Fyrste bok i serien om Kripos-etterforsker Silje Johnsen.
- Norsk tittel: Bed & Breakfast
- Forfatter: Venke Astrid Gangstø
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 228
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Kolofon Forlag
Venke Astrid Gangstø (Født 1967) er utdanna lektor i norsk. Ho debuterte som forfattar med krimromanen «Bed & breakfast» i 2020, og gav så ut krimromanen «Før bjørnen er skutt» i 2021. «Tannhjulet» er hennes fyrste roman og vart utgitt i 2022.

I Bed & Breakfast etterforsker Silje Johnsen et bankran på Grønland i Oslo. Banken er nesten nærmeste nabo til politistasjonen på Grønland, men til tross for dette er det flere som vil ta et høyst ulovlig bankuttak. Én av ranerne blir skutt, og både ranerne, de ansatte og bankkundene er under mistanke. Bed & Breakfast er den første boka i serien med etterforsker Silje Johnsen.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Bed & Breakfast».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein krimroman og er den fyrste i serien om etterforsker Silje Johnsen. Dette er også debutboka til forfattar og kom ut i 2020.
Eit bankran går galt, og ein av ranerne vert skutt. Men kven var det som avfyrte skuddet? Var det ein av dei andre ranerne, ein av kundene eller ein av dei ansatte i banken? Og kva skjedde med dei fire baggene med ransutbyttet? Her er det mange spørsmål som dukker opp undervegs, og Kripos-etterforsker Silje Johnsen og kompanjong Erik Korgen får nok å henge fingrene i.
Me vert introdusert for ein god gjeng av karakterer. Det er ein del navn og relasjoner å holde styr på, for det er mange som var vitne til det som skjedde. Og det er ingen hemmelighet at ranerne må ha fått hjelp frå andre. Men det er ikkje opplagt frå kven. Dette er med på å holde drivet i historia oppe.
Gangstø har lagt opp til ei vinkling der alle er under mistanke. Parallellt med etterforskinga så fylgjer me også bankranerne. Dermed foregriper forfatter begivenhetens gang, og ein «mister» derfor dei store overraskelsene undervegs. På den andre siden så er det interessant å fylgje etterforskinga, og sjå når/om dei klarer å sirkle inn dei rette personene.
Starten er prega av litt forvirring og eit halvdårlig språk. Det virker som om forfatter etterkvart skriv seg varm og at ein ser ein progresjon seinere i boka. Det er likevel ein liten berg og dalbane når det gjeld spenning. Når ein trur at nå er boka skikkelig i gang, så stopper det opp att med nokre mindre interessante partier. Men der det er meir fart og progresjon i historia, der er forfatter god.
En mann med et unnvikende utseende snakka i mobilen. Holdt avstand til henne. Etter en stund kom det en lapp til han, og så sendte han en litt større tilbake. Sikkert stoff. Illusjonene og skylappene hennes var borte for lengst.
Det er relativt korte kapitler, og ein og anna gode cliffhangere er det. Når det gjeld persongalleriet så er det variert, der enkelte stikk seg meir fram enn andre. Hovedkarakteren følte eg forsvann litt i mengden. Silje Johnsen vert me i grunn lite kjent med utenom jobb. Forfatter skraper berre på overflata, men sidan dette er den fyrste boka i serien, så håper eg at det kjem meir frå den kanten.
Gangstø har valgt å prioritere familiære problemer og eldrepolitikk som ein del av sin tematikk. Her er det særskilt sjukeheimsplasser og verdighet på sine eldre dager som er i fokus. Dermed vert det ein del politiske synspunkt, noko som fungerer greit all den tid ein kjent politiker var eit vitne til ranet, i tillegg til ein person som er relatert til ein sjukeheim og forfatter klarer derfor å bake det inn i teksten på ein truverdig måte.
Det var et artig ord, for omsorg var det ikke alltid så mye av. Det offentlige satte bort jobbene til de som kunne gjøre dem billigst. Så ble det stoppeklokkejobbing. Gulvvask var målbart, men praten og kaffekoppen stod ikke i skjemaet.
Det er eit grunt, men godt plott. Politietterforskning er i fokus, og all den tid det er så mange involverte parter så held spenninga seg lenge. Det er fleire lag som må etterforskes. Kven var ranerne? Kven løsnet skuddene? Kor er det blitt av ransutbyttet? Og kven er medsammensvorne? Med andre ord mange lause tråder som skal nøstes opp i.
Eg følte det var ein lang oppbyggende historie med eit litt for kort sluttparti. Det er ein grei oppsummering, men likevel så var historia plutselig til veis ende. Det hadde ikkje gjort noko om forfatter la meir vekt på «kvifor» og «korleis» ein kom fram til ting.
Det er eit bra driv og språket kjem seg betraktelig utover i krimromanen. Eg må seie at eg gleder meg til fortsettelsen i denne serien, for potensialet er absolutt til stades.
«Bed & Breakfast» er ein krimroman med hovedvekt på etterforskningsdelen. Ved å ha mange potensielle mistenkte så held spenninga seg lenge, og forfatter har fleire strenger å spele på, noko som skaper ein viss usikkerhet rundt korleis det heile vil ende. Det er absolutt ein godkjent krimdebut frå Gangstø, og potensialet er definitivt til stades.
TERNINGKAST: 4-