Mordene på Verdens Ende av Kjell Arvid Nilssen

Klassisk krimroman med gode og sammensatte karakterer.

  • Norsk tittel: Mordene på Verdens Ende
  • Forfatter: Kjell Arvid Nilssen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 344
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Liv Forlag

Kjell Arvid Nilssen (Født 1955) er oppvokst i Sørreisa i Troms, men har budd i Tønsberg i ei årrekkje. Han debuterte som forfattar med «Kjærlighet og død på boreriggen Oil Finder» i 2007. I 2009 gav han ut «Venninepakten». «Antatt Skyldig» er hans debutroman innan kategorien klassisk krim. I 2023 kom har ut med «Mordene på Verdens Ende.

En vennegjeng utgått på dato, i ferd med å brytes opp av indre stridigheter. Bare rester av uskyldige barndomsminner binder dem sammen, i en skjør lenge av fantasi og virkelighet. Den skal snart ryke. For midt i hyttefesten runger ekkoet fra et bestialsk mord som fant sted på Verdens Ende, for fem hundre år siden. Alt skulle vært glemt. Over. Men så tar livet brått slutt for en av dem på samme sted i år 2019. Etterforsker Stig Motland visste ikke hva som ventet da han gikk av toget på Tønsberg stasjon.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlagshuset i Vestfold. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Mordene på Verdens Ende».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei klassisk krimbok der etterforskningsdelen er i fokus.

Boka starter med ei hending som fann stad i Tunsberg (Tønsberg) i 1536, der blant anna eit bestialsk mord vart begått. Over 500 seinere er ein vennegjeng samlet til hyttefest på Verdens Ende, samme sted som mordet, og ein av dei skal aldri få vende attende til kvardagen.

Eg likte måten Nilssen bind saman dei to tidsepokene, der han speler på myter, sagn og mystikken rundt det drapet som i fylgje historien til vennegjengen skal ha blitt begått ved Verdens Ende. Han bygger opp under myten, og det skaper ein uhyggelig stemning.

Morderen bøyde overkroppen bakover, hevet ene hånden høyt opp bak ryggen. Den tunge steinen jaget nedover akkurat idet solskiva skar over horisonten i øst.

Det aller meste kretser rundt vennegjengen som består av fem personer. Alle har sitt å stri med, og sjølv om dei ein gong var ein samansveisa gjeng, så har tidens tann ført dei frå kvarandre. Konflikter, misunnelse og sjalusi er grobunn for interne stridigheter, som skal få fatale konsekvenser. Men for kven? Og kven er det som står bak ugjerningen(e)? Etterkvart utspeler det seg eit klassisk krimplott der etterforskningsdelen sakte, men sikkert nøster opp i fortid og nåtid.

I starten av boka er det ein del lange kapitler. Dette kjem seg ettersom handlinga skrider frem, og den vert etterkvart ei lesevennlig bok.

Karakterregisteret er bra, der blant anna eit tvillingpar er med. Linn og Lise. Her kunne ein kanskje hatt meir ulike navn sidan det er lett å blande dei midt oppi alt som skjer. Me fylgjer også foreldra til nokon av karakterene. Dette er ein fin vinkling for å få eit lite innblikk i korleis dei har det på heimebane, og forfatter har ikkje vert snauere enn at han har skrevet foreldra aktivt inn i historien. Plutselig har han fleire strenger å spele på, slik at han ikkje kjører seg fast i eit spor.

Den sterke mannen lukket øynene og gråt så veggene ristet.

Det er satt av to etterforskere på saken. Kripos-etterforsker Stig Motland, og den lokal politimannen Jonas Smith. Dei finn raskt tonen, og jobber godt saman. Litt interessant var det at sjølv om dei er midt oppi ei drapssak, så prioriterer dei familien og barna sine. Nilssen velger å vektlegge eit godt samspel mellom far og sønn, til tross for alt det dystre ein ellers les om. Dette er ein fin kontrast til det alvorlege, og løyser opp stemninga ein del.

– Men jeg liker det du antyder, Jonas. La oss gå bredt ut, forsøke å se hele saken fra flere vinkler. Er det mulig at selve nøkkelen ligger et sted vi ennå ikke har begynt å lete?

Det er kapitteloverskrifter som oversiktlig viser kven me fylgjer. Språket er bra, og drivet er generelt godt. Det var ein del skrivefeil i boka, enkelte kom tett på kvarandre slik at ein ikkje unngår å legge merke til det. Dette er noko eg rekner med vert ordna i ei eventuell 2.utgave av boka.

Eg syntes at sluttpartiet drog ut, om ikkje til det kjedsommelige, så vart det i mine auge litt vél langdrygt. Alt kjem i bølger, og enkelte stader vert det nesten overveldende, medan andre partier vart det litt kjedelig. Ein gylden middelvei hadde nok gagnet historia betre.

Det er avhøyr, nye tips og etterforskning som driv historia videre. Nye opplysninger kjem stadig fram, og ein kan danne seg eit bilete av kva som har skjedd og kven som er involvert. Samtidig så sit ein med følelsen av at no kjem det ei vending i saken, eller at forfatter har lagt ei fallgruve for lesaren. I så måte har ein ikkje fasiten før siste side er lest.

Historia er skrevet slik at forfatter legg enkelte føringer her og der, og gjer til at ein kan løyse saken før eventuelt politietterforskerne klarer det. Nokre overraskende vendinger er det riktignok som kan få deg til å måtte tenke i andre baner. Det er ikkje eit samansatt og djupt plott, men det fungerer veldig bra på sin måte, og fremprovoserer tanken om å få vite om den du hadde i tankene er den reelle gjerninspersonen eller ikkje.

«Mordene på Verdens Ende» inneheld ei klassisk krimgåte med drap og påfølgende etterforskning. Med eit bra driv og gode, samansatte karakterer vart dette til ei fin lesestund der dei små grå fekk jobba på høygir undervegs i romanen.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar