Ein lettlest og artig roman om ein karismatisk historielærer.
- Norsk tittel: Finsk valgfag
- Forfatter: Anders Almås Rofstad
- Sjanger: Roman
- Antall sider: 219
- Utgivelsesår: 2024
- Utgiver: Mitt sitt Forlag
Anders Almås Rofstad (Født 1968) er blant anna forfatter og låtskriver. Han debuterte som forfatter med romanen «Finsk valgfag» i 2024.

Størker er historielærer, enkemann og musikknerd. Om seks måneder skal han gå av med pensjon. Men først må han komme seg igjennom vårsemestret. Vårsemestret og tjue undervisningstimer i finsk. Det siste hadde vært lett for en som kan finsk. Det kan ikke Størker!
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Finsk valgfag».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ein roman med ein lett og humoristisk tone.
Me møter Størker. Han er historielærer på Nøttestien Videregående skule. Her har han tråkket i gangene dei siste 25 åra. No er han blitt 61 år, og er inne i sitt siste år før han går av med pensjon. All undervisning er blitt rutine for Størker. Så skjer det som ikkje skal skje. Valfag i språk treng ny vikarlærer, og sidan Størker har jugd på seg at han «kan» finsk, så får han jobben. Og her byrjar galskapen…
Størker er hovedkarakteren i romanen, og er ein mann som ein ikkje kan unngå å like. Joda, han har sine feil og mangler, men han meiner det aller meste i beste meining. Han har vert enkemann i 2 år, og sjølv om han har born så føler han seg einsam. Samtidig så har han godt selskap av kona, Lovise, som er med ham i tankene. Han fører mange «samtaler» med henne, der ho kjem med råd og meininger om det han held på med. Størker kan sjå ho for seg; hennes lune smil, latteren som runger og dei gode samtalene dei hadde.
Og til sist – Lovise. Han lurer på hvilken utgave av henne som kommer denne gangen, der han sitter og ser tomt ut i det folketomme rommet. Den sjalu og forsmådde? Den hysteriske skadefro eller den hjelpsomme?
Størker snakker av og til tulle-finsk, der han dikter opp ord og later som han snakker flytende finsk. Dette har rektor fått med seg, og før Størker får ord for seg, så har han jugd såpass mykje at han ikkje klarer å komme seg ut av den litt kjedelige klemma; Han skal undervise elever i det finske språket. Når dette fyrst har skjedd, så bestemmer han seg for å gå inn i oppgåva med liv og lyst. Men sidan det berre er 6 mnd til han går av med pensjon, så tar han kanskje litt lett på oppgåva.. Og han liker verkeleg å utsette ting til neste dag…
Historia er ei ekte røverhistorie med ein fin snert av humor. Det finnes ikkje noko bodskap i boka. Den er skrevet for å underholde, og det klarer Rofstad.
-Du vet at Gudrun skal ha fødselspermisjon fra nyttår? Han bekrefter at han vet det. Det er for så vidt ikke så vanskelig å se heller. Den magen kommer inn i rommet et lite kvarter før resten av kroppen.
Me får ei lita innføring i finske gloser og grammatikk, og heilt bak i boka er det også ei ordliste. Forfatter kjem også med ein kort oppsummering om historien til Finland som land, frå å være underlagt både Sverige og Russland, til å lausrive seg og bli sjølvstendig. Så litt alvor og seriøsitet er det å oppspore.
Hovedkarakteren er glad i musikk, og dermed vert det ein del musikk-snakk. Dette følte eg ikkje passa heilt inn i historia og det tok vekk fokuset frå det som faktisk var morosamt, nemlig galskapen knytta til språkklusset.
Han ender opp med albumet Rhyme. En soloskive fra Marty Wilson-Piper, en av gitaristene i det australske bandet The Chruch. Rhyme er gitt ut under Martys navn, men det låter umiskjennelig likt moderskipet.
Rofstad bruker tid på å byggje opp ein bi-historie, men hopper over «sluttresultatet». Dette fant eg merkverdig og litt skuffende. For denne bi-historia var interessant, og viste at Størker var meir enn kun ein historielærer.
Det er ein lettbeint roman som ein ikkje aner korleis vil ende. Vil det bli fleire bøker om Størker? Vil me få ein skikkelig avslutning eller kjem forfatter med ein overrasking på slutten? Dermed held «spenninga» og galskapen seg til siste side er lest.
Dette er ein kort roman, men likevel så synes eg at me vert godt kjent med hovedkarakteren. Forfatter viser fram fleire sider ved ham, og eg som lesar får tid nok til å få ein forståelse for kven Størker er som person.
Det er ikkje berre humor i boka. Ein finn alvor og bekymringer også, som virker ektefølt. Borna er bekymra for far sin, sidan han ofte faller ut av samtalene. Byrjar han å bli sjuk? Er det noko alvorleg? Så er det også Størker sin omsorg og inkludering for enkelte elevar som setter sine spor. Og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det også er følelser inni biletet i løpet av romanen.
Språket er lett, og det er ein lun, enkel og allmenn humor som treff bredt. Ein må berre ta historia for det det er; nemlig ein skikkelig røverhistorie som er artig og lettlest.
«Finsk valgfag» er ein roman som speler på lettbeint humor og ein lystig tone, med eit snev av alvor. Størker er ein herlig hovedkarakter som gjer så godt han kan, og alt er i beste meining. Men utfallet vert ikkje alltid slik han håper… Eg håper at Anders Almås Rofstad skriv fleire slike bøker, for denne sjangeren er undervurdert og er herlig lesning mellom andre meir «tyngre» bøker.
TERNINGKAST: 4