Voksendommen av Bente Egenberg

Forfattar tar oss med inn på terapirommet gjennom samtaler med tretten personer.

  • Norsk tittel: VoksendommenFortellinger fra terapirommet
  • Forfattar: Bente Egenberg
  • Sjanger: Dokumentar, Fakta
  • Antall sider: 496
  • Utgivelsesår: 2019
  • Utgiver: Rosenhage Forlag

Bente Egenberg (Født 1948) vart utdanna som psykolog ved Universitetet i Oslo i 1980. Sidan har ho vert i kontinuerlig praksis. Idag arbeidar ho som sjølvstendig psykologspesialist. Ho er óg utdanna lærer, og har ein mastergrad i kunsthistorie. I 2019 kom ho ut med dokumentarboka «Voksendommen – fortellinger fra terapirommet».

Mye er skrevet om aldersfasene barndom, ungdom og alderdom. Men voksendommen – den aller lengste livsperioden – omtales ikke på samme måte. Bente Egenberg ønsker å bidra til endring. Hva vil det si å være voksen? Hvilke utfordringer og positive muligheter karakteriserer voksendommen? Hvordan kan samtaleterapi hjelpe når vanskelige problemer oppstår? Tyngdepunktet i boken utgjøres av tretten dialoger mellom en voksen som søker hjelp og en terapeut.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Voksendommen».

Denne boka kjem i utgangspunktet under dokumentar/fakta-sjangeren, men den kjem nok også under helse og livsstil, som ei selvhjelpsbok.

Fyrste del av boka består blant av korleis det er å vere voksen, og at utfordringer i voksenlivet kan overgå den psykiske kapasiteten til den som søker hjelp. Mange er flinke til å skjule for omgivnadane at dei slit, men det løyser på ingen måte problemet av den grunn. Ho skriv også om det å vere terapeut. Videre skriv ho bakgrunnen for desse tretten samtalene som det handler om i boka. Dette er ikkje ekte samtaler som er gjengitt, då personvern og taushetsplikt sjølvsagt spiller inn. Samtalene føles likevel heilt ekte, og ein er som ein flue på veggen på terapirommet. Fortellingene er basert på forfatters samlende erfaring som terapeut, og med over 30 000 samtaler gjennom sin yrkeskarriere, har ho nok stoff å ta av.

En forutsetning for en god utvikling i eit terapeutisk arbeide er en kombinasjon av både å lytte, støtte, konfrontere og forklare. Det er ikke helt ulikt vanlig oppdragelse.

Av dei som søker hjelp, er spennvidden i alder og økonomisk status stor, og kan ramme alle, uavhengig av yrke, alder og status, noko som vises igjen gjennom dei tretten samtalene. Samtalene starter med den yngste personen, som er 22 år, og avsluttes med den eldste som er 69 år. Dermed fylgjer heile registeret av voksendommen. Så uansett i kva stadie du er i vaksenlivet ditt, så er det representert gjennom desse samtalene.

Kvar samtale er innom tre forskjellige temaer. Det er alt frå livssyn, ærlighet, bekymring, angst, kropp, identitet, og til livskunnskap. Totalt er det rundt 40 forskjellige temaer som vert tatt opp gjennom samtaler mellom terapeuten Bente Egenberg og pasienten/klienten. Det er med andre ord vidt forskjellige temaer og eit omfangsrikt spekter. Noko som gjer at ein med stor sannsynlighet vil finne noko som ein sjølv kanskje slit litt med, eller har tankar rundt.

Mange av oss visualiserer det vi frykter, snarere enn hva vi ønsker. Vi lager fantasier om at vi oppfører oss dumt, stryker til eksamen, er klønete overfor en potensiell kjæreste. Og dessverre, jo mer vi visualiserer negative utviklingstrekk, jo større fare er det for at tenkningen festner seg og at vi i den kommende situasjonen oppfører oss deretter.

Kvart kapittel startar med at me får vite litt om personen som søkjer hjelp, og kvart kapittel avsluttes med ei oppsummering. Samtalene er skrevet i kursiv, det er gode overskrifter og luftige avsnitt, slik at boka føles lettlest. Eg var litt redd for at forfattar skulle bruke mange tunge begrep, men her har Egenberg vert dyktig til å skrive det forståelig for den vanlege personen i gata.

Som lesar får eg eit veldig godt innblikk i arbeidet til ein psykolog og terapeut. Det er fascinerende å lese om dei gode og reflekterte spørsmåla terapeuten stiller, som gjer at pasienten/klienten kan motseie seg sjølv i sitt eiga svar, og på den måten fremprovosere terapeutens tanker, utan at ho seier dei. For ein terapeut tar ingen standpunkt eller stiller førende spørsmål. Likevel viser denne boka korleis ein terapeut klarer å endre tankemønsteret til ein person på ein lettfatteleg og god måte.

Det eineste som er nøyaktig sitert i sin heilhet i boka er ein drøm ein pasient hadde. Dette er noko personen sjølv har godkjent til bruk i boka, og det er veldig interessant å sjå korleis ein deler opp draumen, og analyserer den. Ein draum som i utgangspunktet er særs usannsynlig, kan likevel ha rot i virkeligheten.

Nokre samtaler er meir spennende og interessante enn andre. Dei som ikkje var så interessante for min del, vart fort langdryge og litt kjedelige. Men eg skjønar at forfattar må gå djupt inn i materien for at leser skal få utbytte av boka, og samtidig skjøna bodskapet bak temaene. I innhaldslista er det ført opp kvart kapittel, og kva tema som er berørt. Så ein treng ikkje lese boka frå a til å for å få eit godt utbytte av boka.

Ein legg fort merke til at det som plager dei fleste pasientene, har oppstått på grunn av ting som har skjedd tidlegare i livet. Det er ikkje alltid ein treng å snu kvardagen på hovudet for å komme på rett kjøl igjen. Ofte er det nok å gå til ein person som har som oppgåve at ting ikkje skal bli verre, for så å starte arbeidet saman med pasienten/klienten for at vedkommende skal få det betre på sikt. Det skal nevnes at forfattar ikkje har tatt med dei mest krevende problemstillingene i boka.

Målet med en terapi er at pasientens liv utenfor terapirommet skal gjennomgå en forandring til det bedre. Dette kan innebære hardt arbeid sammen med en terapeut i en kortere eller lengre periode.

Gjennom desse tretten samtalene viser forfattar Bente Egenberg korleis livet kan utarte seg på ulike nivåer i voksendommen. Kvart av temaene som er nevnt i boka inneheld problemstilling og plan for løsning saman med pasienten. Forfattar har gode refleksjoner og god formidlingsevne boka gjennom.

I den siste delen av boka skriv Egenberg om korleis Munch og «Livsfrisen» har vert ein stor inspirasjon for ho. Det er óg ein samtale mellom ein ung og ein vaksen, der den unge treng nokre gode råd i bagasjen før h•n flyttar ut.

«Voksendommen» er ein veldig god idé. Livet er ikkje alltid ein dans på roser, men likevel er det ikkje alltid så masse som skal til for å snu noke negativt om til positivitet. Gjennom denne boka får ein mange gode råd og tips til selvhjelp gjennom samtalene. Dette er ei bok som kan fylgje deg gjennom heile vaksenlivet, og som kan vere til god hjelp i ulike stadier i livet.

TERNINGKAST: 4+

En kommentar om “Voksendommen av Bente Egenberg

  1. Bente Egenberg 22/09/2021 kl. 18:39

    Takk for anmeldelsen, Kjell Magne. Den er grundig, med både ros og ris. Jeg tar med meg begge deler videre! Vennlig hilsen Bente Egenberg

    Liker

Legg igjen en kommentar