Lykkeformelen av Ingrid Berglund

Dette er bok nr. 2 i krimserien om psykolog Iselin Norman.

  • Norsk tittel: Lykkeformelen
  • Forfatter: Ingrid Berglund
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 336
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Gyldendal Norsk Forlag

Ingrid Berglund (Født 1966) har ein mastergrad i økonomi og finans, og har blant anna jobba som finansanalytiker. Ho debuterte som forfattar med krimromanen «Det svakeste ledd» i 2006. Sidan den gong har ho gitt ut ei rekkje bøker. I 2022 gav ho ut krimromanen «Den svarte svanen», der ho fulgte opp med «En skygge på min grav» i 2023.

Elanor Vinje blir funnet død i sitt eget hjem. Psykolog Iselin Norman, som hadde Elanor som pasient, kan ikke forsone seg med politiets konklusjon om at det er selvmord. Én ting står nemlig klart for psykologen, og det er at Elanor bar på en dyster hemmelighet. Snart viser det seg at bånd fra fortiden knytter de to kvinnene sammen. Det driver Iselin til å ville løse opp i de mange trådene, og snart blir hun dratt inn i en sak som blir livsfarlig for henne selv. Og alle spor av drapsmannen leder tilbake til henne.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Lykkeformelen».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman og andre bok i serien om psykolog Iselin Norman. Boka vart utgitt fyrste gong i 2008 på Kagge Forlag. Her er den utgitt som ein del av Gyldendal Pocket. Denne kan fint leses frittstående, sjølv om det er koblinger til den fyrste boka.

Elanor Vinje er klient hos Iselin, men ho vegrer seg for å snakke om det som faktisk plager ho. Når Iselin er i ferd med å bearbeide ho, så vert ho funnet død i sin eiga heim. Politet konkluderer med sjølvmord, men Iselin nekter å godta den konklusjonen, og starter si eiga etterforskning. Det kjem ho til å angre på…

Me møter att psykolog Iselin Norman. Ho er samboer med Andreas, som jobber i Kripos. Denne gongen er Andreas på oppdrag på ein anna kant av landet, så det nære samspelet mellom dei to er ikkje så tett i denne romanen. Men dei har sjølvsagt jevnlig telefonkontakt.

Iselin er ein god karakter. Når ho har satt noko i gong, så fullfører ho det. Sjølv om det tærer på alt av krefter og energi. Ingenting kan stå i vegen for ho, når ho setter denne sida til. Noko som også fører ho ut i farlege situasjoner.

Det er ein grei start på romanen. Den er riktignok ikkje eksplosiv med storslåtte og intense actionscener, men det ligg ei nerve der. Ein føler på at noko er galt, og at det ligg noko uforløst som er i ferd med å krype til overflata utover i historia.

Svetten rant nedover ryggen. Jeg tok sats og kastet meg mot betongdøren med all min tyngde mens jeg rev i håndtaket. Døren gikk opp med et brak – og Sognsvann lå inviterende og fredfullt mellom trærne noen hundre meter bortenfor. Så kjente jeg en hånd på skulderen.

Forfatter har valgt å ta utgangspunkt i faktiske hendinger, og drar inn ekte personer. Dette gjer til at ein føler på ein form for realisme og at det faktisk kan ha skjedd. Ho bruker f.eks den amerikanske psykologen Martin Seligman sin såkalte lykkeformel som inspirasjonskjelde.

Dette er ingen politikrim. Dette handler om ein psykolog som synser og antar, og ved hjelp av nokre gode hjelpere, så forsøker ho å begrunne sine antakelser og på denne måten stake ut vegen videre.

Plottet er grunt all den tid det ikkje er så fryktelig mange personer involvert. Eit skarpt auga kan lese gjennom linjene om kven eller kva som står bak før hovedkarakteren sjølv finn det ut. Likevel byr krimromanen på enkelte tvister og gjer leser usikker på sluttresultat.

Hva var det som var løgn og hva var det som egentlig var sant av alle opplysningene jeg satt inne med? Av alle de personene jeg hadde snakket med den siste uken, hvem av dem var det som forfektet sannheten?

Berglund skriv på ein måte at ho når ut til lesere som nødvendigvis ikkje er så glad i krimbøker i utgangspunktet. Ho speler på menneskesinnet, på oppførsel og reaksjonsmønster. I tillegg har ho skapt ein protagonist som står støtt på eigne bein, men som samtidig er vaksen nok til å innsjå sine begrensninger. Nokre få actionscener er det, men på ingen måte skildra slik at ein mister nattesøvnen av det.

Etterkvart som saken utvikler seg, så har forfatter tatt ein liten snarveg og to når ho tillater at høgtstående personer finner på å snakke om strengt hemmelige dokument og saker til Iselin. Her faller realismen gjennom, og ein burde kanskje ha forsøkt å tilnærmet denne delen av historia på ein anna måte.

Sjølv om plottet er grunt, så er saken kompleks. Ein skal holde tunga beint i munnen i enkelte situasjoner for å skjønne sammenheng. Det er likevel ingen grunn til å fortvile om ein ikkje skjønner alt, for det blir gjentatt og utbrodert utover.

Eg håper at Berglund tar høgde for det hovedkarakteren hennes er gjennom i kommende bøker. Det er traumatiske hendinger og øyeblikk som kan skade eit menneskesinn på livstid. Sjølv om ho er psykolog, så håper eg at ho fortsatt er menneskeleg, og at det får etterspel.

Språket er godt og både tekst og dialoger flyt fint. Med sine sytti kapitler så er boka lettlest, og forfatter klarer å halda på nerven lenge nok til at boka er interessant og spennende.

«Lykkeformelen» er ein krimroman der me fylgjer ein standhaftig psykolog i hennes kamp mot onde krefter. Med eit solid språk og ein fin nerve, så er dette ei bok som enkelt kan anbefales videre. Dette er også ein fin serie som passar for dei som kanskje ikkje er så glad i krim i utgangspunktet.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar