess opp på Spotify, og spelte av den fyrste plata; «Uleste bøker og utgåtte sko» medan eg leste. Det slo meg kjapt at eg hadde høyrt fleire av sangene før, utan å ha bitt meg fast i bandnavnet.
Det er fyrst og fremst dei tre bandmedlemmene Åsmund Lande, Peter Larsson og Knut-Oscar Nymo som fortel om bandet, men det er også innslag av andre. Dei går gjennom opphavet til bandet, inspirasjonskilder, og det som ellers skjedde i rocke-miljøet i årene før og etter 2010-2011. Sjølv om det er mykje pønk i det dei gjer, så vil dei ikkje kalla seg sjølv eit pønkband.
Oslo Ess såg dagens lys i 2010, men allereie i 2007 var frøet om gruppa sådd, og i 2011 kom dei ut med si fyrste plate. Her fortel dei villig frå denne tida, alt frå festivaler til plateinnspilling. Dei går gjennom låt for låt frå den fyrste plata, og fortel korleis låtene vart til. Her snakker dei også varmt om artister/grupper som har vert inspirasjonen bak låtene. Dei snakker også om det instrumentale og gjennom desse opplysningene så høyrer ein låtene på ein heilt ny måte.
Det er ein uformell tone i teksten. Det er rett og slett ein samtale mellom gode kollegaer. Dette smitter også over på leser, for det føles så ærleg og oppriktig alt som seies.
Bandet hadde 200 spillejobber i 2012. Eit tall som kan ta pusten frå nokon og einkvar. Her skulle eg gjerne hatt fleire historier rundt alle desse konsertene, reisene og samhaldet i bandet. Eg rekner med at dei opplevde mykje gjennom dette året, på godt og vondt, som kunne ha vert leseverdig.
Ein får mykje informasjon i denne boka som nok aldri har vert opplyst om før. Både av låter og av bandmedlemmer som kjem og går. Det er forskjellige musikkpersonligheter som finn kvarandre gjennom bandet, men som også setter kvarandre på prøver og tolmodighet.
Det er mange artister, personer og musikkgrupper som vert nevnt undervegs. Alle desse vert nøye utbrodert og i så måte er dette ein bit av ein musikkhistorie som vil være til stor glede for mange. Her får ein opplysninger om artist og sanger/utgivelser, som er brukt som inspirasjonskjelde, støttespillere og/eller forbilder for bandet.
Ollis heter egentlig Ole Petter Andreassen, og er musiker og produsent fra Flekkefjord. Han er kjent som vokalist, gitarist og primus motor i progrockbandet El Doom & The Born Electric; gitarist og trommeslager i Black Debbath.
Det er eit godt språk og ein fin organisering i boka. Forfatter bruker stort sett samtalene, og har dermed relativt få eigne ord og skildringer. Han fyller riktignok inn dei hulla som oppstår i samtalene og kjem med utfyllende opplysninger, Likevel viser dei små glimta at dette er ein mann med eit stort ordforråd og han har nokre gode skildringer.
Det aller aller meste kretser rundt deira fyrste plateutgivelse. Dermed vert me kjent med bandmedlemma gjennom musikken, og veldig lite som privatperson. Ein sit att med eit spørsmål om kven desse personene eigentleg er, bak musikkfasaden. Det får ein ikkje vite i denne boka. Derimot får me vite alt ein treng å vite om deira fyrste plate.
«Jeg hadde tenkt at jeg skulle gjøre det sånn upstrokes-aktig. Jeg begynte i F. Dædædædædædædæ, D-moll og så A. Jeg husker jeg tenkte at å starte i F, D-Moll og så A – det var smart! Nå kommer Åsmund til å tenke at fy faen, det der er fett!» Men Åsmund hadde ristet på hodet. «Nei, nei, nei. Nei. Det der er A-moll. Gå rett på A-moll.»
Eg vil sterkt anbefale å høyre på låtene medan ein les om kvar låt. Dette skaper eit heilt nytt lydbilete, og ein kan høyre dei små detalja som ligg til grunn i musikken. Det er både fengslende og fascinerende.
«Oslo Ess – Uleste bøker og utgåtte sko» er ein dokumentar som er både velskrevet og organisert. Gjennom samtaler med bandmedlemmer får me eit heilt nytt inntrykk av låtene og historia bak bandets opprinnelse. Lydbilete frå den fyrste plata deira før og etter å ha lest boka er veldig forskjellig i positiv forstand. Boka kan varmt anbefales til alle med musikkinteresse.
TERNINGKAST: 4+