Korset i Jericoacoara av Lars Alexander Larax

Kva skjedde med Agnes, og kvifor forsvant ho sporlaust? Vennene Karl og Otilie forsøker å finne sanninga i denne romanen.

  • Norsk tittel: Korset i Jericoacoara
  • Forfattar: Lars Alexander Larax
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 381
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Apirathos Forlag

Lars Alexander Larax gav ut debutromanen «Korset i Jericoacoara i 2022.

Korset i Jericoacoara er historien om vennene Karl og Otilie og deres søken etter svaret på mysteriet Agnes. Hva skjedde egentlig 17. mai? Hva lå bak dramaet? Hva foregikk i 1951? Humor og alvor. Småbyliv og eventyr. Spenning og god stemning.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Korset i Jericoacoara».

Dette er ein roman som er ispedd dråper av krimelement. Boka er ikkje utgitt, men er aktuell i 2022.

Agnes er plutselig vekke ein dag. Ingen har sett henne, og bankkort og pass ligger igjen i heimen. Ektemannen David melder ho sakna, og politiet vert kopla inn. Men dei finn ingen spor etter ho. Karl og Otilie gjer eit forsøk på å finne ut kva som har skjedd med deres felles venn. For å prøve å forstå, byrjar dei å grave i fortida til Agnes. Dette fører dei til forskjellige plassar rundt om i verda, med eit felles mål; Kva skjedde med Agnes den skjebnesvangre 17. mai dagen?

Jeg-personen i boka er Karl Anton Frost. Han er journalist og kjem frå Svelvik. Etter kvart vert han permittert, og kan bruke store deler av tida si på Agnes. Sjølv om Karl på mange måter er han me fylgjer, er han likevel ikkje hovedpersonen. Han er ein person som ein ikkje kjem særleg under huda på. Alder, oppvekst og ein god bakgrunnsskildring er fraværende. Derimot får me heile livet til Agnes servert i fanget. Ein spanande livshistorie, med masse dramatikk, kjærleik og sakn. Eg synes forfattar har klart å skape ein realistisk karakter i Agnes. Eg trur på det han fortel, og eg ser Agnes for meg, der ho tripper rundt i Hellas i sine barne og ungdomsår.

Ein anna person som speler ein viktig rolle i boka, er Otilie Andersen. Ei eldre kvinne som er særs karismatisk. Ho veit det meste om dei fleste, fylgjer godt med, og er vel det me på godt norsk vil kalle ei sladrekjerring. Men Otilie meiner sjølv at ho er flink til å holde på hemmeligheter og viktig informasjon. Denne karakteren var eit av høydepunkta i boka for min del. Ho sprita opp den litt dunkle stemninga i boka med sitt nærvær. Alle dei herlege frasene som ho refererer frå den tida faren levde, byr på lett humring og smil.

«Ja, jeg har alltid rett, Karl. Alltid. Riktignok tok jeg feil en gang jeg skulle gjette antall erter i et syltetøyglass på en basar i Haugesund i 1960-årene, det skal sies. Jeg bodde jo der et år, vet du. Misjonen hadde julemarked, forstår du, og jeg mitt naut bommet grovt på antallet erter. Uff, så flaut det var!»

Når særskilt Karl og Otilie har ein dialog saman, så er dei høgt og lågt. Det sklir ut, og det som starta med ein diskusjon om søken etter Agnes, kan ende med noko heilt anna. Det var småmorsomt, og ein må berre riste oppgitt på hovudet. Så kan ein alltid spørre seg om det kan bli for masse av irrelevant informasjon med denne type dialoger, men eg føler at dette kler karakteren Otilie. Det er slik ho er, og som kjenneteikner ho som person.

Eg skulle gjerne sett at Otilie var meir med i handlinga. Karl er ein litt traust og kjedelig karakter, som ikkje gjer all verden ut av seg som person. Samtidig så kunne det kanskje blitt litt i overkant karismatisk, tatt saken og innholdet i betraktning. Ein hårfin balansegang der, men litt meir Otilie trur eg dei fleste hadde tålt.

