Cinnabar One av J. E. Bergfjord

Noko så sjeldent som ein norsk sci-fi roman.

  • Norsk tittel: Cinnabar One
  • Forfatter: J. E. Bergfjord
  • Sjanger: Science Fiction
  • Antall sider: 449
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Kaleri AS

Jan Erik Bergfjord (Født 1970) har utdannelse innan IT og marknadsføring. «Cinnabar One» som vart utgitt i 2023 er hans forfattardebut.

På planeten Aldanrey i Barnards Star-systemet, 6 lysår fra vår sol, lever kalivenerne sine enkle liv i pakt med naturen og hverandre. Idyllen slår sprekker når det oppdages at en nært forestående kosmisk hendelse vil få katastrofale følger for livet på planeten. En liten gruppe nekter å sitte stille og vente på sivilisasjonens undergang. Ledet av to unge pionerer gjør de desperate forsøk på å forhindre den varslede katastrofen. Vårt solsystem, i nær fremtid. Private aktører er i ferd med å etablere gruvedrift på Mars. Prosjektet er helt i startfasen da de ved en tilfeldighet oppdager vraket av et urgammelt, fremmed romskip. Parallelt med at forskere starter undersøkelser av vraket, uføres et hemmelig eksperiment på jorden. I et avansert laboratorium tilknyttet en forlatt del av forskningssenteret CERN, fødes en jente med 45% utenomjordisk DNA og en rekke spesielle egenskaper. Samtidig finner en gruppe arkeologer noen gamle geiteskinnsruller i ruinene av et kloster i India. Inskripsjonen på rullene forteller om en ukjent sivilisasjon i nød, og budskapet tolkes som en desperat bønn om hjelp. Etter hvert som disse hendelsene flettes sammen, starter en redningsaksjon uten sidestykke i vår galakses historie. Og mens våre kjente fysiske lover tøyes til nye grenser, er tiden i ferd med å renne ut for Aldanrey.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Cinnabar One».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein norsk science-fiction roman der handlinga foregår både på jorda og ute i verdsrommet.

I denne boka fylgjer me fleire personer/vesener, univers og tidsperioder parallelt.

Aldanrey er ein planet 6 lysår frå vår eiga sol. Her lever kalivenerne som er nokre snodige vesener. Dei oppdager at ein kosmisk hending vil få katastrofale konsekvenser for planeten sin, og sender ut eit nødanrop til «den blå planeten», i eit siste desperat forsøk om å få hjelp.
På Mars er menneskeheten i ferd med å etablere gruvedrift, og i den forbindelse finn dei eit fremmed romskip.
På jorda har dei på forskningssenteret CERN avlet frem ei jente med 45% utenomjordisk DNA med eksepsjonelle egenskaper. Og i India finn arkeologer nokre eldgamle geiteskinnsruller der det er nedtegnet eit rop om hjelp frå ein ukjent sivilisasjon. Når alt dette flettes saman, så får me ein historie der fysiske lover ikkje står i vegen for det me veit idag…

«Jeg la spesielt merke til to av dem, en rød og en blå. Det er den blå som skiller seg ut. De aller fleste planeter jeg har sett, både med og uten hjelp fra månebetrakteren, viser seg som fargeløse, matte, mørke flekker på himmelen. Denne er annerledes. Den utstråler…energi. Jeg ser det, føler det, men jeg vet ikke hva det er. Bare at det er noe. Jeg vet ikke hvordan, men det er i den retningen Syspondent må sende vår bønn om hjelp.»

Tidsperspektivet i denne romanen er utan sidestykke. Her er det frå over 725 000 år før vår tidsrekning og fram til år 2069 på jorda. Men også ting som skjer i 1492 skal få store konsekvenser for historia. Handlinga foregår rundt om i verda og ute i verdsrommet. Ny teknologi har gjort det til at mennesker har inntatt Mars, og livet på planeten Aldanrey er like fascinerende som det er spennende.

Bergfjord har uten tvil ein meget livlig fantasi som han har skapt til ein historie mellom to permer. Samtidig så er det noko truverdig over det heile når ein kjem skikkelig inn i historia.

