Medrivende og spennende ungdomsroman.
- Norsk tittel: Fjordbeist
- Forfatter: Trygve Sikveland Røysland
- Sjanger: Eventyr, Fantasy, Ungdom
- Antall sider: 241
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Forlagshuset Vest
Trygve Sikveland Røysland er arkeolog og bur i Sandnes. Han har tidlegare utgitt nokre bøker og noveller på engelsk under pseudonym. Ungdomsromanen «Fjordbeist» som vart utgitt i 2025, er hans fyrste utgivelse på norsk.

Marius gledet seg til nok en sommerferie på hytta i Lysefjorden. Han skulle fiske med pappa, kikke etter sjeldne fugler i skogen, og være oppe sent. De skulle ut med båten, kose seg foran peisen og endelig skulle han få være sammen med farfar igjen.
Han hadde ikke regnet med at mamma måtte bli igjen i Oslo og at pappa bare skulle jobbe. Han hadde aldri sett for seg at det bare skulle regne, at farfar skulle bli syk og at alt bare var kjedelig.
Han hadde heller ikke regnet med å falle i fjorden. Marius som ikke kan svømme.
Men aller minst hadde han forventet å bli reddet av et beist.
Denne boka er eit forhåndseksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Fjordbeist».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein ungdomsroman i eventyr og fantasy-sjangeren.
Me møter Marius, som bur i Oslo saman med foreldra sine. Endelig er det sommerferie, noko som betyr tur til hytta ved Lysefjorden. Her har han mange gode minner saman med foreldra og ikkje minst farfaren som også er der meir eller mindre kvar sommar. Men i år vert alt annleis. Moren må vera heima, farfaren vert sjuk og kan ikkje komma, og pappaen må jobba frå hytta. Dermed må Marius finne på ting på eiga hand. Før han veit ordet av det, så vert han innlemma i eit eventyr han aldri hadde sett for seg.
Marius gikk opp på hemsen igjen og inn på soverommet. Han var trist inni seg, i magen og i brystet, selv om pappa sa at det gikk bra med farfar. Kroppen føltes tung og tett, som om han ikke fikk puste skikkelig, som om de grå skyene over fjordene hang rundt hodet hans.
Hovedkarakteren er Marius og er 12 år. Han er ein naiv ung gut som har mykje å lære om livets realiteter, men oppfører seg likevel veldig veslevoksent. Når han møter fjordbeistet, så må han ta valg som han kjem til å angre på. Likevel er det ein form for forståelse blant desse to, og dei kjenner seg litt att i kvarandre. Eg liker måten forfattar skaper eit samspel på tvers av vesener, og på ein finurlig måte klarer å personifisere eit beist.
Historia fylgjer Marius og hans eventyr. Likevel inneheld den så mykje meir. Det er sorg, lengsel, redsel og følelsen av å ikkje bli sett og forstått av dei vaksne. Hovedkarakteren er i ein alder som gjer til at han fortsatt er eit barn, men samtidig såpass vaksen at det kreves visse ting frå ham. Det er i dette brekningspunktet Marius og faren ikkje heilt forstår kvarandre, og det ender med situasjoner som skremmer dei begge og som skaper både avstand og nærhet mellom far og son. Me får med andre ord heile pakka servert av Røysland.
Eg liker måten forfatter har lagt opp historia. Det er ein ung gut som i lengre tid har sett fram til sommeren og gledet seg og drøymt om alt han skal gjera, men som får den eine skuffelsen etter den andre slengt i trynet.
Det er nokre vanskelege ord og vendinger i romanen, som eg synes Røysland er veldig dyktig til å forklare fullt ut, utan at det går ut over teksten. Han klarer stort sett å legge seg ned på eit ungdomsnivå med sitt språk, sjølv om det enkelte stader kanskje vipper over til det barnlige eller det vaksne. Men alt i alt så kjem forfatter godt ut av det.
Dette beistet heiter Heilgrimm og lever i fjorden. Sidan dette er ein eventyrroman med fantasy-element, så kan sjølvsagt dette beistet snakke. Og etterkvart begir dei seg ut på eventyr som handlar om liv og død. Alt medan faren sit på hytta og jobber og farfaren ligg på sjukehus og ikkje anar kva Marius held på med.
Dynamikken mellom far og son er bra. Når Marius ikkje kjem heim til planlagt tid, så vert faren sjølvsagt bekymra. Tidvis er faren heilt fråverandre, medan andre gonger så er han ein far som bryr seg. På sin måte. Ein kan jo undre seg litt over kvifor han ikkje stiller fleire spørsmål når Marius kjem seint heim, gjennomvåt og skitten frå topp til tå. Kanskje er tvilen og nysgjerrigheita overskygga av gleden av å ha han heima?
Det er kapitteloverskrifter som hinter om kva me har i vente. Kapitlene er relativt lange med tanke på målgruppe, men innehar gode cliffhangere og ein innhaldsrik historie.
To svære hender skjøt frem fra skyggen og tok tak i han, og før han visste ordet av det gulpet han etter luft på kanten av bryggen.
Miljø og utbygging vert også eit tema i boka, og skal etterkvart spele ein viktig rolle. Rasering av natur og vern av natur og dyreliv går hånd i hånd og skaper gode motsetninger. Forfatter er også inne på det medmenneskelige aspektet og alle dei bekymringer som følger med å bry seg om andre. Enten det er mennesker, dyr eller vesener.
Det er kanskje litt vél detaljerte skildringer her og der. Dette skaper eit unødvendig opphald i historia og trekk tempoet ned. Enkelte spørsmålstegn kan ein også setje ved ting som oppstår. Marius kan f.eks ikkje svømme, men kan han det likevel? Eller? Eg vart forvirra av enkelte situasjoner, og som ikkje gav heilt meining der og då. Men i det lange løp så vert ting meir oppklarende.
Marius kikket seg til høyre og venstre. Dalen var ikke veldig lang på tvers i noen av retningene, men det kom til å ta han lang tid til å gå tilbake hvis han gikk helt til endes i feil retning. Han tenkte seg om. Lysefjorden strakk seg øst-nordøst og vest-sørvest. De hadde gått inn i den trange fjellpassasjen på sørsiden og han hadde følt at de hele tiden hadde svinget mot venstre. Lysirdal måtte ligge cirka vest-øst, og Marius stod nå lengst i øst. Altså måtte venstre være mot nord.
Nokre ting går att, og det legges merke til. Små ting som eit enkelt ord som kunne vert veksla på, ville gjort det meir dynamisk.
Historia inneheld mange holdepunkter, og skaper med dette mange små bi-historier som er interessante. Sjølv om det er eit eventyr hovedkarakteren begir seg ut på, så handler mykje om det daglege livet me kjenner til. Ein fin balansegang som ikkje gjer historia overveldende. På den eine sida møter han på beist og troll, medan på den andre sida må han gå gjennom konflikter med faren, bekymring for farfaren og savnet av moren.
Ein lever seg inn i hendingene og staden vert «ein del» av meg som lesar. Det er så mykje som skjer og tidvis så intenst at ein vert sugd rett inn i situasjonene. Dermed vert universet fengende, og vil sitja igjen i tankene etter at boka er ferdig.
«Fjordbeist» er ein medrivende og spennende ungdomsroman med forgreininger til eventyr og fantasy-sjangeren. Gjennom hovedkarakteren opplever me mykje på kort tid, og ein kan kjenne att mange av følelsene han går gjennom. Trygve Sikveland Røysland debuterer som forfatter på norsk, og det gjer han med bravur.
TERNINGKAST: 4+