Larax har krydra romanen med litt humor og ironiske betraktninger innimellom. Dette letter stemninga, og passer fint inn i historien. Han bruker også ein del samanlikningar, slik at eg som lesar kan danne meg eit bilete av person eller situasjon, utan at han treng å utbrodere i det vide og det brede. Eit virkemiddel som han treff blink med.

Sidemannen, en tynn, hengslete kar, var nemlig en person med et så lite tillitvekkende oppsyn at de neppe engang kunne brukt ham i Gudfaren. Ja, hvem var det egentlig han lignet på? Jeg kom ikke på det i farten, men kanskje var det en eller annen banditt fra The good, the bad and the ugly-filmen. Og noe kjent var det i alle fall. Jeg ga ham derfor like godt navnet Ivan den grusomme. Nokså fordomsfullt av meg, selvsagt, hvis det senere skulle vise seg at han var den lokale søndagsskolelæreren, men jeg tok sjansen.

Etterkvart som historien utspiller seg, byrjar navn og slektsskap å hope seg litt opp. Enkelte deler av boka må ein dermed vere konsentrert og holde tunga rett i munnen for å ikkje falle av. For viss ein fyrst faller av, vert det vanskelig å hente seg inn igjen når sluttdelen av boka kjem, for det er eit innfløkt og intrikat plott Larax varter opp med.

Dette er også ei geografisk reise med korrekte opplysninger. Jeg-personen er i Brasil, Noreg, Tjekkia og Hellas. Ein litt artig detalj er at fjellandsbyen Apirathos i Hellas er besøkt, som også er det foreløpige navnet på forlaget til forfatter. Tilfeldig? Neppe. Eg fekk ein følelse av at forfatter sjølv har vert på desse stedene, og at han skriv litt ut frå eigne opplevinger og inntrykk. Dette viser berre kor gode skildringer det er, enten han har vert der eller ikkje.

Da jeg åpnet den store jernporten, kom det til syne en flere meter lang passasje som skrådde nedover. På sidene var det høye, hvite murer, noe beplantning, og nederst kunne jeg se flere mindre gravminner. En mild bris feide med seg noen tørre bladet som la seg inn mot murveggen. Først da jeg kom helt ned, fikk jeg oversikt over kirkegården, der monumentene sto tett i tett.

Det vert ein del spanande scener etterkvart, der farer oppstår og der dei vert truga på livet. Karl reiser rundt å forsøker å få folk til å snakke, spaner litt rundt enkelte bygninger, og tar seg inn utan lov. Dette skaper ein litt guffen stemning i boka, og er ein god motvekt til sand, sol og trivelige dialoger. Så ein del krimelement er det, utan at det er hovedvekta av historien.

Det vert dramatikk, humor, nye bekjentskaper og venskap som blomstrer, ein god dose detektivarbeid, og ein interessant reise innom fleire land, og ikkje minst ei reise i livet til Agnes. Historia er godt komponert, der ein får den servert lag på lag. Ein vert aldri overlessa med informasjon, og klarar ein i tillegg å vera konsentrert og halda tunga rett i munnen i forhold til slektskap og navn, er dette ei bok du vil få stor glede av. Med sine 93 kapitler, er det ei lettlest bok, der det er språkmessig høg standard og gode dialoger. Forfattar har med mange forskjellige karakterer, og klarer å spille på dette gjennom dialogene. I tillegg har Larax gjort ein god jobb med å skildre væremåten til karakterene.

«Korset i Jericoacoara» er ein roman som handlar om godt venskap, familie, tilhørighet og om å aldri gi opp. Boka er spanande, morosam og innehar eit intrikat plott. Den overrasker med sitt solide innhald. Anbefales. (Boka er enda ikkje utgitt, men er aktuell i 2022)

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s