Ei sterk diktsamling om psykisk helse.
- Norsk tittel: Svarte natta!
- Forfatter: Tora Ytterland Silseth
- Sjanger: Dikt, Poesi
- Antall sider: 108
- Utgivelsesår: 2023
- Utgiver: Lyrikkforlaget
Tora Yttterland Silseth (Født 1981) er utdanna lektor og har blant anna bachelorgrad i historie og arkeologi. Ho debuterte som forfattar med diktsamlinga «Svarte natta!» i 2023.

«Svarte natta
kommer alltid
på tida
Frekk som faen!
bruker ikke
ringeklokke,
men går rett inn»
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Svarte natta!».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
I denne diktsamlinga som tar for seg psykisk helse og kvinne helse, så finn ein 43 dikt i varierende lengde og stil.
Sjeldan har eg lest dikt som er så direkte og med eit språk som inneheld så masse banning og «uthenging» av personer, på godt og vondt. Det er ingen kosestund Ytterland Silseth har lagt opp til her, når ho skildrer nokre av sine mørkeste dager i livet sitt.
Ho er gravid og ser fram til å få eit barn, men etterkvart får ho fødselsangst og panikk. Når barnet er født, og ho f.eks ikkje klarer å produsere melk til barnet, så føler ho seg mislykka som mor og ho ender opp i ein fødselsdepresjon som etterkvart utvikla seg til psykose. Dette vart eit hardt slag for ho personleg og for den lille familien. Ho føler skam over eit skambelagt tema. Men forfatter har heldigvis eit godt ordforråd og klarer å setje ord på følelsene sine, noko som kjem meget godt fram i diktene. Samfunnet treng å få opp augene for at dette råker mange fødende, og at det ikkje bør være noko form for skam knytta til det. Forfatter skriv direkte, ærleg og åpent om det og viser veg for andre mot åpenhet for temaet.
Sjølv om det handler om psykisk helse og mørke stunder, så er det likevel ironi og småhumoristiske betraktninger å finne. Dette er viktig, tross tematikken. Ho skildrer det livet handler om. Latter og glede, men også sorg og sinne. Motsetninger som kan være enorme i kva sin ytterkant, og som vises i denne boka.
En bonus er at puppene blir store,
Utdrag frå diktet «God morgen».
de får en ny affeksjon
Mannen din blir nok happy,
han får bedre ereksjon
Samantha Fox
gå og legg deg!
Dolly Parton,
here I come!
Resultatet blir flere unger
Han vil aldri gå helt tom
Dei fleste dikta er fri-dikt, medan nokre har enderim. Forfatter følger ingen «regler» når ho skriv, og dermed er det fritt fram i både oppsett og rytme. Lengda på dikta varierer frå nokre få linjer til fleire sider. Ho dikter meir som ein historieforteljing enn svevende poesi, og ho bruker eit friskt språk der ho ikkje sparer på kruttet.
Diktene er særs personlege, og er tatt ut av hennes eiga liv og livssituasjon. Me fylgjer ho gjennom depresjon, innlegging og oppfølging i ettertid. Det er ein forfatter som på modig vis blottstiller seg for leser, og samtidig setter ein viktig tematikk på kartet og dagsorden. Mange kvinner opplever å få reaksjoner etter ein fødsel, og dessverre er det nok mange som ikkje får rask nok oppfølging foran, under og etter ein fødsel til å unngå ein depresjon og i verste fall ein psykose.
Medisinen gjorde meg rolig, gav meg fred
Utdrag frå diktet «Epikrisedikt».
selv om de sa den var ei krykke
Men det var bedre å ta medisin
enn å sitte fast i angstens klør
og gå og henge seg i ei renneløkke
Så våknet jeg brått av harde bank
– Hvem der? Fem ganger på døren
Da jeg så hvem det var
kom klumpen i magen kjapt tilbake
og angsten ble sjåføren
Det rettes sterk kritikk mot fleire, som naboer og familie, men også barnevern og psykiatere får eder og galle sendt etter seg. Forfatter velger å henge ut personer i enkelte av diktene. Riktignok ikkje med fullt navn og det heile, men eg tipper at dei kjenner seg att rimelig fort. Kanskje fortjener dei det også for alt eg veit, men for ein utenforstående så vart det spesielt å lese om.
Mange av diktene er skrevet i affeksjon og sinne. Likevel velger forfatter å ha med desse dikta for å male eit ekte bilete av situasjonen. Dette er eit modig valg som eg, på tross av uthenging, synes er forfriskende. Eg må også få legge til at det også vanker ros til dei personene som ser ut til å fortjene det.
– Kom deg ut av senga!
Utdrag frå diktet «Rom 7001».
Der kan du ikke ligge.
Fødselen er for lengst over
Nå er dere trygge!
Psykiateren min gjør meg fortvilet,
får meg alltid til å grine
Hun er en fuckings bitch!
Et forbanna fittetryne
Innhaldet treff leseren. Ein kan formelig føle den innesperra sorgen, sinnet over å få verda mot seg når ting hoper seg opp, og at forfatter sit der og trykker hardt på kvar einaste tast medan ho skriv. Enkelte av diktene er skrevet som om ho forteljer på inn og utpust. Det er like genialt som det er effektfullt.
Det er også enkelte kvardagsdikt med, og som viser at ikkje alt er heilsvart, og at livet går sin gang utenfor byggets fire vegger. Her har forfatter glimt i auga medan ho skildrer enkelte situasjoner.
Innimellom kjem dikt og sanger skrevet av andre. Som f.eks Thorbjørn Egners «So ro lillemann». Dette kjem på eit naturleg sted i boka, og forsterker innhaldet i diktene rundt. Eit meget solid verkemiddel som treff med ein innertier.
«Svarte natta!» er ein sterk skildring av psykisk helse og kvinne helse. Med forteljande dikt og eit saftig språk, er det ein forfriskende diktsamling tross sitt mørke innhald. Dette er ei diktsamling som absolutt er verdt å sjekke ut.
TERNINGKAST: 5