Ei fantastisk teikneseriebok frå Vikingtida.
- Norsk tittel: Blodøks – Sagaen om Gunnhild Kongemor
- Forfattere: Aleksander K. Brown & Andreas K. Iversen
- Sjanger: Teikneserie, Barn og Unge
- Antall sider: 128
- Utgivelsesår: 2026
- Utgiver: Cappelen Damm Forlag
Aleksander Kirkwood Brown (Født 1984) er forfattar og manusforfatter. Han debuterte som forfattar i 2013, og har sidan den gong utgitt ei rekke med bøker. Han skriv også historier i Donald Duck & co, og har blant anna skrevet manus til filmene «Askeladden – I Dovregubbens hall», og «Askeladden – i Soria Moria slott». Andreas Karlengen Iversen (Født 1983) er illustratør, teikneserieskaper og forfattar. Han har illustrert over tjue bøker, og gitt ut eigne bøker, som f.eks «Max Manus» i 2024. Saman har dei gitt ut elleve bøker med denne, og har vunnet priser for sitt arbeide, særskilt bokserien «Edward Rubikons mysterier» har høsta gode kritikker. «Blodøks – Sagaen om Gunnhild Kongemor» vart utgitt i 2026.

Gunnhild var gift med vikingkongen Eirik Blodøks – som kvittet seg med sine seks brødre for å overta styringen av landet etter Harald Hårfagre. Noen mener det egentlig var Gunnhild som trakk i trådene. Hun var også mor til åtte sønner som kjempet med hverandre og andre om tronen etter Eiriks død. Endelig får en av våre store vikingdronninger sin egen saga!
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Blodøks – Sagaen om Gunnhild Kongemor».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei teikneseriebok frå vikingtida, der fakta og fiksjon går hand i hand. Boka passar frå 9 år og oppover.
Våre to forfattere tar oss med tilbake til Noreg på 900-talet, når striden om å styre landet etter Harald Hårfagre drar seg til. Vikingkongen Eirik Blodøks er nådelaus i sin kamp om makta, og dreper brødrene sine for å styrke sin posisjon. I bakgrunnen sit kona hans, Gunnhild, og styrer det meste. Dette er historia om Gunnhild Kongemor slik den kanskje utspelte seg…
Dei tar utgangspunkt i forskjellige sagaer og har plukket bruddstykker av historier her og der, og gjort det om til ei heilhetlig historie med visse friheter. Dette er med andre ord ei lærerik og spennende reise i vikinghistorien som dei fleste nok ikkje har høyrt om før.
Dei lærde strides kven foreldra til Gunnhild egentlig var. Nokre plassar står det at ho var dattar av Kong Gorm, medan andre stadar står det at ho var dotter av høvdingen Ossur Tote. Brown og Iversen har valgt å gå for sistnevnte, utan at det har all verden å seie for historia.
Me møter Gunnhild når ho er tatt til fange av to trollmenn. Eirik Blodøks og hans menn kjem over denne kvinna og befrir ho. Dei giftar seg og saman vert dei eit giftig par for omgivnadane. I Kongssagaene skildres ho som vakker, men ond, slu og trollkyndig. Dette har forfatterne bygget videre på, og skapt eit slående likt bilete av denne mystiske kvinna.
Det kjem enkelte ord som treng forklaring i ny og ne. Desse er oppført med ei stjerne bak seg. Forklaringa finn ein enten i samme rute, eller på samme side. Dette er eit fint verkemiddel og ein slepp dermed å bla fram og tilbake for å leite etter kva orda betyr.
Illustrasjonene er meget imponerende med tanke på den store mengden av karakterer som er innom i boka. Dei fleste liknar på kvarandre, men likevel har Iversen klart å skilje dei på ein effektiv måte. Små detaljer som f.eks sønnene til Eirik og Gunnhild har likheter som brødre, men likevel er der skilnader som skiller dei. Det er også eit heilt fantastisk karakterregister med navn, tittel og bilete foran og bak i boka.

Dette er historiefortelling på høgt nivå. Den er altoppslukende, velskrevet og spennende. Brown og Iversen tar oss med inn i sitt univers på ein fantastisk måte, og den er like lærerik som den gir leseglede. Viss ein ikkje vert interessert i tidsepoken og vikingtida etter å ha lest denne boka, ja då skal det mykje til for å bli det ved ein seinare anledning.
Det er tidvis ein valdeleg historie. Illustrasjonene når det kjem til drap er delvis sensurert i dei verste scenene. Nokre er vist som skygger, andre er delvis utenfor ruta, men viser likevel nok til å skjønne kva som foregår. Dette er gjennomtenkt og eit særs gode verkemiddel for å skåne dei yngste. Det er ansikter og personer som er i fokus, og dermed fades bakgrunner ofte ut. Innimellom er det teikna silhuetter i bakgrunnen for å skape liv i ruten, samtidig som hovedkarakteren trer fram. Nok eit eksempel på nøye planlegging og ein erfaren illustratør.

Her fungerer alt. Historieforteljing og illustrasjoner utfyller kvarandre perfekt, og spenningsnivået når stadig nye høyder. Det er tatt i bruk gode verkemiddel som fungerer som hånd i hanske, og som forenkler leseopplevelsen utan at det går ut over formidling.
Det er utfyllende info bak i boka om kven Gunnhild Kongemor eigentleg var. Ein har gjennom boka skapt seg eit bilete av korleis ho var, og dermed er det ekstra artig å lese utgangspunktet forfatterne har hatt når dei har skapt hennes personlighet gjennom historien.
Boka er delt inn i 3 deler og er lettlest. Det er riktignok ein del tekst og dialoger her og der, men når den engasjerer og er så spennende som den er, så gjer det overhodet ingenting.
Dette er ein historietime som ein nesten ikkje håper tar slutt. Det vises utviklinga av Noreg gjennom kart og fordeling av landområder og kven som styrte dei forskjellige landsdelene. Gjennom historia kjem ein også innom store navn som Harald Blåtann, Harald Hårfagre og Håkon den Gode, som fekk sitt banesår her på Fitjar. Det er med andre ord ei reise gjennom det brutale 900-talet på ein historisk korrekt måte.
«Blodøks – Sagaen om Gunnhild Kongemor» er historieforteljing på høgt nivå. Den er spennende, lærerik og rett og slett eit mesterverk av ei bok. Her fungerer alt frå A til Å, og det er berre å la seg rive med av historia. Dette er ei teikneseriebok som definitivt alle skuler bør ha i sitt bibliotek. Gi oss fleire slike bøker!
TERNINGKAST: 6