Han kaster et blikk opp på himmelen. Kabeliur er halvveis inne i Warinburs dypt oransje skive. Det ser ut akkurat som forventet. Akkurat som han har kalkulert seg frem til, men likevel er det noe som ikke stemmer. Det er noe feil med hele bildet. Han klarer ikke å sette fingeren på det, og det bekymrer ham. Det er helt stille. Ingen lyder fra bekken eller vingedyrene i skogen nedenfor.

For dei som er godt beveget innan sci-fi sjangeren, så veit ein at det kan bli masse å forhalda seg til. Så også i denne boka. Vesener, tidsperspektiv, måleenheter og heilt nye univers er noko av det. Eg synes at forfatter kjem med fleire skildringer litt «for seint» i boka. Som f.eks med kalivenerne.. Leser har danna seg eit bilete av korleis desse ser ut og oppfører seg, for så å få snudd alt på hovudet når ein faktisk får vite korleis dei ser ut langt inn i historia. På den andre sida så held han på denne måten mystikken rundt desse vesenene lengst mogleg…

Forfatter har tatt i bruk fotnoter for å forklare meir utfyllande ord og uttrykk. Dette fungerer veldig fint og skaper ein god flyt i lesinga. Men ein må tenke litt annleis medan ein les med tanke på nye uttrykk og vesener som ikkje er logisk å sjå for seg i det daglege. Det kreves dermed meir av deg som lesar, men likevel ikkje verre enn andre sci-fi romaner.

Enkelte ting går ofte att, særskilt dette med avsonding. Avsonding er noko kalivenerne må gjere for å få tilført energi. Men det er langt frå det einaste dei får tilført ved å gjere dette, utan at eg skal utdjupe det her. Men for min del vart det litt vél masse repetering av denne utførelsen.

Når tidsperioden drar seg mot 2069 her på jorda, så sakna eg eigentleg meir hi-tech ting som gjorde at eg fekk følelsen av at me var over 40 år fram i tid. Nokre nyvinninger er det, men eg satt aldri med følelsen av at me var så langt inn i framtida.

Lengda på kapitlene er relativt lange, og er kanskje ikkje den mest leservennlige boka innan denne sjangeren viss du er heilt ny lesar. Men historia er likefullt engasjerende og gjev eit solid og sterkt inntrykk av kva sjangeren har å by på.

Persongalleriet er relativt stort, men ein mistar aldri den fulle og heile oversikt. Mest på grunn av at historiene foregår i forskjellige univers, og dermed er navnene såpass forskjellige at ein ikkje forveksler dei. Nokre er meir framtredende enn andre utan at ein kjem skikkeleg under huda på dei. Her er det fyrst og fremst historia og framdrift i den som står i fokus. Og i denne type bok er det eit forståelig valg.

Bergfjord set dei fysiske lovene på ein skikkelig prøve i boka si. Han strekker dei til nye høgder, men det er på ingen måte overdrevent. Det føles naturleg i den retninga historia tar, og fleire av skildringene gjer til at ein er med på tur i verdsrommet. Når boka var ferdiglest så skulle eg gjerne tatt fram eit teleskop om eg hadde hatt eit, og studert nattehimmelen i håp om å oppdage noko der ute. For historia setter seg i sinnet. Ein er med i forteljinga, og språket er solid til ein debutant å være.

Eg er veldig glad for at norske forfattere begir seg inn på denne sjangeren. Det er altfor få utgivelser, så derfor er det ekstra gledelig når det dukker opp ein utgivelse. Og dette er definitivt ei bok med stort potensiale, og som garantert vil bli tatt godt i mot med opne armer av fanskaren innen sjangeren. Og det som er det beste med det heile er at det er ein meget solid og gjennomført historie.

Synet som møter den utenfor er uvirkelig. Elisabeth setter hjelmen i nattmodus og stirrer gjennom tåken av støv som er i ferd med å legge seg over det som er igjen av landskapet.

Eg likte dominoeffekten av tidlegare hendingar når det drar seg mot slutten. Dette berre visar at alt heng saman og at det er nøye gjennomtenkt og godt utført.

«Cinnabar One» er noko så sjeldan som ein norsk sci-fi roman, der handlinga foregår både på jorda og ute i verdsrommet. Med nye planeter, måner, vesener, teknologi og romskip er dette verkeleg ein fengende historie. Her bør alle som er glad i sjangeren kjenne sin besøkelsestid. Denne bør du ikkje gå glipp av.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar