Ei barnebok om krig, flukt og håp om ei trygg havn.
- Norsk tittel: Håpets reise
- Forfatter: Joseph S. S. Ampofo
- Illustratører: Kei Sato & Kyzza Littaua
- Sjanger: Barn og unge
- Antall sider: 136
- Utgivelsesår: 2025
- Utgiver: Bonnier Norsk Forlag
Joseph Samuel Solbakk Ampofo (Født 1987) er opprinneleg frå Ghana, men har sidan hatt sin oppvekst i Sverige og er nå bosatt i Noreg. Han debuterte som forfattar med barneboka «Håpets reise» i 2025.

Hvordan finne håp når krigen herjer?
Simon og familien lever et vanlig liv, helt til krigen kommer. Å bo hjemme blir farlig. Venner forsvinner. Skolen blir stengt. Far blir borte. De må flykte. Sammen med mamma, lillesøster og hunden Arthur krysser han ukjente landskap på jakt etter et trygt sted. På ulike hvilestopp leser den lille familien for hverandre fra farens etterlatte eventyrbok. Historiene forandrer situasjonen de er i, og fyller dem alle med nytt mot og krefter til å fortsette.
Denne boka er eit leseeksemplar frå Bonnier Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Håpets reise».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei barnebok som handler om krig og flukten mot det ukjente.
Simon er eit barn som lever eit normalt liv saman med familien sin. Plutseleg er krigen der, og dei må flykte. Når faren forsvinn, er det Simon, lillesøstera Sofia og moren (samt hunden deira) som må begi seg ut på ei lang og farefull ferd mot fred og eit betre liv. Dei fekk ikkje med seg mykje når dei flykta, men farens nedskrevne eventyr i ei bok er med. Gjennom desse eventyra kan dei lukke ute alt som er vondt for ei stakket stund, og gi håp til det som kanskje ligg foran dei.
Det er ei sterk opning av boka. Ein familie som vert splitta, redsel og avmakt for det som skjer rundt dei. Det er situasjoner som for alltid vil setja spor i karakterene, og ein kan formelig føle på den redselen dei går gjennom.
Jeg ble sittende inntil treet og vente. Lenge. Pappa kom ikke tilbake. Dette var natten da Krigen tok pappa. Den kalde klumpen i magen vokste. Det eneste jeg kunne tenke på, var å finne mamma og fortelle henne at pappa var borte.
Boka består av mange heilsides illustrasjoner. Desse er særs fargerike og kler boka og innhaldet perfekt. Her har Kei Sato og Kyzza Littaua gjort ein formidabel jobb med å formidle bodskap i tekst gjennom illustrasjonene. Det ser ut som dei har satt seg grundig inn i teksten og klart å leve seg inn i det desse personene går gjennom.

Eg liker måten historia fremstår på. Når redselen er i ferd med å få overtaket, så tar dei fram eventyrboka etter faren og går inn i ei «trygg boble» for ei stund. Her kan dei samles og forenes i eventyra som gir dei håp og mot til å fortsette reisa. Gjennom boka får me forskjellige eventyr med gode bodskap. Bodskap som treff dei to borna i den situasjonene dei er i, i boka. Eit veldig godt verkemiddel som fremhever bodskapet på ein heilt spesiell måte.
Tanken på at vi snart må reise langt bort til et hvitt, fremmed sted, forsvinner. Det samme gjør frykten for å forlate vennene mine og alt jeg kjenner til. Nå finnes bare oss fire. Bokstavene i pappas notatbok ser ut til å danse idet mamma åpner den.
Det er ei sterk og rørende forteljing. Det viser at det materielle ikkje betyr noko som helst, så lenge ein har dei rette personene rundt seg. Det handler også om det å miste vener og kjære, men likevel klare å behalde håpet og lyset når det er som mørkest.
Historia er fortalt gjennom Simon. Det vert dermed ekstra nært når det oppleves gjennom eit barn og dens tankemønster og følelsesregister. Ved å nytte seg av dette verkemiddelet så skapes eit tettere bånd til lesar og historia treff deg litt ekstra hardt. På ein positiv måte.
I eventyrene så møter me på fabeldyr og enkelte karakterer går igjen i dei forskjellige eventyra. Det er symbolsk, og viser at ord har makt og at håp og tru kan føre deg langt på veg. Samtidig vert det også gjenkjennbart når ein møter att ting gjennom eventyr, og ein slepp å nullstille seg foran kvart eventyr.
Det er ei strålende bok med eit alvorleg bakteppe. Mange born og vaksne kjem med ein tung bagasje etter flukt frå krigshandlinger. Kanskje er det ikkje krigen i seg sjølv som er det verste, men flukten frå det kjente og trygge. Flukten frå vener og kjære, flukten mot ei usikker og utrygg framtid. Ampofo har med denne boka satt søkelyset på nettopp dette, og han har skrevet ei engasjerende historie som setter seg langt inn i hjarterota.
Den passer utmerket til høgtlesing, og sidan det er eit par sterke scener i boka som definitivt bør forklares for borna, kan ein få mange fine og viktige samtaler. Litt lange kapitler er det kanskje, med tanke på at det er mykje inntrykk i boka. Det hjelper på at det er mange illustrasjoner som avlaster tekst, men likevel hadde det nok ikkje skadet om det var delt inn i fleire kapitler.
Eg har forstått det slik at forfatter har henta inspirasjon til boka frå ein nær ven, men også frå flyktninger frå andre land og kriger. Derfor er eg glad for at forfatter ikkje har stadfesta kor krigen er. Det er ein stad ved kysten. Det er alt me får vite. Dermed er den universell.
Kombinasjonen mellom den «verkelege» historia og eventyrene er strålende. Dei overlapper på mange måter kvarandre, og utfylles på ein heilt unik måte. Eventyra reflekterer situasjonene Simon, søstera og moren står i, men samtidig er det to vidt forskjellige verdener.
«Håpets reise» er ei mesterlig barnebok om krig, flukt og håp. Den kryper under huda på lesar og treff deg rett i hjarterota. Den har magiske eventyr som supplerer den dramatiske flukten frå krigen. Joseph S. S. Ampofo har skapt eit univers som mange vil ha stor glede og nytte av.
TERNINGKAST: 5