Den vesle leppeboka – og andre dikt av Lise-Marte Vikse Kallåk

Ei diktsamling der lepper og utsjånad står i fokus.

  • Norsk tittel: Den vesle leppeboka – og andre dikt
  • Forfatter: Lise-Marte Vikse Kallåk
  • Sjanger: Poesi
  • Antall sider: 58
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Tekstmaker Forlag

Lise-Marte Vikse Kallåk (Født 1963) er frå Haugesund. Ho er utdanna cand.mag, og har jobba som lærar, journalist og kunstpedagog. Kallåk debuterte med diktsamlinga «Månen landa i natt» i 2015. Sidan har ho gitt ut ytterligare tre diktsamlingar; «Sofaen den same båten» (2018) og «Klemme ein gong for ja to gonger for nei» (2019) og “Den vesle leppeboka” (2023). I tillegg har ho gitt ut «Atelierdøra på gløtt», ei fagprosa bok i 2015.

Den vesle leppeboka – og andre dikt er ei utforsking av eitt av dei mest kjenslevare organa me har, leppene. Samstundes ei undersøking av korleis kvinner ser på seg sjølv og kvarandre, og mannens blikk på kvinna, korleis dei snakkar om og til kvarandre om kropp og utsjånad.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Den vesle leppeboka».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei diktsamling på nynorsk med lepper og utsjånad som hovedfokus i poesien.

Boka er delt inn i 4 deler: Sugekopper, Nebbet, Stemmer og Andre dikt. Felles for dei alle, er at det fyrst og fremst handlar om lepper og utsjånad.

Gjennom diktene skildrer forfattar leppene si makt. Dei kan visa kjærleik og hengivenhet. Men lepper kan også forme ord så sterke at dei kan setja verda i brann. Makten leppene har skal ein aldri undervurdere, all den tid det er eit av kroppens dominerende organ.

Kallåk bruker heile setninger for å blant anna forklare leppenes anatomi. Ho skifter skrivestil innimellom, frå det forklarende til det meir svevende. Ho trekk også inn vitenskapen når ho skriv at det er bevist at menn vert tiltrekt av fyldige lepper…

Kallåk skriv om utsjånad og korleis kvinner snakker og tenker om kvarandre utsjånadmessig. Ho trekk også paralleller til korleis menn tenker om ei kvinnes utsjånad. Det er fascinerende å lese ordvalgene som vert brukt i denne samanhengen. Så få kvar og ein gjere seg opp ein meining om det er sannhet i det eller ikkje.

Ein mann seier: Ho har sikkert vore flott i ungdomen
Ei kvinne seier: Ho er framleis flott
Ein mann seier: Ho har spor av noko vakkert
Ei kvinne seier: Det er naturen som har laga elveleie
Ein mann seier: Ho har spor etter ein gravemaskin i andletet
Ei kvinne seier: Ein erosjon av glede og sorg

Ved å bruke musklene rundt leppene, er det relativt enkelt å vise sinnsstemninger. Mimikken avslører ofte kva folk meiner, og derfor vert ofte blikket til den ein kommuniserer med dratt ned mot munn og lepper. Forfatter bruker dette som eit samlingspunkt for sine dikt og når ein tenker etter, så gir det absolutt meining.

Det er fleire dikt til ettertanke. Særskilt når ho kjem inn på kvifor me er så opptatt av korleis andre ser ut? Bevisst eller ubevisst så samanliknar ein gjerne andre med seg sjølv og sin utsjånad.
Kallåk er også innom reklametekster og skjønnhetssalonger. Her sender ho ei breidside og to til bransjen som fyller og fikser på lepper for pasientene er rede til å møte dagens skjønnhetsidealer. Ein herlig form for ironi.

For så høgt har venleiksbransjen
elska kvinna
at dei gav ho panneløft
høgare kinnbein
strammare hud
fyldigare lepper
større bryst
for at kvar den som pungar ut
ikkje skal gå tapt
men ha evig ungdom

Eg liker bodskapet til Lise-Marte Vikse Kallåk, hvertfall slik eg tolker det, at ein kan faktisk være perfekt på tross av…. Ho insiunerer ganske sterkt at ho misliker skjønnhetsbransjens framgangsmåte med å nå ut til offentligheten med sine tjenester.

Språket er som vanlig veldig bra ifrå Vikse Kallåk. Dei poetiske vendingene og dei metaforiske bileta kjem på rekke og rad. Ein finn nok fleire utfyllande setninger enn det ein kanskje ellers gjer, men likefullt ei godt gjennomført diktsamling.

Enkelte steder er det brukt verselinjer frå kjente sanger for å framheve bodskapet. Det fungerer veldig bra og skaper samtidig ein gjenkjennelse i diktene.

Aldringsprosessen vil imidlertid fortsette uavhengig av operasjonen. Noen få kan derfor føle behov for ny operasjon etter 10 års tid.
Betyr det at her og no forsvinn om ti år, at eg eigentleg ikkje lever no?
La meg vera ung, yeh, yeh.

Det er ingen bilete eller overskrifter, og tekst er ofte plassert oppe på siden, noko som skaper enkelte unødvendig «tomme» sider visuelt sett.
Sjølv om diktsamlinga er delt inn i fleire deler, så heng det saman og det er ein fin raud tråd boka gjennom.
Kallåk dekker det meste rundt lepper og utsjånad, og korleis ein ser på og omtaler kvarandre ved å studere utsjånad.

Temaet er konsentrert, og ein får ein smalere nisje ved å halda seg til denne type tematikk. Likevel så kjem poesien strålende fram i diktene. Språket er nok meir bestemt, men likefullt er det skrevet vart og poetisk der det er nødvendig. Ytterpunktene er dermed vidt forskjellige, men samtidig gir det eit godt bilete på kva utfordringer samfunnet har.

«Den vesle leppeboka – og andre dikt» er ei diktsamling med ein fin raud tråd. Kallåk skildrer kva utsjånad gjer med ein person, og kva for ein enorm makt lepper faktisk har hos ein person. Med vare skildringer og bestemte meininger vert me med på ei reise gjennom forfatters tanker om temaet.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar