Granittgutta er tilbake, og denne gongen er det ein stjålen ring som skaper hodebry.
- Norsk tittel: Granittgutta – Tiktok-banden
- Forfatter: Svein Jarle Åbrekk
- Illustratør: Trond Kulterud
- Sjanger: Spenning, Barn, Unge
- Antall sider: 121
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Fonna Forlag
Svein Jarle Åbrekk (Født 1979) jobber ved Varhaug skule i Hå kommune i Rogaland. «GranittGutta – dronemysteriet» som kom ut i 2020 er forfatters debutroman. I 2023 gav han ut «Granittgutta – Tiktok-banden».

Kameratane Frank og Kristoffer bur i Granittvegen og går i same klasse. Dei må starte ferien med å vera med faren til Frank på ein konferanse og reknar med at det blir ganske kjedeleg. Men så forsvinn ein ring frå ei vikingutstilling på hotellet. Når det dukkar opp spor på ein mystisk TikTok-konto, kastar Granittgutta seg over mysteriet.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Granittgutta – Tiktok-banden».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei spenningsbok for born og unge i alderen 8-12 år, og er bok nr 2 i serien om Granittgutta. Den kan fint leses frittstående og er skrevet på nynorsk.
Me møter att Frank og Kristoffer som bur i Granittvegen. Det er endelig blitt sommerferie, men desse to gutane må være med faren til Frank på ein kjedelig geologikonferanse. På hotellet dei bur på er det også ein vikingutstilling, og når ein ring vert stjålet frå utstillinga, så er dei ikkje seine om å kaste seg inn i saken. Den kjedelige turen er dermed snudd om til spenning og dramatikk.
Gutta er på TikTok, der dei fylgjer blant anna ein som kaller seg Valhal89. Ein mystisk person som poster merkverdige meldinger. Er han innblanda i saken om den stjålne ringen? Og kven er eigentleg denne personen? Ein spennende bi-historie som flettes fint inn i teksten.
TikTok speler ein stor rolle i boka. Det handler om følgere og litt om innhaldet og det at ein kan gjøyme seg bak brukernavn.
Også i denne boka er det småmorsomme kommentarer og artige situasjoner. Likevel følte eg kanskje at det vart litt vél masse fliring og fjasing dei to hovedkarakterene seg imellom.
Dette er den vanskelege bok nr 2, og fallhøyden er stor når den fyrste boka var meget god. Eg sakna å bli enda betre kjent med desse to kompisene. Kor gamle er dei f.eks? Grunnleggende informasjon som burde vert med tidleg i historien er utelatt. Eit og anna smådrypp av karakteristikk er heldigvis med, men eg hadde håpa på meir, for det er interessante og gode hovedkarakterer.
Kristoffer var vanlegvis den mest tolmodige av dei, men no var det ikkje så mykje igjen.
Her og der finn ein fargerike og gode illustrasjoner som illustrerer både karakterer og omgivnader på ein veldig fin måte. Det gir eit bilete på det usagte i teksten, og slik sett så utfyller tekst og illustrasjoner kvarandre særs godt.
Ein finn lærerike opplysninger innimellom som skaper ein form for realisme. I tillegg er det alltid kjekt når bøker er både spennende og lærerike på ein gong. Dette er noko Åbrekk definitivt kan fortsetja med i fleire bøker, for han skriv det naturleg inn i historia utan at det virker påtvunget.
«Eirik Raude. Det var vel han som flykta frå Noreg og fann Grønland?» Frank så spørjande på på Kristoffer for å få informasjonen bekrefta.
Personregisteret er relativt lite, men likevel så følte eg at enkelte var pappfigurer. Her skulle eg gjerne sett at forfatter hadde brukt litt tid på å gi dei eit ansikt og ein personleg identitet. Så er det slik at målgruppa kanskje ikkje er like opptatt av dette, men heller vil ha spenning og at det skjer ting.
Språket er godt, og kapitlene er passelig lange. Det er i alt 17 kapitler og historia inneheld eit enkelt lite plott som med ei litt logisk tankerekke er nok til å løysa saken, også for lesaren. Her treff han målgruppa meget bra. Spenningsdelen kjem i bølgedaler, men det er likevel nok innhald til at drivet er godt.
Redselen hadde fått overtak. Hjartet gjekk amok – Frank frykta det kom til å hoppe ut av brystkassa.
Han sprang mot skrenten. Rett ved eit halvstort bjørketre låg rullestolen til kameraten.
«KRISTOFFER!»
Det er enkel humor med artig bruk av ord som er nøkkelen. Åbrekk leiker med ord og situasjoner som skaper ei morosam ramme. Som f.eks at Frank heiter Rike til etternavn. Noko som ikkje går upåaktet hen i klasserommet. Slike små ting skaper fleire nyanser i historia og gir forfatter fleire strenger å spele på.
«Granittgutta – Tiktok-banden» er ein spennende og innhaldsrik historie som treff målgruppa godt. Med kjappe og morosamme replikker, så får me ein fin balanse mellom det alvorlege og det lausslupne. Boka er lettlest og veldig fin å lese for unge som har byrja å lesa på eiga hand.
TERNINGKAST: 4