Edda av Anders Somby

Ein altoppslukende kortroman for ungdom.

  • Norsk tittel: Edda
  • Forfatter: Anders Somby
  • Sjanger: Ungdom, Grøsser
  • Antall sider: 78
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Anders Somby

Anders Somby bur i Oslo. Han har tatt hovedfag musikk på Universitetet i Oslo, og har komponert musikk opp gjennom åra. I 2020 kom han ut med sin fyrste roman på eige forlag. «Chagall stjålet» er den fyrste boka i serien om privatetterforsker Herlov Holm. «Et hjerte for to» vart utgitt i 2021, og «Tvillingparasitten» i 2022. Alle bøkene er i samme serie. I 2024 gav han ut kortromanen «Edda», som er ei ungdomsbok.

Hytta ved tjernet får besøk av en familie med to barn som skal tilbringe sommerferien i fredelige omgivelser. Men hytta har også en annen beboer. En som foretrekker å være aktiv i nattens mørke, når mennesker vanligvis sover.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Edda».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein kortroman for ungdom som balanserer innom grøsser-sjangeren.

Eiendomsmekleren Pelle Johansen har ei hytte ved eit tjern. Saman med kona og deira to barn, Nette på 7 år og Petter som er ein baby, skal dei nyte late dagar på hytta. Men ein merkverdig skapning lusker oppunder taket. Nemlig ein korsedderkopp. Og det er ikkje ein hvilke som helst edderkopp heller….

Det er noko spesielt ved denne romanen. Det meste kretser rundt edderkopper og deira måte å jakte ned byttet sitt på og ete det, gjerne levende. Somby har ein eiga evne til å klare å få denne dramaturgien til å bli ein heseblesende og grøsseraktig historie som kryper under huda på lesaren. Eg skal ærleg innrømme at eg kikka opp i taket etter edderkopp medan eg las boka.

Beina hans sprellet og krøllet seg sammen i smerter. Hun var sulten. Det var ikke tid til å pakke dette byttet inn. Hun gnagde ut hannens mage med skiveplatens munnstukke og sugde i seg alt som rant ut av det levende, sprellende offeret og inn mellom hennes fuktige munnpalper.

Det er makabre skildringer frå etterkoppverdenen. Eddy, som edderkoppen vert kalla, er ein massemorder som drep veps, flåge og humle og veks seg skremmende fort stor og sterk. Nesten som det kviler ein forbannelse eller noko overnaturleg over edderkoppen.

Eg synes at forfatter er dyktig til å integrere mennesket inn i dyrenes verden, og motsatt. Mennesket har ein fascinasjon overfor dyr, og særskilt borna er nysgjerrige. Når noko unormalt dukker opp, så vert ein ekstra nysgjerrig. Men av og til skulle ein nok latt være…

Hunnedderkoppen klamret seg fast i det katastroferammede nettet og havnet med de ødelagte restene rett i luggen til menneskemosteret. Pelle selv enset knapt nettet, men feiet det kjapt bort fra pannen og gikk videre. Ingen så edderkoppen i håret hans.

Det er ein guffen stemning. Somby kjører på med alt av verkemiddel for å skape uhygge. Og det klarer han. Sjølv om det vert gjentakende skildringer når edderkoppen skal ta seg av byttet sitt. Og akkurat dette med gjentaking vart eit element som ein legg ekstra godt merke til i ein såpass kort roman. Her skulle eg gjerne sett at det var meir variasjon, for ideen er god og altoppslukende.

Boka er for ungdom og den er skrevet deretter. Det er 20 kapitler fordelt på rundt 78 sider. Den er med andre ord lettlest, men samtidig så har den eit innhald som innehar nokre tunge fagord og slikt, men det aller meste er veldig fint forklart bakerst i boka. Der har forfatter lagt inn ein faktadel som gjer boka lærerik i tillegg til å skape traumer.

-Behandling med perorale antihistaminer og glukokortikosteroider i forebyggende øyemed, med det mener jeg selvsagt residivprofylakse, kan dempe allergiassosierte symptomer som utslett, kløe rhino-konjuktivitt, astma, men gir ingen pålitelig beskyttelse mot ny anafylaksi..

Boka bør definitivt IKKJE leses av personer med araknofobi. Araknofobi er dei som har ein irrasjonell frykt for edderkopper. Sjølv for ein som ikkje har noko i mot desse krypa, tar seg gjerne ein ekstra kikk rundt seg etter at boka er lest.

Forfatter har skrevet boka i novelle-stil med overraskende vendinger og ein litt open slutt. Det heng noko i lufta, bokstavelig tala.

«Edda» er ein lettlest kortroman og grøsser for ungdom. Med ein guffen stemning og eit makabert innhald, så skaper Anders Somby ei lesestund som ein seint vil gløyme. Boka er både leseverdig og lærerik på ein gong, og språket passar ungdomen godt. Eg vert ikkje overraska om ein sover med eit auga ope etter å ha lest denne.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar